STORE SKAGASTØLSTIND 2405 moh. Reise: Riksveg 55 over Sognefjellet er vinterstengt, men når den åpner for sommeren går det lokalbuss, eller du kan kjøre bil både fra Lom og Sogndal. Overnatting: Turtagrø hotell er et naturlig startpunkt der det ligger helt ved foten av Hurrungane. Andre alternativer er Krossbu eller Sognefjellshytta, litt lenger inne på Sognefjellsveien.  Guider:For mange åpner det seg mange nye muligheter ved å leie en guide. Både www.norgesguidene.no, www.hvitserk.no, breogfjell.no og Jostedalen breførerlag har flere turer i løpet av sommeren, i tillegg til flere mindre aktører. DE TRE STORE Det er mange fantastiske fjelltopper i Norge. Likevel er det noen som skiller seg ut fra mengden. Store Skagastølstind, Stetind og Romsdalshorn er imponerende fjelltopper, tre av de største klatreklassikerne, og samtidig oppnåelig for mange.#1: Store Skagastølstind Førstebestigningen ble gjort av Slingsby i 1876, og regnes som starten på norsk fjellsporthistorie. Det er 1500 høydemeter til toppen, og den vanligste ruta går via Skagadalen og opp til Tindeklubbhytta. En stund etter Tindeklubbhytta blir det mer steinrøys, før turen går over Skagastølsbreen, som vanligvis er snødekt tidlig på sommeren. Etter hytta på Bandet blir det brattere, og her er man avhengig av å finne den beste veien – noe guidene kan. Over Svaene går man i tau, og man klyver seg opp til Hjørnet. Her blir det klatring til toppen. En del av klatringa er veldig lett, men man bruker tau, siden et fall kan ha store konsekvenser. Turen er ikke teknisk vanskelig, men det er en lang tur og det er vanlig å starte kl fire om morgenen. Turen tar mellom 12 og 14 timer.– ENKEL KLATRING, LANG TURNorgesguidene har hatt føringsturer på Store Skagastølsind i 17 år, og tindevegleder Jostein Aasen har guidet her siden 1995.  Hva må man kunne før man melder seg på en tur på Store Skagastølstind?– Fyrst og fremst bør ein vere fjellvant, og vant til å gå lange dagar i ulendt terreng. Ein bør også vere vant til å vere ute til fjells på langtur, slik at ein kjenner kroppen sin og veit kor mykje og kor ofte ein treng å ete og drikke på ein slik lang tur. Det mange er bekymra for er klatringa, men den er ikkje spesielt vanskeleg, i allefall viss ein har flaks og har tørre og fine forhold. Men det er absolutt ein fordel at ein har prøvd ein eller annan form for klatring og hengt i eit tau, slik at ein veit at det går greit. Då slepp ein å vere redd, men kan heller nyte utsikta når det byrjar å bli bratt. Men det viktigaste er at ein har eit ynskje om å bestige toppen, at det er noko ein sjølv har veldig lyst til. Turen er såpass slitsom og krevande at ein skal vere motivert for det.Klatringa er enkel, men luftig, og du får god guiding undervegs.Hvor god form må man være?– Me seier at ein skal vere i svært god fysisk form. Men mange som trenar mykje kan bli veldig slitne av å gå ein lang dag med sekk i ulendt terreng, medan erfarne fjellvandrarar klarar seg ofte mykje betre. Når er det best å gå denne turen?– Vanskeleg spørsmål, men for å sei det enkelt er det best å gå turen når det er turt fjell og fint ver. Tidleg på sommaren har ein ofte ein del rester av snøfonner som dekkar steinrøysene på veg til og frå fjellet. Dette gjer turen, og spesielt nedturen mykje mindre slitsom. Når seinsommaren kjem (august), og ein får eit snøfall i fjellet, tek det ofte fleire dagar før det smeltar enn det gjer i juli. I høgsesongen i august kan det også vere opp mot 50 personar i private taulag på toppen av Storen på ein dag, og då er det steinsprang frå dei over som kan vere farleg.Hvorfor tror du så mange har lyst til å bestige Storen?– Storen er det tredje høgaste fjellet i Noreg, og det høgaste av dei som krev klatring. Slingsby sin tur på Storen vert av mange rekna som starten på tindebestigninga i Norge, og det er mange som har beskrevet turane sine opp her i diverse magasin og bøker. Så kombinasjonen av mange turbeskrivelsar og  høgt og krevande fjell gjer nok at mange har lyst til å prøve om dei også får dette til. Det skal også seiast at mange samlar på 2000 meter toppar i Norge, og Storen er jo som sagt eit av dei høgaste fjella i landet.Kan du si noe om hvor mange turer dere har i løpet av en sesong?– Eg tippar me har 70-90 turar med 120-140 gjestar på toppen. Hva er det flotteste med en tur opp hit? – Det er ei individuell sak, akkurat det lyt folk få lov til å finne ut av sjølve. Nokon set pris på å vere ein lang dag i fjellet og gå ein lang tur med ein topp med flott utsikt som mål, andre tykkjer det er spennande å gå i fotefara til fjellpionerane i Noreg, og andre set pris på meistringsfølelsen som ein slik tur gjev.