Stemning i Italia!

Malene Blikken Haukøy holder tempoet oppe, her er ny rapport fra randonee-sirkuset.

Sist oppdatert: 6. mars 2015 kl 10.32
Me unna oss ein behageleg skidag i solsteiken etter ei hard veker med konkurransar under VM. Her på 3000 moh, på Mont Gelè saman med Sondre Svensli.
Me unna oss ein behageleg skidag i solsteiken etter ei hard veker med konkurransar under VM. Her på 3000 moh, på Mont Gelè saman med Sondre Svensli.

MALENE B. HAUKØY

Skjermbilde 2015-01-12 kl. 21.05.00

Malene (23) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009). Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Det var inga grunn til å pakke ut av baggen vel heime i Noreg igjen. To veker går fort, spesielt når ein skal gå to norgescupkonkurransar i Todalen, samt ein vertikalkonkurranse opp Gullfjellet i Bergen. Etter nok ein kort svipptur innom Sogn etter VM i Verbier sette eg meg på ny på Widerøs fly frå Haukåsen, turen gjekk nå til Italia og Val Martello og neste siste WC.

LES OGSÅ: Ta randoutfordringen

På programmet stod det individuell- og sprintkonkurranse. Eg og Lars Erik fekk dessverre ikkje med oss nokre fleire, og som dei engasjerte sjelene me er reiste me aleine. Me måtte klare oss sjølve, noko me er vande med, og me klarar oss overraskande godt utan noko støtteapparat. Me fant vegen til hotellet, kom oss opp om morgonen, og fekk med oss det me trengte til start. I tillegg var det spanske støtteapparatet hjelpsame og tilbaud oss forsyningar undervegs i løpet.

To veker i Noreg ved strandkanten gjorde tydlegvis ikkje underverker, og me kjente godt til høgda ved start før den individuelle konkurransen på 2100 moh. Ved startstreken kjente både eg og Lars Erik at me ikkje hadde noko rå dag, og at det kom til å bli ein tøff dag til fjells. Som dei fleste andre heiv me desperat etter pusten i dei brutale bakkane, men denne dagen kjentes det ut som dei andre i feltet tok det som var av oksygen i området frå oss. Siste vendepunkt var på nærmare 3000 meter, som var 2000 meter høgare enn me hadde opphaldt oss på under trening heime i Noreg.

Skjermbilde 2015-03-03 kl. 15.29.23
Skjermbilde 2015-03-03 kl. 15.29.23

Meg på veg opp dei siste 500 høgdemetera av den individuelle konkurransen. 150 høgdemeter med ski på sekk gir beina litt ekstra utfordringar heilt på tampen av løpet. Foto: ISMF

Nervane var definitiv til stade dagen der på under sprintkonkurransen. Personleg hadde eg nok ein del forventningar før sprintkonkurransen noko som sette ein stopper for frukosten min den dagen. Til tross for at eg følte meg som ein nervevrak ved start gjekk det heile bra! Finaleheatet enda med 4. plass bak svenske Emelie Forsberg. Det er min beste prestasjon på seniornivå, noko eg er godt nøgd med!

Skjermbilde 2015-03-03 kl. 15.37.57
Skjermbilde 2015-03-03 kl. 15.37.57

Fleirkulturelt startfelt i finalen. Stas med to skandinaviske namn med i finalen. Foto: ISMF

Skjermbilde 2015-03-03 kl. 15.30.25
Skjermbilde 2015-03-03 kl. 15.30.25

Som vanleg fransk på toppen. Forhåpentlegvis spelar dei den norske nasjonalsongen ved neste anledning. Foto: ISMF

På herresida fekk eg sjå ein ny side av vossatrollet Lars Erik Skjervheim. 8. plass i sprint på herresida er beste norske plassering nokonsinne, og personleg beste plassering for Lars Erik. Lars Erik påstår at han bare trenar mot dei lange konkurransane, noko det er verdt å stille seg kritisk til. Han viste denne dagen at han har potensial i sprint, med sine kraftfulle legger og spenstige lår.

Skjermbilde 2015-03-03 kl. 15.34.19
Skjermbilde 2015-03-03 kl. 15.34.19

Det er ingen tvil om at Skjervheimen sparkar godt ifrå seg!

LES OGSÅ: Norges beste randoneeløper

Eg vil tru Lars Erik reiser heim til Noreg med eit smil om munnen og rikelig med motivasjon, medan eg tar turen til Chamonix saman med Emelie Forsberg og Kilian Jornet for å lade opp til vinterens store manndomsprøve, Pierra Menta: 10 000 høgdemeter på 4 dagar. Det er ein lagkonkurranse i dei franske alpane som eg skal gjennomføre saman med kanadiske Melanie Bernier. Det blir nok årets beste og tyngste eventyr for min del!

 

pierra-menta-jocelyn_chavy_
pierra-menta-jocelyn_chavy_

Det ser ut til at det kan bli god stemning og folksamt under årets Pierra Menta. Dette er 30. året konkurransen blir arrangert. Biletet her tatt frå ein av mange toppar vi skal bestige.  

LES OGSÅ: Håpet fra Høyanger

LES OGSÅ: Tapas på bålet

Publisert 5. mars 2015 kl 10.13
Sist oppdatert 6. mars 2015 kl 10.32
annonse

Relaterte artikler

Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

annonse
UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen