MALENE BLIKKEN HAUKØY

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste fjelløpere og randonnee-utøver. Hun bor og trener i Sogndal.

Eg nyt freden denne onsdagen. Nytrakta kaffi, nokre freistande eple ligg klare etter ein tidlegare slang og med p3-morgon tett på øyret har eg funnet roen for no. Dette er ein av fleire nesten frie treningsdagar denne veka. Med nesten meiner eg at eg truleg kjem til å trille meg ein tur på treningssenteret å finpusse bicepsen litt utover dagen.

Det går til tider fredeleg for seg sjølv til fjells, og mykje tid til å nyte! Foto: Mikkel Frodahl

Dersom eg hadde villa kunne eg trava verda rundt å sprunge løp kvar helg denne sommaren. Det har dei siste åra dukka opp svært mange interessante fjelløp. Til tross for eit hav av moglegheiter var planen min denne sommaren/hausten å nøye seg med fire lange, men kule løp. Grunnen er såpass enkel at eg trur det er meir enn nok for min to bein.

To løp er overståtte, Madeira Skyrace og Trofeo Kima i Italia. Madeira ligg vagt i minnet frå tidlegare i sommar som ei perle av dei sjeldne, medan Kima er framleis å kjenne i beina og lungene. Korte 3 veker skil min førre konkurranse i Val Masino i Italia og det kommande løpet i Skottland, Glen Coe Skyline. Tida mellom er heilag og må nyttas godt. Det er ein hårfin balansegang mellom å få nok kvile og overskot desse vekene, samt få unnagjort den treninga som skal til få å verte kanskje litt betre til neste løp. 

Madeira Skyrace tidleg denne sommaren er kanskje berre eit vagt minne, men det er eit særs godt eit. Foto: Phillip Reiter

Me var mange til start i Val Masino, eit løp som berre går anna kvart år grunna krevjande å arrangere. I bakgrunnen ser me fjella me sprang i. Foto: Ian Corless

Trofeo Kima var i min auge "kreme de la kreme" innafor fjelløp eller Skyrace. Bileter, film og rykte hausa opp forventningane før start. Eg vart lova endelaust med steinur, enkle klatreparti og svært tekniske nedfartar. Det høyrtest både artige og skremmande ut, men best av alt verka det som eit løp som skulle passe meg bra.

Kvelden før start var eg særs usikker på om eg i det heile ville starte. Eg vakna med sår hals og tendensar til feber, generelt pjusk. Heldigvis følte eg med ok nok til å feste startnummeret dagen der på, og kom meg gjennom løypa med ein dårleg følelse prestasjonsmessig, men fascinert og bergtatt av det som møtte meg undervegs.

Etter at eg let meg inspirere av fjellets ulitmate dronning, Emelie Forsberg og slengde meg med på fjelløp, har eg delteke på mykje kule løp. Tromsø Skyrace, Stranda Fjord Trail Race, Hornindal Rundt, Trollheimen Fjellmaraton, Glen Coe Skyline for å nemne nokre. Eg har funnet mine favorittar, men etter Kima har eg ein ny favoritt som tronar på topp. For eit løp! Det er klart at det er eit løp som appellerer til meg med sine særs tekniske element og den lange distansen, men det var så utruleg fint. På ein god dag trur eg at eg verkeleg kunne funnet godfølelsen. Eg enda på 8.plass, og alt i alt er det ikkje så verst. Damene framfor meg har ikkje lege på latsida denne sommaren.

Trofeo Kima baud på ein storslått naturoppleving ved sidan av å konkurrere. Foto: Ian Corless

Dagen etter Trofeo Kima var eg framleis «stoka» men også tett i toppen som aldri før. Det vart ein lang reisedag heim til Sogndal, og kroppen brukte mykje energi på å hente seg inn den fyrste veka etter løpet. Eg fekk vel som fortent når eg jaga den pjuske kroppen ut i fjellet i 9 timar.

Veka etter eit slik slit er alltid roleg med eller utan sjukdom i kroppen. Etter mitt fyrste langløp, Hornindal rundt var eg sleten og tung i kroppen 2-3 veker etter konkurransen. Med åra og fleire løp i kroppen merkar eg at beina raskare kjem til hektene. Etter ei veke med mykje kvile, lette treningsøkter og god mat byrja eg å føle meg fin igjen. Det er ein fantastiske følelse å vere gjennomgåande sleten. Ta livet piano, sove lenge, rett og slett nyte å gjere lite.  

I periodar kor eg tek det med ro prøver eg å besøke plassar eg likar godt, nyte følelsen av å vere heldig og at livet er behagelig. Her frå Molden saman med dei to som står meg nærmast. 

Etter «rehab» veka kom kvardagen brått tilbake. 2 veker til neste løp. 3 veker mellom slaga er for meg akkurat nok til å komme til hektene igjen. Ei heilt roleg veke, etterfølgde av ei veke med nokre solide hardøkter før overskots veka. Det vert med andre ord ikkje mykje trening i konkurranseperiodar som dette. Da er det desto viktigare at ein har fått timane i banken før desse tøffare slaga kjem.

Det aller meste eg gjer av trening skjer ute i det fri. Om det er hardøkter eller langturar set eg pris på tekniske stiar og nye toppar. Her frå eit lite eventyr i Aurland, Skulenosi. 

Glen Coe Skyline begynner å føles som ein tradisjon for meg. Dette vert 3. året eg stiller til start. Det er ikkje utan grunn at eg vel å krysse Nordsjøen og utsette meg for slitet fjella i Skottland byr på. Fjella og naturen minnar om Noreg, været like så. Dersom ein ser meir enn 100 meter framfor seg bør ein vere nøgd. Før start må ein skrive under på erklæring om at eg gjer dette på eige ansvar. «Personlege feil kan føre til død» står det klart og tydeleg. Eg har nok ikkje opplevd noko nær døden-oppleving i Skottland, men løypa er såpass eksponert at ein bør halde tunga beint i munnen. Det som ventar meg i Kinlocheven i Skottland om fire dagar er truleg våte stiar og sleipe steinar, bratte motbakkar, parti med klyving, tekniske og brutale nedoverbakkar og ein utruleg artig rygg som ber oss senke farta og fokusere. Eg trur dette skal bli fantastisk artig, og håpar på ein betre følelse enn for tre veker sidan i Italia.

Eg ser fram til å springe/gå rundt i dei skotske fjella om få dagar. Her frå andre motbakke under Glen Coe i fjor. Foto: Ian Corless

Dei siste vekene har kort oppsummert vore rolege. Og slik bør det vere. Eg har trena mellom 7-15 timar kvar veke. I kombinasjon med mengdetrening framfor TV-en og 8 timar + i senga håpar eg at kroppen no er rusta for ruskevær og tøffe tak i Skottland.

Tidsfordrivet på fri/rolege dagar som denne ver nok mat ved sidan av å kjempe med teknologien for å få ut dette blogginnlegget. Teknologi er ikkje for alle, og delar av meg hadde nok passa beste 100 år tilbake i tid utan mobil, mail og apple-TV. Det kjem likevel noko godt ut av den firkanta boksen midt i stua. Utan den ville eg truleg ikkje funnet roen denne dagen, med andre ord ein god kamerat for å sanke krefter og overskot.