Låsefunksjonen på hjulet er litt lite når du skal opere den med hanskar. Når du slår den på eller skiftar modus kvitterer den med digitale lydar som minner mest om lydsporet til Star Wars. Tracker 3 har vore på marknaden no ei stund og det har vore nokre software-oppdateringar på modellen. Dette kunne ein gjere sjølv på ei datamaskin med internettilgang og via kabel. Men til denne sesongen har BCA fjerna sida med software-oppdateringar for Tracker 3.