Axio har ein av/på-knapp på eine sida. Flag-knappen under skjermen er også ei «joystick» som du kan bla opp/ned og sidevegs i menyar eller mellom symbol på ulike skredtatte. Det er fleire menyval som du kan velje mellom for å få eit oppsett som passar best til din bruk. Den har også 3,5mm jack uttak til hovudtelefonar for å hjelpe i eit analogt lyd søk.

Axio er god å opere med hanskar sidan det er lett å vippe ned antenna for å veksle mellom mottak og send, og «flag»-knappen stikk litt opp og er grei å kjenne og handtere.