BOKANMELDELSE Hyttebok frå Helvete Forfatter: Are Kalvø Kagge Forlag Alt har ein ende. I det partyprins Are Kalvø med entourage inntek fjellheimen er eit heidundrande jubileumsår definitivt over for 150-åringen DNT. Med ei sosialantropologisk bokbombe evna til å blåse opp sjølv den mest fastkilte latterdøra, tek kronikør Kalvø friluftslivet fatt og hyttelivet ved horna. Bakteppet er ei midtlivskrise opplevd frå «den andre sida»: På få år har Kalvø mista nær alle sine vener til naturen. Gode vener, som før støtt var med på pub for å prate tull, byrja brått å gå i fjellet. I det Kalvø innser at han som den einaste i venekretsen ikkje har lagt ut bilete av seg sjølv i steinrøysa, legg han motvillig ut på fjelltur for å finne ut kva kvalitetar, opplevingar og eksistensielle behov han ikkje får dekka i hotellbaren på Oslo Plaza. «Ein kan seie mykje om gledene i naturen, men dei er faen ikkje mykje enkle», konstaterer Kalvø halvvegs i si episke ferd. Derifrå og ut byr boka på rike dosar sjølvopplevd og svært attkjenneleg hyttehelvete. Når Kalvø klarar å dra lesaren fnisande gjennom 300 sider turskildringar frå Nordmarka (regn), Besseggen (tåke), Galdhøpiggen (tåke), Preikestolen og Hardangervidda er det fordi rekkja av sosiologiske svingslag er avlevert med så klokkerein treffsikkerheit at sjølv fjellfrelste lesarar gler seg til å ta i mot neste knyttneve. Asfaltcowboyen Kalvø vil moglegvis ikkje fatte kor stort dette komplimentet er, men til alle dykk andre der ute og oppe: Denne hytteboka forheld seg til andre hyttebøker som champagne til bokkøl.LES OGSÅ: Fjellmannen frå Helvete