PRØV ISBADING For nokre er det ikkje berre vanleg isbading, men trening til VM i vintersymjing. Så om du no prøver deg på isbading og tykkjer det er herleg, kan du vera med på VM, som arrangerast annankvart år, neste gong i 2020. 450 meter vintersymjing  er berre for dei tøffaste, og dei treng assistanse for å kle på seg når dei kjem opp. Nokre får endåtil ikkje att kjensla i fingrane før mange dagar etterpå. Men 25 og 50 meter kan dei fleste klara, og du kan velja om du vil symja bryst eller freestyle. Det bør være et sted mellom 0 og 4 grader i vannet for at det skal kunne kalles et skikkelig isbad. Eg held meg fast i den tynne trappa, ser ned på det kalde, mørke vatnet og lurer på kva i alle dagar eg har ute i dette iskalde vatnet å gjera? Eg veit det vert vondt og grusomt kaldt! I det tærne kjem ned i vatnet må eg skru på stålviljen for å ikkje høyra på fornufta. I takt med at kroppen vert omslutta av iskaldt vatn byrjar hyperventileringa. Eg gapar etter luft og armane går som ein hjulvisp. Etter eit par symjetak forstår eg at det er mest moro, eg døydde ikkje av kuldesjokk denne gongen heller, og no kan jubelen sleppast laus. Men jubelfasen går fort over til at nok er nok, ein må koma seg på land før ein mistar kjensla i føter og armar. Opp på land og få på seg klede fort! Varme sko, hua, vottar, dunjakka og ei varm buksa, før ein tek ein kjapp springerunde. Varm drikka på termos, og så kan roa senka seg. Og roa som no kjem er heilt spesiell. Huda kriblar og varmen spreier seg i det kroppen sender blod frå sentrale områder og ut til alle krinkelkrokar att. Med digre roser i kjakane og ein varm termoskopp i handa er alle problem i verda viska ut, livet er herleg etter eit iskaldt bad.LES OGSÅ: Kvalitetstid i Tuddal«Når eg kjem opp or vatnet kjenner eg meg uovervinneleg og sterk! Eg vert opplagt, kjenner meg vel, og det kriblar i heile kroppen!» – Sirin JohansenDet handlar om det store «kicket». Nokre får det av å hoppa i fallskjerm, andre av å køyra fort på ski og nokre får det av å hiva seg uti kaldt vatn.Sirin Johansen og Lisbeth Maurstad let seg freista av iskaldt vatn ein gong i veka heile vinteren, og uansett vær kastar dei seg uti og nyt det. Dei er med i ei gruppe frå Tromsø som passande nok kallar seg «Ishud». Kvar fredag klokka 17.00 frå september til mai er det tid for iskalde sjøbad. Kva er motivasjonen for å halda på med dette? Vert dei ikkje sjuke? Lisbeth meiner tvert i mot at dei vert herda og mindre sjuke av isbadinga.– Det er eit kick å hoppa ut i det kalde vatnet, seier ho. – Om ein er litt sliten i kroppen gjer det underverk. Det er som at muskulaturen slappar av, og det kjem igjen av at blodsirkulasjonen aukar, meiner Lisbeth, som er utdanna sjukepleiar. ISBADARTIPS Ikkje ta hovudet under vatn. I alle fall ikkje første gongen, det kan skapa unødig panikk. Fokuser på å pusta ut! Det kjem alltid nok luft inn. Slapp av - prøv å kontrollera kroppen. Om det er vondt å gå på steinane kan du bada med joggesko eller neoprensko. Ta med eit lite liggeunderlag til å stå på når du skal kle på deg att. Ha med nok klede, la dei vera romslege slik at dei er lette å få på. Varm drikka på termos er lurt. Sirin har halde på med isbading lenge, og fortel om ei kjensle som må vera verdas beste argument for å prøva isbading.– Når eg kjem opp or vatnet kjenner eg meg uovervinneleg og sterk! Eg vert opplagt, kjenner meg vel, og det kriblar i heile kroppen! Sirin arbeidar som lege og ho meiner isbading er ufarleg for dei fleste. Det er berre sunt, og alle som har lyst kan gjera det, hevdar ho. Ein må sjølvsagt kjenna sine eigne grenser, ikkje bada åleine og gjera det kontrollert. Ta med deg varme klede og varm drikka. Å ha ein stad å gå inn i varmen etterpå er også lurt. Sirin forklarar at det skjer noko i kroppen når ein utsett seg for eit kuldesjokk. Adrenalin vert sprøyta inn i kroppen når ein hiv seg uti, og etterpå kjem velvære-hormonane som gir den gode kjensla og får ein i godt humør.LES OGSÅ: Løpesesongen er langt fra overDet kryr ikkje av badeturistar på vinteren, sjølv ikkje på Bygdøy-stranda nær Oslo. Då får ein vera heilt i fred, bortsett frå ein og annan som er ute og luftar hunden. Endene og svanene ligg på tynn is, og lyset gjev himmelen pastellfargar.På Sognefjorden vert vasskorpa broten av ein nyfiken sel, som kiker på hutrande vinterbadarar. Vatnet i fjorden er krystallklart på vinteren, for alle algane har gått i dvale.I Tromsø må ein ha med seg ei hovudlykt om ein vil sjå dei ein badar med, elles vert ein berre konturar for kvarandre i polarnatta.Om ein klarar å leggja det faktum at det er iskaldt litt til sides, kan ein få med seg flotte naturopplevingar når ein er ute på vinter-lauging. Om ein badar nær ope hav vert det som regel ikkje mykje kaldare enn 3-4 varmegrader. Lenger inn i fjordane legg ferskvatnet seg oppå saltvatnet, også kalla brakkvatn, og der kan temperaturen koma heilt ned mot null grader i overflata.Om du no er freista til å prøva vinter-lauging eller isbading må du finna deg nokon å ta med deg. Om du ikkje klarar å få nokon med deg uti vatnet, så lyt du i alle fall få nokon til å vera med for å sjå på, i tilfelle du skulle stivna heilt. Men å dela galskapen med nokon er for meg meir enn halve gleda. Å få gaula litt, gjere noko iskaldt-gale og etterpå nyta roa frå ein frosen benk med nydeleg utsikt saman med nokon. Og det er berre første gongen du må overtala venen din, for etter å opplevd god-kjensla vil dei garantert vera med fleire gonger!LES OGSÅ: Skøytetur på Smalgjemenningen