Oldemor til Sander laga natronkaker – eller sveler –rett på vedomnen. Dei hadde ikkje steikeomn på den tida. Kakene kunne vera med eller utan sukker, alt etter bruk. Uansett var dei luftige, varme og gode. Eg fekk lyst til å prøva denne oppskrifta ute på bålet. Resultatet vart ei blanding mellom lefse og pannekake. Vil du eksprementera kan du prøva blåbær, sjokolade eller berre kanel i røra. Heilt vanlege smakar dei nydeleg med godt smør, brunost eller syltetøy. 

Natronkaker
1 liter kulturmjølk
3 egg
600 g mjøl
100 g sukker
2 ts natron

Rør alt godt saman til ein tjukk graut. Du kan erstatta noko av mjølet med speltmjøl eller litt havregryn om du vil. Eg har ikkje så mykje sukker i, men skal du ha dei som dessert kan du ha minst 50 g sukker til.

Røra må stå i minst 15 min før du steiker og det passar fint om du skal fyra bålet først. Lag røra heime, ha på ei flaske med stor opning og ta med ut. Røra må vera tjukk nok til at røra ikkje flyt for mykje utover, så ha i meir mjøl om naudsynt.

Du kan bruka ei steikepanna, ei ståltakke, eller ein flat stein til å steika på. Uansett må du ha litt feitt som smør, olje eller ei grisasvor (frå den heile baconbiten tildømes) til å gni steikeflata inn med. Hell røra på varmen og la stå til det boblar, snu kaka med varsemd og steik nesten like lenge på andre sida. 

Server med kokekaffi og eit stort smil!

LES OGSÅ: Kalde kaloribomber
LES OGSÅ: Utemat som barna liker