Beef Jerky er ferdig etter ein halv dag med tørking, så dette er ekspress-speking, samanlikna med tørking av anna mat.
Les også
Få en god start med å tørke din egen turmat. Her får du fem gode oppskrifter som kan være enkelt å komme i gang med for deg som vil prøve å tørke turmat.
Ingredienser
Her kan du variera med saus og krydder, alt etter korleis du likar det. Nokon likar det med teriayki-saus eller sterk chilisaus.
Bruk kjøt med lite feitt, for feittet tørkar ikkje like godt og gjer at haldbarheita vert dårleg.
Det kan vera lettare å skjera kjøtet i tynne strimlar om kjøtet fortsatt er litt frose.
Bland dei ferdigskorne kjøtbitane med marianden og set alt i kjøleskapet over natta.
Legg dei fint og flatt ut på eit bakepapir og tørk dei i steikeomnen, eller i ein dehydrator på 50 grader.
Avhengig av kor store bitane er treng dei 6-10 timar å å verta tørre. Dei skal vera mjuke men kjennast tørre ut, det er målet.
Mine bitar vart nokså sprø etter ei stund i ein boks, men det var også godt.
Kjøtet held seg lenge om du oppbevarar det kaldt og tørt.
Nyt saman med god drikke, som energi-påfyll i kneika eller i lavvoen, eller som ein fin forrett medan du ventar på middagen.
Les også
Mat smaker ofte enda bedre ute, men hva skal du finne på – og hva har du plass til å ta med? Få tips og oppskrifter til både turfrokost, lunsj, turmiddager og desserter.