Dei nye modellane har fått litt anna design og ny farge, men det er relativt lett å kjenne dei igjen mot dei gamle Pieps-modellane. Recon tilsvarar då Pieps sport og Guide tilsvarar Pieps DSP Pro.

Designet er litt firkanta, med avrunda hjørne. Sendar/mottakaren vert operert med skyvefunksjon på sida og med ei fjørbelasta låsemekanisme når den står i send innstillinga. Under skjermen ligg knapp for «flagg» og ein «scann» knapp. Scann funksjonen er unik for denne modellen og svært bra. BT står for Bluetooth og sendar/mottakaren kan settast opp og styrast gjennom eigen app på smarttelefon. Der Barryvox S har satsa på informasjon gjennom skjermen, kan det verke som Black Diamond satsar på brukarrettleiing, innstilling og informasjon gjennom app på smarttelefonen. Brukarmanualen er svært kortfatta og du bør laste ned full manual på nett, samt installere Pieps-app. Guide har også TX600-modus – ein minisendar som sender på ein annan frekvens enn dei vanlege sendar/mottakarane. Fordelen er at du til dømes kan sette ein TX600 minisendar på ein redningshund. Sidan den ikkje sender på same frekvens vil ikkje sendaren på hunden forstyrre det vanlege søket. Skulle det gå eit etterskred har du moglegheit til å søke etter hunden på denne andre frekvensen.