Kallar vi det skredsøkar eller sendar/mottakar? Det er to namn som blir brukt om kvarandre i våre dagar. Skredsøkar er i ferd med å bli det namnet som er mest nytta i marknadsføring og som har fått eit overtak på det litt meir trauste sendar/mottakar-namnet.

Men skredsøkar er dessverre misvisande. Namnet fortel at du søker etter skred, noko som den ikkje kan gjere, og som heller ikkje er interessant for deg som ski- eller brettkøyrar. Du vil anten finne skikompisen din ved eit skred, eller ønske å bli funnen så raskt som råd om det er du som ligg under snøen. Kompisreddar kunne i så fall vere eit mykje betre omgrep enn skredsøkar.