TURMAT

Sigrid Henjum er UTEs faste turmat-skribent. Siste bok: Et ute

Skjer eit kryss i poteta. Pakk ho inn i aluminiumsfolie om du har, eller du kan faktisk legga poteta rett på bålet. Så blir det berre eit tjukt svart-svidd skal utanpå. Ei stor potet må ligga i bålet omlag i 1,5 time, men det kjem sjølvsagt an på storleik på poteta og varmen på bålet. Snu poteta nokre gonger for å sikre at ho vert ferdig på alle kantar.

Når du lett kan stikka kniven inn, er poteta ferdig bakt. Klem på fire sider av krysset for å få poteta til å opne seg. Slik lagar du holet større og då kan du straks fylle med godsaker. Er det for liten plass til alt du vil ha i, grev du noko av innhaldet ut med ei skei.

TURDESSERT: SJOKOLADEFONDANT I APPELSIN 

Her er nokre forslag til kva du kan oppi:

  • Naturell smøreost, spekeskinke og finhakka purrelauk
  • Restar frå tacomiddagen: tacokrydra kjøtdeig, mais, paprika, rømme og ost
  • Smør og ost
  • Bacon, rømme og persille
  • Spekepølse, sæterrømme og tyttebærsyltetøy
  • Kryddersmør

 

Grønt kryddersmør

100 g godt smør

ein stor kvast med persille

1 fedd kvitlauk

50 g raspa parmesan

Bruk mjukt smør og køyr blandinga med stavmiksaren til den blir jamn og grøn.

Vilt kryddersmør 

Smør

Ramslauk (finhakka eller i olje på glas)

Bland ramslauk og godt smør. Ein halv avokado og litt limesaft er nydeleg saman med denne blandinga.

 

Ta med det du vil ha ut i ein liten boks og fyll poteta med ingrediensane rett før serveringa.

FLEIRE TURMATOPPSKRIFTER 

TIPS I

 Har du lite tid ute(eller det er kaldt) kan du baka poteta i steikeomnen på førehand, så treng ho berre å bli gjennomvarm på bålet.

TIPS II

For å halda godt på varmen i bålet, legg steinar i botnen av bålet og bruk små vedkubbar for å raskt laga glør i bålet.

TIPS III

Pimpernell og Kerrs Pink er to gode sortar å bruke til baking.

LES OGSÅ: UTEs store test av termokopper