Det var stilt store forventningar til Kilian Jornet Burgada frå Catalonia i Spania før debuten i Skåla opp laurdag. Men 27-åringen som er rekna som verdas beste ultraløpar, hamna over ni minutt bak vinnaren frå Colorado. Kilian lovar at han skal kome tilbake skadefri og gjere det betre. Løparen som har reist verda rundt og knust rekordar i dei lengste og hardaste fjelløpa, fortel til UTE at han ikkje pressa seg då han merka han fekk problem med leggen.

– Men eg er nøgd likevel. Det er eit fantastisk flott løp, og vêret er fint. Eg kosar meg.

LES OGSÅ: Nå skal det løpes

LES OGSÅ: Motbakkefarsotten

Rekordforsøk på Mount Everest

– Går du for Skåla-rekorden neste gong du kjem?

– Nei, rekorden bryr eg meg ikkje om, seier han. Kilian har prioritert klatretrening den siste tida, for å få variasjon i dei enorme treningsmengdene han legg ned. Det har også samanheng med at han i 2016 planlegg eit rekordforsøk på Mount Everest. Målet er å slå tidsrekorden opp ei av rutene til verdas høgaste fjell.

Kvinneklassa vart vunnen av Antonella Confortola Wyatt frå Italia med 1.23,19, også det eit stykke bak rekorden på 1.20,06 sett av Anita Håkenstad Evertsen.

Skåla opp er motbakkeløpet med klart sterkast startfelt i Noreg.

LES OGSÅ: Lyngsalpenes superstjerne

LES OGSÅ: 10 flotte fjelløp

BESTE KVINNE: Antonella Confortola Wyatt. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Motvind skapte trøbbel

Joseph Gray var i perlehumør på toppen etter sin første Skåla-siger. Han har vore med før, med ein fjerdeplass som beste resultat. Han var nemnt som ein av favorittane på førehand.

Gray kom i mål på tida 1.09,01 etter 1819 høgdemeter i det som blir marknadsført som Nord-Europas tøffaste fjelløp. Tida var knapt to minutt bak rekorden til Ahmet Arslan frå Tyrkia. Det var sterk motvind i store delar av traseen.

– Vinden var lik for alle, han var ikkje noko problem. Men han var eit problem om ein ville setje rekord, fastslår Gray.

LES OGSÅ: Se alle våre testvinnere

LES OGSÅ: Brødrene Wegges nye programserie

VANN SKÅLA OPP 2015: Joseph Gray var sterkast av dei sterke og vann Skåla Opp i Loen laurdag. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Arrangøren rapporterer om 962 registrerte deltakarar i trimklassen, 752 i konkurranseklassen og tre i BMI-klassen. Med totalt 1717 registerte, var det nok rundt 2000 menneske på Skåla i Loen laurdag.

KLOUMANN-TÅRNET: Det er 22 sengeplassar i turisthytta på toppen av Skåla. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

FØRSTE GANG: Søstrene Maren og Mathilde Schjøtt frå Bergen var på Skåla for første gong. – Beste fjellturen vi har gått, var omkvedet. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

SJELDAN BLOMST: Issoleie er sjeldan å finne, men det vekst mykje av denne planten på Skåla. I år var det ekstra store førekomstar. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

FINT VÊR: Utover dagen forsvann den kalde vinden, det skein opp og vart fint, til skilnad frå i fjor då det snøa på toppen. Foto: Jørn-Arne Tomasgard