Eg og søster mi er på sommarferie heime på Sæbø. Skodda heng tungt nedover fjellsidene og syg livskrafta ut av heile bygder, det er heilt umogeleg å planlegge noko som helst. Men så lettar skodda, det er mogleg å dra på tur. Vi pakkar sekkane, og etter eit stopp på bakeriet på Sæbø og ein liten ferjetur kan eventyret byrje.

LES OGSÅ: Geithornet rundt

Strikkejakke frå mor. Sjølv lyse sommernetter kan vere kalde. 

 

Heimelaga jordbærsyltetøy, 2017-årgang. Gramjegeren vil kanskje vurdere plastboks i staden for glas. 

 

Bomullsjakke. Når du er trygg på vermeldinga. Mykje meir behageleg enn ei skalljakke, og betre for naturen. 

 

Sovepose av eitt eller anna slag. I dette tilfellet er den klassiske kompakte 3-sesongsposen frå Ajungilak meir enn varm nok.

 

Tresleiv. Turkjøkkenet sitt multi-tool. Denne er heimelaga og har fast plass i sekken. 

 

Liten gassbrennar. Genialt og lett. Berre hugs fyrstikker, for den liksom-geniale sjølvtenningsmekanismen verkar sjeldan. 

 

Tre telys. Til å lyse opp det raude Hillebergteltet når du skal ta bilete av det om kvelden. 

 

Raudt Hilleberg-telt. Til å ta bilete av om kvelden, opplyst av tre telys. Og til å sove i. 

 

Turbolle i tre. Middagen held seg varm lenger og du sparer naturen for eit plastprodukt. Når bollen til slutt har enda livsløpet kan du fyre med den. Denne har eg laga sjølv.

 

Oppblåsbart liggeunderlag. Sikrar nattesøvnen på litt humpete underlag. Men ein kjem langt med eit vanleg også.