Sunnmøres Alpine Arv

Sunnmøres Alpine Arv -­ Ei reise mellom tindar og pinaklar

Bli med blant tindar og pinaklar på Sunnmøre frå dei første oppdagarane til dagens bratte eventyr. I over hundre år har Slogen frå Fjorden-ruta vore urøyrd vinterstid. Er det mogleg å klatre dronninga av Sunnmørsalpane på snø og is? Klatring opp fjella vart sett på som galemannsferd, men nokre våghalsar tok mot til seg. Kor mykje av vår fjelltradisjon byggjer eigentlig på britisk tankegods? Og korleis har spranget vore til breidda av aktivitet og ekstremsport i fjella i dag sommar som vinter? I filmen følgjer vi historia, men også dei i dag som går i pioneranes fotspor og utfordrar fjella på nye måtar. Stig, Tommi og Åsmund vil no utfordre Slogen på vinterstid, 115 år etter det britiske fyrsteklyvet. Se mer info om filmen og førpremierer her.

Opplært og vidareført

Ein horde av ivrige nordmenn har oppdaga pakkeløysinga. Oppleving, fart og trening. Toppturar i kvasse tindar har breitt om seg, og om vinteren kjøper vi breie ski for å spore puddersnø i urøyrde fjellsider. Sunnmørsalpane har vorte ein destinasjon og folkesportarena. Det er prestisje å vere «fjellmann» i miljøet, moderne og urnorsk på same tid. Men misforståinga om den urnorske fjellkulturen klabbar under skia. Vi må tilbake i tid for å rydde opp.

1800-tallets Sunnmøre kjennetegnes av enkelt bondeliv og vanskelige kår. Briten John Robert Campell var ein av få utlendingar som fann vegen til denne avsidesliggande halvøya. Hit kom han fleire gonger, og han skildra opplevingane sine i boka «How to see Norway» i 1871. Denne boka skildrar etter det vi veit det første tindeklyv på Sunnmøre.

LES OGSÅ: Kongen

Det victorianske overklasse-samfunnet er på høgda av si makt, og det er karakteristisk for tida at det første reiseselskapet i Noreg var drive av engelskmannen Thomas Bennett. På same tid sit ein ung klatrar i England med namnet William Cecil Slingsby og les Campell si bok med stor interesse.

Den norske fjellæra startar så smått i 1868 ved skipinga av Den Norske Turistforening. Foreiningas mål var å opne fjellheimen for folket, men interessant nok var det briten W.C. Patchell frå England som bygde den første turisthytta på Sunnmøre, som han seinare gav til Turistforeningen i Ålesund.

Samfunnet på denne tida gav lite rom for Ola Nordmann å gå i fjellet. Det var først og fremst tilreisande som var målgruppa.

– Turisme var hovedfokus for Ålesund Turistforening, forteller lokalhistorikar Arve Starheim.

LES OGSÅ: Å investere i fjell

DNT var likevel ein viktig formidlar av artiklar som skildra Sunnmørsalpane, og det var spesielt britane som skildra fyrsteklyv på tindane dei neste 50 åra i deira årbok. ÅST sytte også for eit viktig bidrag til fjellkulturen på Sunnmøre med den første turguiden for Sunnmøre skriven av lokalpatriot og diktar Kristofer Randers; Sundmøre. Reisehaandbog, 1890.

Turistforeningen i Ålesund hadde likevel liten innverknad på fjelltradisjonen i denne tidlege fasen. Foreininga vart oppløyst i 1904, men gjenoppsto i 1922, og då med eit større fokus på fjellturisme.

Den eksklusive London-baserte klatreklubben Alpine Club skulle sette sitt preg på førstebestigningane i Sunnmørsfjella. Det faktum at britane fann fram til ein avkrok på Europas tindekart heng saman med W.C. Slingsby si sterke Norgesinteresse.

Alt etter sin første ekspedisjon til Sunnmøre i 1872, byrjar han eit langt forfattarskap om den norske fjellheimen. Sjølv om fjella ikkje kunne måle seg med fjella i Alpane når det gjaldt høgd, skriv Slingsby, (omsett i boka «Tindekliv på Sunnmøre»):

«Få distrikt i Noreg, eller nokon annan stad for den del, kan på so lita vidd syne fram slike trollslege fjelldalar, botnar og ville tindar som den halvøya som ligg millom Hjørund-, Vartdal- og Søkkelvfjordane og Folstaddal. Det er det fullkomne stròk for einkvar hardfør fotgjengar.»

Slingsbys fyrsteklyv og prestasjonar vart skildra i detalj, dog på ein nøktern måte. Notat vart ført inn i Climbers Book og årbøkene i DNT. Fleire i Alpine Club-miljøet fatta fort interesse, og Sunnmøre trakk til seg fleire britar som ville sette sin signatur på toppane.

LES OGSÅ: Sunnmøres beste

Sunnmørstindane har stått majestetisk utanfor stuedøra i all den tid, men sjølv 40 år etter kunstnarar som Tidemand og Gude begynte å dyrke nasjonalromantikk og storslått natur, var britane åleine om å gå til åttak på Sunnmøre sine kvasse tindar.

Ein gjennomgang av årbøker, klatrepublikasjonar og dokumenter levnar liten tvil: Dei britiske pionerane la under seg dei fleste sunnmørske tindar. Forfattar og tindeklyvpioner Dagfinn Hovden er ikkje i tvil om kven som var mest toneangivande:

– Slingsby forelska seg i Noreg og hans nedskrivingar var direkte årsak til alle som fylgde etter på Sunnmøre dei neste ti åra.

Britisk fjelltradisjon var å hyre inn sherpa og berehjelp på tindeklyv. Denne tradisjonen tok dei med seg til Sunnmøre. Bønder var sterke og uthaldande og ypperlig egna som sherpa. Mange unge menn fikk såleis ei opplæring i samtida si klatreteknikk- og klatrekultur, samt ei god dagsløn. Hovden kommenterer dette paradokset:

– Det er tildels merkeleg at leiande alpine klatrarar som Slingsby nærmast insisterte på å ta med uerfarne bønder opp dei bratte tindane. Var det britisk overklassementalitet som «krevde» berehjelp, eller kan det ha vore eit ynskje om å lære opp nordmenn i alpin klatretradisjon?

Som eit følgje av denne britiske fjelltradisjonen fekk bygder på Sunnmøre fjellførarar som kunne den moderne klatreteknikken med tau, boltar, isøks og stegjarn. 

LES OGSÅ: Tilrettelagt friluftsliv

Etter fire tiår med britisk pionerverksemd i Sunnmørsalpane kom det i 1908 eit paradigmeskifte. Dette er rekna som startåret for norsk fjellsport. Året Noreg tok tilbake fjella.

Norsk Tindeklub (NTK) og Ålesund Skiklubb (AaSK) vart begge skipa i 1908. AaSK skulle heilt frå starten få stor innverknad på omgjevnadene sine og bli ein katalysator i alpin vintertradisjon på Sunnmøre. NTK var også ein samlande faktor innan tindesport på eit nasjonalt nivå, men fundamentalt ulik AaSK på eit sentralt punkt:

– I motsetning til strømningar i Alpane der ein skipa opne klubbar, valgte NTK å følgje engelsk tradisjon der medlemsopptak vart avgjort med søknad og fadderskap, fortel Ragnhild Amundsen, styreleiar i NTK.

Der tindeklubben bevarte den britiske tradisjonen, hadde AaSK ein meir inkluderande politikk. Dei tilbydde ski på avbetaling for å opne klubben for nye samfunnsgrupper og aldersgrupper. Målet for klubben var vinterfjellets gleder.

Alt i barndommen til AaSK vart tindane rundt Standal eit naturleg samlingspunkt. Det var skiløp, hopprenn og alpinrenn som var hovudaktivitet, men tindeklyvinga til pionerane hadde sett spor. Den tidlegare sherpaen til Slingsby, Kolås-Nils, var no ein fjellførar på Kolåstinden. I 1908 førte han opp to kvinner med følgje på første vinterklyv på Kolåstinden. I kjole, ein stav og tunge treski, kan dette ikkje ha vore ein enkel søndagstur. Tindane lokka og AaSK sin aktivitet på Standal skulle over tid oppfordre til skialpinisme i eit distrikt med krevjande terreng for skiturar.

LES OGSÅ: 10 fjellklassikere

Ein av Norsk Tindeklubs mest profilerte klatrarar, Ralph Høibakk, trekk nokre linjer i høve den eksklusive klubbens 90-års-jubileum. Med eit kritisk blikk peiker han også på korleis klubben følgde tett i britanes fotspor og framstod som ein ekskluderande og sjølvdyrkande fjellelite.

– Ein blåkopi av den britiske klubbtradisjonen og Alpine Club.

At ein av 1900-tallets største alpine bautaer på Nordvestlandet, Arne Randers Heen, to gonger blei nekta medlemskap i klubben, seier nok litt om kor smal klubben kunne framstå. Forfattar Geir Grimeland skriv om Heen i boka «En historie om klatring i Norge»;

– Motstand mot å la Arne Randers Heen kome inn i klubben var sosialt betinga.

Avslaga var riktignok begrunna i formelle feil ved søknadene, og Heen fekk til slutt sitt medlemskap. Men nokon meinte nok at ein skreddar frå bygda ikkje passa inn i det gode selskap. I Sunnmørsalpane var uansett Heen vinterklivrarens far.

Trass sitt eksklusive preg hadde NTK ei viktig rolle for klatresporten og vart eit talerør for klatreeliten i Noreg.

LES OGSÅ: Fjell for alle forhold

Forutsetningane for tindebestigning skiftar brått når snøen legg seg i dei bratte fjellsidene. Det var utenkelig for britane å klyve i fjella om vinteren, men saman med den aukande vintersportinteressen som vaks fram med AaSK, fekk etter kvart fleire ideen om å bestige tindane vinterstid.

– Skitur til Standalshytta og hopprenn var populært, men vi veit at fleire begynte å tøye grensene for korleis dåtidas skiutstyr kunne brukast opp mot fjelltoppane også, fortel Jon Kjetil Giørts i Aalesund Skiklubb.

Inspirasjonen frå tindebestigning ligg som eit viktig fundament, men i tillegg var det viktig å nettopp vidareføre aktiviteten til nye former, der nedkjøring på ski var vel så viktig for dei skifrelste.

LES OGSÅ: 15 lette toppturer

Sjølv om britane hadde gjort dei fleste førstebestigningane, var mange pinaklar og tindenåler framleis urørte i mellomkrigstida. Tre brødre i Ålesund vidareførte den britiske tradisjonen ved å klivre tindenåler og pinaklar som britane ikkje hadde klart å bestige.

– For Hagen-brødrene var det viktig å oppsøke tindenåler med fast fjell og fin klatring, påpeikar Tore Lundberg som sjølv er ein lokal klatrepioner.

I forlenginga av denne «tindenål-tida» byrja sunnmøringar å repetere pionerane sine tindeklyv, men no på vinterstid.

AaSK sin aktivitet på Standaleidet på 30-tallet gav inspirasjon til ein ny generasjon tindeklyvarar som brukte ski som framkomstmiddel. Dagfinn Hovden, Olav Helset og Bjørdal-brødrene er eksempel på føregangspersonar i ein ny aktivitet i Sunnmørsalpane; skialpinisme med klyving. Og i første rekke der finn vi Arne Randers Heen frå Åndalsnes. Heen hadde fått sin inspirasjon frå dei gamle pionerane og byrja å besøke dei snødekte tindane på Sunnmøre.

– Heen kom frå den gamle tindeklatretradisjonen, men opplevde at det ikkje var mange urørte tindar igjen, så vinterbestigning vart ei muligheit for han å utmerke seg, fortel forfattar Iver Gjelstenli.

LES OGSÅ: De snille fjellene

Bratte og eksponerte tindar vart klivra med klatretau, stegjern og isøks, heilt i tråd med klatretekniske prinsipp frå britane. I mange tilfelle måtte klatrelaget gi opp og prøve igjen neste vinter. I løpet av ein periode på 25 år vart dei fleste tindane klatra på vinterstid.

Klassikarane som brødrene Hagen gjekk på 30-tallet inspirerte dei unge klatrarane. I 1974 vart Sunnmørsk Klatreklubb (SKK) etablert som samlande eining for klatrarane i regionen. Klatremiljøet slo rot og spesielt på 80-tallet vart mange nye ruter etablert.

– Eg vart introdusert til klatring i Hagen-tradisjon. Pinakkelklatring og tindenåler var målet, fortel Tore Lundberg.

Han er framleis ein aktiv og drivande faktor i det sunnmørske klatremiljøet, ingen andre har hatt større fokus på utvikling av sporten. Det var Lundberg som opna klatremekkaet Molladalen på 70-talet og ein meir loddrett tilnærming og amerikansk-inspirert klatreteknikk vart dominerande.

– Fjellklatring har sjølvsagt endra karakter sidan starten på 70-tallet, men det er enda mange klatrarar som befinn seg godt planta i den britiske fjelltradisjonen, fortel Lundberg.

I tillegg til Molladalen vert ei rekke andre klatrefelt pussa ned og bolta på Sunnmøre. Det blei bygd klatrehallar i dei fleste større bygder og byar på Sunnmøre. Klatring blei med det ein heilårsidrett for sunnmøringar.

På 80-tallet starta «forløsningen» av ideane vi såg i 30-tallets skimiljø på Standaleidet.

I landet såg vi ein stadig høgare velstand og fokus på fritid, og det fylgde samtidig ein utstyrsrevolusjon med meir robuste ski og støvler som opna nye dørar for toppturing i Sunnmørsalpane.

LES OGSÅ: Isfast polarfarer

Ein viktig faktor i den auka aktiviteten i Sunnmørsalpane må tilskrivast media. Både lokale og regionale aviser på Sunnmøre byrja å skrive meir om naturrelaterte saker. Nasjonale magasin som Fri Flyt og Fjell og Vidde fekk store opplag. Fri Flyt hadde på sitt opningsnummer i 1998 Sunnmørsalpane som hovudsak på forsida og bilete av ein skikøyrar på framsida.

 

Det er lett å sette nyalpinismen i bås med heisutbygging og komforthytter. Men linjene til britane sine pioneerklyv- og alpinisme er meir synleg enn på lenge. Fleire timar gange inn Langesæterdalen kjem vi til Patchellhytta britane bygde ved foten av Slogen. Dei som går vegen hit, vinter som sommar, er ikkje ute etter komfort, men unike opplevingar på tindane. Og nokså illustrerande har besøkstalet på den sjølvbetente DNT-hytta auka med over 500% prosent frå 1996 til i dag.

Ved å samle all data for førstebestigninger på Sunnmøre tegnes eit tydeleg bilete av britisk kulturoverføring.

Pionerane oppdro sunnmøringen i deira fjelltradisjon, og tente gnisten for tindeopplevingar.

Sterke eksponentar for skialpinisme og klatring er også i dag bevisste på tradisjonen dei tilhøyrer. Forfattar og skialpinist Stig Helset fortel;

- Min far var aktiv i fjelltradisjonen og eg har gjort visse val for å vidareføre denne tradisjonen. Førstebestiging av tindenåler på vinterstid er ein direkte forlenging av den britiske fjelltradisjonen i Sunnmørsalpane.

Den store bredda av alle som ferdast rundt på toppene i dag har nok lita aning. Neste gong du klyv opp på Kolåstind, dropp kvikklunchen og knask engelsk overklassekonfekt. 

LES OGSÅ: Trollveggens førstebestigere

LES OGSÅ: Klatreskolen, tips for å bli en bedre klatrer