TURMAT Sigrid Henjum er turmatekspert i UTE. De beste oppskriftene er samlet i denne boka, som kan kjøpes her Denne deigen kan du surra rundt ein pinne – derav namnet – eller rundt ei pølsa som du steiker på bålet. Pass på varmen, og det SKAL ta litt tid. Svart utanpå og rå inni er ikkje stas, men med jamn brunfarge og godt gjennom- steikt, då er pinnebrød godt!LES OGSÅ: Slik tenner du bålOppskrift på pinnebrød(nok til 6 personar)5 dl kveitemjøl 1/2 ts bakepulver 1/2 pose tørrgjær 1/2 ts salt1 ss sukker5 ss soyaoljeOmlag 2 dl vatn FLERE OPPSKRIFTERr • Quesedillas på primus • Sjokoladefondant i appelsin • Brødbaking i kajakk Bland det turre saman og ha i lunka vatn og olje til slutt. For å gjera deigen meir spanande kan du tilsetja litt raspa ost, urter eller krydder. Prøv for eksempel ramslauk eller seierslauk i olje i deigen!Ha litt ekstra olje utanpå deigen og legg han i ein pose eller ein boks. Det er best om deigen rekk å stå litt i romtemperatur før du tek han med ut i kulden på tur. Deigen skal hevast frå 45 minutt til 2 timar alt etter lengda på turen, før du får fyr på bålet.Glutenfritt: Bruk Jyttemjøl i staden for vanleg kveitemjøl. Deigen vert ikkje like «seig», og du må klappa deigen rundt pølsa eller pinnen, men det går fint.LES OGSÅ: Test av frysetørket mat