TURMAT Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent der, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard, Antarktis og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding.  Det er vi vaksne som trur at ungar berre likar pølser. Dei kan eta alt berre dei får sjansen, og mat ute på tur smakar som kjent aller best.Pizza på bål            Har du ikkje tid til å laga botn, bruk pitabrød, tortillalefser eller ferdige pizzabotnar. Det er lov å juksa litt. Elles kan du ta med deg ingrediensane til ein pizzadeig. Deigen kan du laga heime eller ute på tur, men han må heva i minst 45 minutt.Deig til pizzabotn:3 dl lunka vatn1/2 pk tørr eller fersk gjær1/2 ts sal5 dl kveitemjøl2 dl sammalt kveite2 ss oljeKlapp deigen ut på ei steikepanna, eller lær deg å svinga deigen i lufta som ein ekte pizzabakar. Set steikepanna i bålet eller på primusen og steikdeigen kjapt på ei side, før du snur pizzabotnen og har på fyllet.Fyll:RømmeSpekeskinkePepperonipølsaOstTomatpure Ta på eit tynt lag rømme, strø på ost og ha på pepperoni. Før du legg på lokket, ha litt ekstra ost på toppen. La det steika til osten er smelta. Smør på tomatpure, strø på ost og dander med spekeskinka og evt meir ost. Er de ute når det er grønt, la ungane plukka løvetann, surblad (engsyre) eller gaukesyra til salat på pizzen om dei vil. Pizzafyll kan sjølvsagt varierast i det uendelege. Ta på ditt favorittfyll, alt frå kjøt til berre grøntfor eller nugatti og banan.SkattekistaSkattekista er ein foliepakke der ungane får laga sin eigen blanding. Her er eit eksempel med grønsaker og laks.PotetGulrotLaksPurreSmør og evt litt rømme eller fløytesalt og peparRegn 1/2 stor potet, 1 gulrot, 5cm purre, 100g laks og 10g smør per unge.La ungane få skrella, dela opp og fordela ingrediensane i foliepakkar, før dei legg dei på bålet. Når fisken deler seg er det ferdig. Pass på at potetbitane vert nokså små slik at dei rekk å verta ferdige. Olaugbestao si makaronigrytaDenna middagen laga bestemor vår ofta til oss, og dette går garantert ned hjå kresne ungar. Lett å laga, lett å lika.Makaronigryta til 4 personar400g kjøtdeig300g makaroni (gjerne fullkorn)1/2 glas tomatpureSukkerSaltKok makaroni i 3 liter vatn med ei klypa salt. Sil av vatnet etter 12-15 minutt. Tilset tomatpuren og 1ts sukker. Smak til med salt og pepar. Steik kjøtdeigen godt på steikepanna og bland saman med makaronien. Om ungane ikkje er så kresne, ha i litt løk i lag med kjøttdeigen, gjerne nokre småtomater og sopp. Server med raspa parmesan eller vellagra geitost.Hugs at all mat er mogleg å laga ute. Fiskepinnar, karbonadar, brun saus eller poteter.Du kan laga nett det du hadde tenkt på til middag ute. Ungane kan leika medan du set potetene til kok, be dei finna ved til bålet eller blåbær til dessert. Garantert at dei søv bedre om natta!God ute-middag!  SIGRIDS KOKEBOK Oppskriftene er henta frå turkokeboka Et Ute, der Sigrid Henjum gir deg mange råd på vegen til bedre mat på tur. Bestill boka her.