Jølster tilhøyrer indre Sunnfjord, ikkje langt frå Førde.
Naturen her er prega av mjuke og snille fjell, grønne enger og sjølve juvelen – Jølstravatnet.
Vi har samla turforslag til deg som vil oppleve naturen og fjella rundt Jølster med fjellsko.
MIDDAGSFJELLET i Jølster

Ved gardane øvst i Gjesdalen på sørsida av Jølstravatnet går det bomveg til Trinta, parkeringsplass ved enden av vegen.Her står det skilt merka Middagsfjellet (1173 moh.).
Følg stien som går skrått mot nord opp lia, og deretter langs fjellryggen austover til toppen.
Start: Parkeringsplass på Trinta i Gjesdalen
Tid: 3-4 timar t/r
Middels
LUNDESKARET

Turen opp Lundeskaret seiast å vere Noregs brattaste DNT-sti. Den startar ved opninga til Fjærlandstunnelen og slynger seg vidare opp skaret.
Sherpaer frå Nepal har sikra stien med trappetrinn og vaier på dei mest utsette partia.
Start: Opning Fjærlandstunnelen
Tid: 2-3 timar t/r
Krevjande
BJØRNDALEN RUNDT
(Sanddalen – Bjørndalsstøylen – Flateeggane – Styggevassegga – Isvassnipa (1436 moh) – Brandsegga – Høgenuken – Sandalen)

Parker bilen ved grustak i Indre Sandal, om lag 1 km vest for Astruptunet på sørsida av Jølstravatnet.
Gå vegen opp til kraftstasjonen, fortset på merka sti gjennom skogen og vidare skogsvegen opp til demninga. Herifrå går det merka sti til Bjørndalsstøylen.
Fortsett deretter litt forbi støylen og opp til Flateeggane og følg ryggen rundt til du kjem til Høgenuken. Her vender du ned igjen i Bjørndalen og vidare til grustaket i Sanddalen.
Start: Grustak Indre Sandal
Tid: 6-7 timar
Krevjande
ORKJA

Turen til Orkja (948 moh.) startar på skogsveg i Dvergdalsdalen på sørsida av Jølstravatnet, og går vidare på sti gjennom skogen og deretter opp vestsida av fjellet.
Topplatået er dekka av mose og nokre små vatn, svært idyllisk ein fin sommardag! Sjølve toppunktet er på austsida av fjellet.
Start: Skogsveg i Dvergsdalsdalen
Tid: 3-4 timar t/r
Middels
BOLSETNIPA

Følg bomveg frå Skei og opp i Fossheimsdalen.
Ved demninga kan du parkere om du køyrer bil. Her går det godt merka sti til toppen av Bolsetnipa (1214 moh.)
Start: Demning i Fossheimsdalen
Tid: 3-4 timar t/r
Middels
BJØRSETFJELLET

Turen til Bjørsetfjellet ( (1003 moh.) startar på toppen av hyttefeltet i Hegrenesåsen på Ålhus. Herifrå følgjer du merka sti til Bjørsetstøylen og vidare til toppen av fjellet.
Terrenget er tidvis bratt før du kjem over skoggrensa, men utsikta til Jølstravatnet desto meir spektakulær. Du kan også gå til Bjørsetfjellet frå Årdal, på austsida av fjellet.
Start: Toppen av Hegrenesåsen på Ålhus
Tid: 3-4 timar t/r
Middels
TINDEFJELLET, Jølster

Det går to hovudstiar opp til Tindefjellet (1083 moh.), ein frå Årset på Vassenden og ein frå Berg i Svidalen på nordsida av Jølstravatnet.
Begge er i god stand og leier deg trygt til toppen.
Start: Årset på Vassenden/ Svidalen
Tid: 3-4 timar t/r
Middels