Eg held meg fast i den tynne trappa, ser ned på det kalde, mørke vatnet og lurer på kva i alle dagar eg har ute i dette iskalde vatnet å gjera?

Eg veit det vert vondt og grusomt kaldt! I det tærne kjem ned i vatnet må eg skru på stålviljen for å ikkje høyra på fornufta.