Bjørkesaft 

Gudedrikk vert dei søte og friske dråpane frå bjørka kalla. Væska er full av C-vitamin og naturleg sukker. Bjørkesaft tappar du no før bjørka sprett heilt ut på våren. Bjørka delar villig av væska si, berre hugs å setta propp i treet når du er ferdig slik at treet ikkje turkar ut.

Finn deg ei bjørk som har litt tjukkelse på stammen, og bor deg eit hol med ein drill, driven av hand eller straum. Bor eit hol som går eit par centimeter inn i treet, med vinkel som heller nedover. Det er mange måtar å gjere det på, men eg spikkar av barken på ei tynn grein, som eg så set inn i holet for å føra dråpane ned i flaska. Rett under holet lagar eg eit hakk i borken, slik at flaska kan settast inn mot treet. For å halda flaska på plass tek eg hyssing  og surrar rundt flaska og treet fleire plassar. Om det drypp friskt frå treet tek det ikkje mange timar før flaska er full. Du kan og kutta av endane på ei frisk grein, ha ei flaska over endane og knyta på hyssing som gjer at greina bøyer seg nedover. 

LES OGSÅ: Alle våre oppskrifter på turmat

For å proppa treet etter tapping tek du ei grein som er like stor som holet, og pressar på plass. 

Bjørkesafta kan du drikka som han er – ho smakar best avkjølt. Du kan òg nytta safta i bakverk eller koka inn til sirup. Sirupen er nydeleg på is, på ost, i teen eller på pannekakene.

Safta held seg omtrent ei veka i kjøleskap. Eller du kan fryse ho ned i isbitposar som du bruker til friske drinkar eller i smoothien seinare. 

Sirup: Ha bjørkesafta i ein kjele og kok inn på svak varme til det berre er att 1/3, eller til sirupen er brun i fargen og har fått sirupkonsistens. 

Kald vårdrikk: Kald bjørkesaft med litt pressa sitronsaft. Nyt naturen! 

Varm vårdrikk: Varm opp (ikkje kok) bjørkesafta med litt heil kanel og ingefær – det vert den beste helsedrikken!

Les også: Lag din egen tursnacks

Som abonnent på et av Fri Flyts magasiner får digital tilgang på alle plussartikler. Se for eksempel