FOTTUR

Rute: Hellesøstranda – Obrestad havn – Bruasand stasjon

Distanse 46 kilometer 

Tid: To dagar

Jærkysten fra Tungenes i nord til Ogna i sør er over 100 km å gå, og består av lange sandstrender, rullestein og svaberg.  Jæren friluftsråd (JF) har tilrettelagt ca. 2,5 mil av desse for turgåing og naturopplevingar. Store delar av kyststrekningen frå Tungenes i nord til Eigersund grense inngår i Jærstrendenes landskapsvernområde. Tilreisande oppmodast i størst mulig grad til å bruke sjølve strandflata og ikkje sanddynene.

To dagar med havet som nabo, venn og samtalepartner. Ein kan ikkje innleie ein slik tur betre enn ved å bruka den jærske forfattaren Arne Garborg sine opningsord i romanen Fred:

«Utanfor i vest, bryt havet på mot ei sju mil lang låg sandstrond. Det er sjølve havet. Nordhavet breidt og fritt, ukløyvt og ubøygt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig rulling veltande inn or dei vestlege himlar, drive av storstormane frå nordisen og kanalen, køyrande sine fakskvite brimhestar fram or havskodda, så skumstavlen står, durande sin djupe, evige orgeltone frå dei ytste avgrunnar».

Akkurat dette er det som møter meg på slutten av desember 2017.

Frå parkeringsplassen ved Hellestøstranda i Sola kommune til perrongen på Brusand togstasjon er det 46 kilometer. Dersom du måler langs mine fotefar. Eg har gått her før. Sumarsdag. Begge vegar. Nordover og sørover. Og folk har fortalt meg at lyset langs jærstrendene er flottast om vinteren. På tide å finna ut om det stemmer.

På Hellestøstranda 3. juledag peisar ein frisk kuling inn frå vest, frå Feistein fyr. Då Nordre-Tangen og Klepp kommune er nådd  er det tid for ei haglbyge av det meir tøffe slaget.  Den gjer seg ikkje før sjømerket ved bronsealdergrava på Tangarhaug dukkar opp i syninga og fortel at dette er Sele båthavn, og på ein måte er fyrste etappe unnagjort.

Ein våt og regnfull haust gjer at Figgjoelva renn stor og fyldig under hengebrua som tek gåande over, og leiar vegen vidare til Borestranda. Denne stranda er lang.  Den stel fort fem av dei 46 kilometrane, og det er her havet får overtaket.  Det er her det grip inn i sjela di. Saman med den friske saltlukta kjem det rullande og durande.

«Så støyper det seg mot stranda og krasar seg sundt i kvit foss, med dunk og dønn og lange brak, døyande bort i døyvt dunder, skriv Arne Garborg.

Dette er det eg går og kjenner på då Reve havn og etterkvart Revtangen dukkar opp. Dette er ein stad ofte vitja av både ornitologar og istidsforskarar.  Staden er eit navigasjonspunkt for trekkfuglar. I tillegg er det den eldste endemorenen me har i Noreg.  Dersom eg hadde vore 15000 år tidlegare ute (eller kanskje 15000 år seinare) ville eg vore på iskanten.  Dette er hjørnet mellom vestlandet og sørlandet.  Det ligg eit gardsbruk like nord for Reve. Det heiter Hodne, som er gamalt ord for hjørne.

Rundt hjørnet ligg Revesanden og Orresanden. Jærstrendene manglar ikkje dramatiske historier.  Skipsforlisa har vore mange opp gjennom tidene.  På Orre går ei historie om dei såkalla fire spekemennene som forårsaka eit skipsforlis, røva skipet og drap alle av mannskapet utanom ein, som klarte å gøyma seg. Han fekk varsla lensmannen, og dei 4 mennene frå Orre vart hengt for udåden.  Etterpå, seier historia, kan desse  framleis bli sett og høyrt i området.

Å kryssa over Orreåna er lett om sumaren. I romjula blir det å gå dei 600 metrane opp til Nordsjøvegen ved den gamle Orre-kyrkja, gå over brua og ned att på andre sida.  Eller du kan følgje bilvegen omlag 4 kilometer forbi Vik og til dømes gå ned til stranda gjennom Skeie-skogen.

Når du fortset sørover herfrå, er det ikkje mange metrane før Hå kommune.  Fyrste området i denne kommunen heiter Nærland. Snart kjem den karakteristiske hengebrua som tek deg over Håelva, etterfylgt av ein kort sti opp til Hå gamle prestegard.

Den opprinnelege kongevegen på Jæren som oppsto på 1600-talet gjekk frå Obrestad til Kvassheim.  Når turstien i dag har fått same namnet, er det for å minna oss på at her er me på historisk grunn.

Romjula har avgrensa timar med dagslys, og ved prestegarden byrjar det så smått å skumra. Målet for fyrste dagen er Obrestad hamn.  Den ligg 2 kilometer lenger sør.

Mellom Hå Gamle Prestegard og Hårr ligg den blåmerka kongevegen.  Den er 15 kilometer lang.

Mot hamna og ly for natta ber det, og Obrestad fyr, majesteten på odden ligg dominerande i landskapet og viser veg.  Her er eit landskap av natur, kultur og fornminne som på mange måtar er unikt i landet.  Obrestad kan ein lesa om i Snorre sine kongesagaer.  Olav Tryggvason si mor skal ha kome herifrå.  Dei eldste gravfelta i området kan daterast til 300 e.kr.

Den opprinnelege kongevegen på Jæren som oppsto på 1600-talet gjekk frå Obrestad til Kvassheim. Når turstien i dag har fått same namnet, er det for å minna oss på at her er me på historisk grunn.

Snart dukkar lysa frå hamna opp, og då teltet reiser seg i ly av eit av nausta, kjem ei sur regnbyge og stjel siste rest av dagslys.

I romjula ligg storparten av døgnet i mørket.  Når ein er på telttur, tyder dette at ein i røynda kan sova kor lenge ein vil. Ein kan til dømes vakna klokka 07:30 om morgonen og vite at det er for tidleg til å gå, så kan ein lesa litt, laga seg frukost, pakka ned telt og gjera klar sekk. Når klokka nærmar seg 9 er tida inne. Kulingen frå gårsdagen har gitt seg, og nå ligg roleg hav og 20 morgonfriske kilometrar klare fram mot perrong 1 på Brusand stasjon.

Sola er i ferd med å gå ned utføre Raunen fyr og får himmel og hav til å skina i ein fargeprakt utan like.

Før ein forlet Obrestad hamn bør det vel nemnast at her låg ein gong ein hoppbakke der det i den tida vart hoppa like langt som i Holmenkollen.  Det kunne komma 3-4000 tilskodarar.  Området blei viktig for tyskarane under 2.verdskrigen og dei reiv ovarrennet då eit slikt landemerke ikkje var i deira interesse.  I det naturlege unnarennet er i dag planta ein liten skog, kanskje til minne om at Obrestad eingong var hoppsportens mekka i Noreg.

Ferda går vidare gjennom Reime og Grødaland før ein byrjar å kikka etter Varhaug gamle kyrkjegard.  Det skal ha vore 3 ulike kyrkjer her gjennom tidene.  Den siste vart riven i 1905 då sentrum for Varhaug blei flytta innover i landet, og ei ny kyrkje blei sett opp der.  Ved Varhaug gamle kyrkjegard står i dag eit lite kapell.

Vidare mot sør går turen, og litt opp frå sjølve stranda går den merka løypa snorrett gjennom jordbruksområda berre avbroten av gjerdeklyvarane.  Frå Varhaug kapell er det tre kilometer til Madland hamn, og vidare derifrå er det tre kilometer til Hårr. Hårr markerer slutten på Kongevegen.  Når du kjem til skiltet og gjerdeklyvaren ved riksvegen, kan det vera lurt å kryssa den veldig trafikkerte vegen og gå gjennom det karakteristiske klyngetunet før du siktar deg inn mot Kvassheim hamn. Sandstrendene har vore fråverande sidan Skeie, og strandkanten er dominert av rullestein i svære mengder. Like sør for Kvassheim fyr dukkar sanden opp att og der startar siste etappe inn mot Brusand. 

Og det er her, midt i denne sjarmøretappen, at det trolske jærske lyset verkeleg viser seg fram.  Sola er i ferd med å gå ned utføre Raunen fyr og får himmel og hav til å skina i ein fargeprakt utan like.

Då eg gjekk denne turen første gongen for nokre år sidan traff eg ein som hårdnakka påstod at dette er Noregs vakraste tur.  Eg meiner framleis at han har rett.