I Hurrungane i Jotunheimen finn vi noko av den råaste og vakraste naturen vi har i Noreg. Spisse tindar, frodige dalar, isbrear, fjellvåk og villrein. Ringsdalen er ein av stadene som det verkeleg er verdt å sjekke ut. No er det dukka det opp endå ein grunn.

Ei 200 meter lang isgrotte vart oppdaga av eit turfølgje som var på veg til Ringstind. Slike grotter, eller tunnelar, vert danna av smeltevatn som renn under breane. Denne grotta, som ein finn om lag fire kilometer gange inn dalen, ligg i ei endemorene som vart danna då breen var større. Delar av isen har blitt liggande under lausmassane i morena, og blir godt beskytta mot vidare nedsmelting. 

Som med altfor mykje mykje anna, så vart eg merksam på isgrotta gjennom sosiale medier. Då eg fann ut at bileta var frå Ringsdalen, så tok det ikkje lang tid før me var på veg mot Sognefjellet. Sjølv om grotta ligg godt skjerma for vidare nedsmelting, er det ikkje lett å seie kor lenge den var trygg å gå inn i. Me ville ikkje vente til sommarvarmen kom for fullt og greip sjansen medan det framleis var kaldt.