MAT PÅ TUR

Sigrid er UTEs turmatekspert. Sigrid bor i Sogndal hvor hun driver Sogndal Lodge & Guiding. Hun har lang erfaring som både turguide og kokk og har skrevet boka Et Ute.   

Etter ein lang tur er det ikkje noko som er bedre enn å gi seg over ein god hamburgar. 

Kjøttburgar 

6 burgarar 

800 g kjøttdeig (bruk kjøttdeig, karbonandedeig eller farse av viltkjøt som hjort, elg eller rein) 

1 egg

2 ts salt

litt pepar

0,5 dl mjølk

1/4 ts chilipulver

1 fedd kvitlauk

10 skiver finhakka sylteagurk

 

Sellerirotburgar

Eit vegetarisk alternativ

 

2 passeleg store sellerirøtter

1 egg

1 ss rapsolje

2 ss kveitemjøl

2 kvitlauksfedd

Salt, pepar, chilipulver

 

 

Rasp to sellerirøtter, men pass pååskrella dei først, fåvekk alt som er svart.

Bland saman med eit egg, kveitemjøl, rapsolje, kvitlauksfedd, salt, papar og litt chilipulver. Du kan droppa både egg og kveitemjøl om du vil. Mosa kikerter kan dåhjelpa for åfåburgarane til åhenga i hop.

Ha alt i ein brødpose med deg ut på tur. Sjå om du finn ein flat stein som du legg over bålet, her kan du steika hamburgarbrød, medan du steiker sellerirotburgarane påei steikepanna.  Som salat kan du bruka steikte grønsaker, som lauk, brokkoli, gulrøtter eller kva du ynskjer. Svi dei litt i ein kasserolle- det gjer ingenting om det smakar litt bål. Men ha godt med olje og sesamfrø oppi, gjerne litt soyasaus og. Server det heile saman med tyttebærdressing, som er rømme og tyttebærsyltetøy, med litt salt og pepar.

 

Hamburgarbrød

Viss du vil laga hamburgarbrød sjølv, kan du bruka denne oppskrifta:

400 g mjøl (halvparten grovt og resten fint)

1 pk tørrgjær

0,5 ts salt

2,5 dl mjølk

2 ss rapsolje

 

Bland det tørre og ha i fingervarmt mjølk og smør. Elt deigen godt, hev deigen i ein time før du trillar ut og klappar bollane flate til hamburgarbrød. Hev vidare i 45 minutt før du steiker dei i 10 minuttpå 225 grader midt i omnen. 

Om du ikkje vil laga brød sjølv så kan du bruka polarbrød eller kjøpte hamburgarbrød.

Smør undersida av toppen inn med ketsjup eller anna tomatsaus. Botnen dekkar du med ein saftig salat.

Salat 

2 raspa gulrøtter

2 raspa eple

3 ss rømme 

1 ss tytebærsyltetøy

salt og pepar

 

Det kan vera lurt å leggja blandinga i ei sil i ti min slik at det kan renna av seg før du legg salaten på burgarbrødet. 

Brøda med tomatsausen og salaten legg du saman. Så kan du leggja brøda inn i foliepakkar, slik at dei er enkle å ta med seg og varma opp.  

Bacon og ost er perfekt tilbehør!