UTE-MAT Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes.  Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding. I høst ga hun ut boka Et Ute, som nylig i nytt opplag. Potetlomper eller potetlefser har mange lokale namn, variantar og ikkje minst lange tradisjonar. Prøv å laga dine eigne lefser, dei vert endå bedre enn dei du kjøper i butikken. Fyllet bestemmer du sjølv, men denne julelefsa kan eg tilrå på det sterkaste!LES OGSÅ: Alt om turmatTil om lag 15 lefser1,2 kg poteter50 g godt smør1/2 dl surmjølk2 ss sikta sammalt rugmjøl3 ss sikta kveitemjølMykje kveitemjøl til utbakinga JulefyllRibberull eller syltefleskGod sennepSylta rødbetar Utstyr: Kjøtkvern eller stavmiksar, kjevle, steikepanna, steikespade(helst slik tynn, gammaldags i metall), varmekjelde som straum, bål eller primus. Potetene skal kokast med skallet på. Skrell dei medan dei er varme eller lunkne. Køyr dei gjennom ei kjøttkvern 2 gonger om du har det. Har du ikkje det kan du bruka stavmiksar eller kjevle og gaffel. Poenget er at dei skal vera mosa grundig sammen til ein jamn klissete masse. Tipset er å ringa på hjå ho gamle dama som bur attmed deg, ho har kjøttkvern, garantert. TIPS Beate, Kerrs Pink og Astrix er potetsortar som passar godt til potetlefser. Dei gamle meinar at ein bør bruke fjorårets poteter, men no til dags er det ikkje så mange som har poteter liggande i kjellaren. Men har du det, så veit du no kva du kan bruka dei til!  Rør ut smelta smør og surmjølk saman med mjølet i ein stor bolle før du har i potetmassen. Kna alt godt saman. Deigen skal vera fast og fin, men ikkje tørr. Tilset meir surmjølk om det er tørt og meir mjøl om det er for klissete.Ha rikeleg med mjøl på benken og del deigen opp i bitar på storleik med små tennisballar. Om du vil ha dei “perfekte” kan du bruka eit grytelok til å stikka ut lefsene med, etter at du har kjevla ut. Då vert dei runde og fine. Eg tykkjer det er litt av sjarmen at dei ikkje skal vera heilt like… TIPS GLUTENFRITT: Byt ut kveitemjølet med glutenfritt mjøl. LAKTOSEFRITT: Byt ut smør og mjølk med litt vatn, olje og eventuelt havremjølk.  Slik kan du anten steika lefsene heime og ta med ut på tur. Bruk tørr steikepanne eller ei takke. Steik lefsene på begge sider til dei er vortne lysebrune eller brunprikkete. Du kan ta med pålegg, pølser eller anna digg å ha på ute, eller du kan fylla dei heime. Det går også an å legga dei rå potetkakene med rikeleg med mjøl og eit matpapir i mellom. Slik kan du frakta dei med deg ut og hiva dei rett i ei tørr steikepanna på bål eller primus. Endå lettare er det å ta med seg heile deigen ut på tur, klappa til kakene i hendene med rikeleg med mjøl og steika dei slik, altså utan å kjevla dei ut. Tjukke potetkaker er også godt! Ei steinhelle fungerer like godt som steikepanne viss du vil prøva det.Gjer potetlefser på tur til eit lite prosjekt ved å laga dei sjølv og kanskje steika dei ute. Perfekt for barnehagar eller som julekos for heile familien. Gjer det utruleg lettvint med å kjøpa ferdige potetlefser på butikken og berre varma dei på steikepanna på bålet. Ditt val, for det viktigaste er å komma seg ut og nyta god mat ute.GOD JUL! LES OGSÅ: Guide til kokesystemer LES OGSÅ: Tapas på båletLES OGSÅ: Godt i termosen