«Flag»-knappen er lett synleg framme på sendar/mottakaren. Det er ein integrert knapp på sjølve skyveknappen som låser på send og som må holdast inne når du skyv til mottak eller av. Den er grei å bruke, sjølv med hanskar på. For å slå av må ein skyve knappen i av-posisjon, og bekrefte med å trykke «flag»-knappen.

Det er uvanleg er at den brukar berre eitt AA-batteri. Det gjer den lettare og litt meir kompakt. Men du må nok rekne med å skifte batteri oftare, utan at det treng å bli meir kostbart, sidan du skiftar eitt batteri i gangen i staden for tre som er vanlegare. Arvo Evo 5 blir levert med midjebelte og er i ein storleik som er fin å ha i ei lomme. Eit godt råd er å lese avsnittet om fare for forbrukarfeil om ein vel denne måten å bære den på.