Han kan fortelje at det å vere redd for mørket er svært normalt, og noko vi har tatt med oss frå den tida vi var eksponert for andre typar farar enn vi er i dag. Synet er vår viktigaste sans og store delar av hjernen er involvert i å tolke synsinntrykk. I mørket blir vår evne til å sjå redusert eller heilt borte.– Samtidig har vi eit fryktsystem, som gjer at vi er redd ein gong for mykje heller enn ein gong for lite. Ser du ei løve og ikkje er redd for den kan det vere det siste du gjer, fortel Hansen.LES OGSÅ: TUR – Åleine i mørketFleire kan truleg kjenne seg igjen i at fantasien tek over i mørket. Scener frå skrekkfilmar ramlar inn i hovudet, og skuggar blir til tussar og troll. Dette verkar jo ikkje spesielt hensiktsmessig eller rasjonelt?– Radaren blir meir sensitiv, vi prøver hardare å hente ut informasjon frå det vesle vi oppfattar. Informasjonen blir meir fleirtydig, og det blir lettare å kople det du fangar opp med det som ikkje er riktig. Mennesket har gjennom lang tid vore utsett for farar og då har dette vore fornuftig.Skal ein bli kvitt redsla for mørket er det eksponering som må til. Men ein bør starte i det små. For nokre kan mørkredselen bli såpass alvorleg at det blir ein fobi, som påverkar livskvaliteten i negativ retning. Då bør ein søke hjelp, men Hansen er oppteken av at ikkje all hjelp er god hjelp.– Som forbrukarar er vi altfor lite kritiske når det kjem til psykisk helsehjelp. Vi har ikkje kome dit at forbrukaren er oppteken av skiljet mellom skulemedisin og alternativ medisin, seier Hansen.Han rådar om å søke hjelp kor ein får assistert, skreddarsydd eksponeringsterapi. Dette krev gjerne meir tid og krefter, men er det mest effektive.LES OGSÅ: Nordlysfotografene – jakten på lyset