LES OGSÅ

MIDDAGSFJELLET (1173 MOH.)

Ved gardane øvst i Gjesdalen på sørsida av Jølstravatnet går det bomveg til Trinta, parkeringsplass ved enden av vegen. Her står det skilt merka Middagsfjellet. Følg stien som går skrått mot nord opp lia, og deretter langs fjellryggen austover til toppen.

Start: Parkeringsplass på Trinta i Gjesdalen
Tid: 3-4 timar t/r
Middels

BJØRNDALEN RUNDT (Sanddalen – Bjørndalsstøylen – Flateeggane – Styggevassegga – Isvassnipa (1436 moh) – Brandsegga – Høgenuken – Sandalen)

Parker bilen ved grustak i Indre Sandal, om lag 1 km vest for Astruptunet på sørsida av Jølstravatnet. Gå vegen opp til kraftstasjonen, fortset på merka sti gjennom skogen og vidare skogsvegen opp til demninga. Herifrå går det merka sti til Bjørndalsstøylen. Forset deretter litt forbi støylen og opp til Flateeggane og følg ryggen rundt til du kjem til Høgenuken. Her vender du ned igjen i Bjørndalen og vidare til grustaket i Sanddalen.

Start: Grustak Indre Sandal
Tid: 6-7 timar
Krevjande

ORKJA (948 MOH.)

Turen startar på skogsveg i Dvergdalsdalen på sørsida av Jølstravatnet, og går vidare på sti gjennom skogen og deretter opp vestsida av fjellet. Topplatået er dekka av mose og nokre små vatn, svært idyllisk ein fin sommardag! Sjølve toppunktet er på austsida av fjellet.

Start: Skogsveg i Dvergsdalsdalen
Tid: 3-4 timar t/r
Middels

BOLSETNIPA (1214 MOH.) 

Følg bomveg frå Skei og opp i Fossheimsdalen. Ved demninga kan du parkere om du køyrer bil. Her går det godt merka sti til toppen.

Start: Demning i Fossheimsdalen
Tid: 3-4 timar t/r
Middels

BJØRSETFJELLET (1003 MOH.)

Turen startar på toppen av hyttefeltet i Hegrenesåsen på Ålhus. Herifrå følgjer du merka sti til Bjørsetstøylen og vidare til toppen av fjellet. Terrenget er tidvis bratt før du kjem over skoggrensa, men utsikta til Jølstravatnet desto meir spektakulær. Du kan også gå til Bjørsetfjellet frå Årdal, på austsida av fjellet.

Start: Toppen av Hegrenesåsen på Ålhus
Tid: 3-4 timar t/r
Middels

TINDEFJELLET (1083 MOH.)

Det går to hovudstiar opp til Tindefjellet, ein frå Årset på Vassenden og ein frå Berg i Svidalen på nordsida av Jølstravatnet. Begge er i god stand og leier deg trygt til toppen.

Start: Årset på Vassenden/ Svidalen
Tid: 3-4 timar t/r
Middels

LUNDESKARET

Turen opp Lundeskaret seiast å vere Noregs brattaste DNT-sti. Den startar ved opninga til Fjærlandstunnelen og slynger seg vidare opp skaret. Sherpaer frå Nepal har sikra stien med trappetrinn og vaier på dei mest utsette partia.

Start: Opning Fjærlandstunnelen
Tid: 2-3 timar t/r
Krevjande

UTE-TV: Sensommer i Jølster

Som abonnent på et av Fri Flyts magasiner får digital tilgang på alle plussartikler. Se for eksempel: