Potetsuppa kan lagast heime og takast med ut på termos.. Lagar du den heime kan du bruka stavmiksar for å få suppa glatt. Elles er trikset å koka i hjel potetene til graut, så vert det berre små klumpar. Ute på tur vert suppa like god sjølv om det vert meir klumpar. Det finst faktisk stavmiksar på batteri om du vil ute-kokkelere med fancy utstyr. Suppa serverast med sprøsteikt bacon, pølse eller spekemat. Pynt med gaukesyre. Både blad og blomster er etandes og er rik på C-vitamin.Potetsuppetil 4 personar 1 lauk1/3 purrelauk1 fedd kvitlauk1 ss smør eller olje650 g poteter (Kerrs Pink, Troll og Mandelpotet høver seg godt)1 liter vatn2 hønsebuljongterningar1 ss Crème FraîcheSaltPepar200 g bacon, pølse eller spekemat, gjerne sprøsteikt Ein stor neve gaukesyre. Sjølv om gaukesyra er frisk og god, skal ein ikkje eta store mengder. Ho inneheld ei syre som kan vera hard mot nyrene om du et for mykje. Ein neve med gaukesyre tåler du godt.Del potetene opp i småbiter før du kokar dei, så vert dei fortare ferdige. Kok dei heilt til dei går i oppløysing og hell av mesteparten av vatnet. Noko vatn kan vera att.Lauk, kvitlauk og purre i små bitar fresast saman med smør eller olje i ein stor kjele. Når lauken er vorte blank, tilset du dei kokte potetene saman med buljong og vatn. Mos med det du har med deg ut av utstyr, potetstappar, visp eller gaffel. Tilset ei skei med Crème Fraîche og smak til med salt og pepar.Legg sprøsteikt bacon i midten, pynt med gaukesyra og gjerne god olivenolje. Trøffelolje, sitronolje eller kvitlauksolje passar godt.Kos deg!LES OGSÅ: Ute-mat som barna liker