KLASSISK BÅLKOS

Båltips til vinteren

Klapp snøen hard der bålet skal vera og legg ei heil avis på snøen først. Vidare tek du vedkubbar som du legg tett saman oppå avisa, og over der legg du vedkubbar i stabel – to og to, slik at du får godt med luft mellom. Har du bjørkeved, riv du av never og legg i midten. Har du ikkje det kan du spikka flis og legga i midten.. Målet er alltid å få fyr på første fyrstikk, og det krev godt forarbeid!

Kva med å innvie påska med å lage denne, på ein ekte uterestaurant? Ta ei appelsin og kutt av øvste delen, den skal du bruka som lok. Ta ei skei og grav ut innhaldet på appelsinen. 

ET UTE

Sigrid Henjum er turmatekspert i UTE. De beste oppskriftene er samla i denne boka, som kan kjøpes her.  

I botnen av appelsinen kan du ha i litt appelsinlikør, og/eller ei tynn skive med kransekakedeig som du får kjøpt i pølseform på butikken. Sjokoladefondantrøra kan du ha i ein brødpose (dobbel!). Då er det berre å laga eit hol i posen, slik at du kan sprøyta innhaldet opp i appelsinen. Ikkje fyll ho heilt opp, for innhaldet utvidar seg når det vert steikt.

Plasser appelsinen (med sjokoladefondanten i og loket på) i glørne på bålet og vent til du ser
at røra vert tjukk på toppen. Det skal framleis vera litt rennande og klissete. Mmmm...

Oppskrift  

(Nok til 6 personar)

125 g smør

200 g sjokolade 

100 g sukker


2 store egg


2 eggeplommer 

25 g kveitemjøl

Smelt smøret, ha i sjokoladen og sukkeret i det heite smøret og rør til det vert ei glatt røre. Ha i egg og eggeplommer, og ha til slutt i mjølet. 

Her kan du også jukse litt, det finst både muffins- og sjokoladefondant-røre på pose som du kan blande og ta med.

Pass på at du ikkje brenn deg – bruk ein gammal ullvott eller ein reiskap som gjer at du kan flytta appelsinane inn og ut av bålet utan å ta skade.

Tips: Ver varsam med syntetiske klede som fleece over bålet, det tek ekstremt lett fyr!

SJOKOLADEFONDANT: Ta ei appelsin og kutt av øvste delen, den skal du bruka som lok. Foto: Sigrid Henjum.

Lykke til!