I BUSK OG KRATT: Sauesanking handlar om å ferdast meir utanfor sti enn på sti. Det handlar om å ha blikket med seg og om å vere lur, om samarbeid og stamina.

BILDESERIE: Heim att

I BUSK OG KRATT: Sauesanking handlar om å ferdast meir utanfor sti enn på sti. Det handlar om å ha blikket med seg og om å vere lur, om samarbeid og stamina.HØGT: Ei vakker ørn svevar langt der oppe, med eit overblikk ein kvar sauesankar skulle ønske seg.OVER STOKK OG STEIN: Der nede er dei. No gjeld det å vere lur. Ikkje stresse, ikkje jage, snakke fint og mjukt. «Kome då sauen, vi skal heim atte no».PÅ SPRANG: Det var eigentleg berre sjarmøretappa igjen. Sauene var på riktig veg, men søya tok brått ei heilomvending opp igjen, med lamma på slep. Låra protesterer høglytt på manøveren. Ikkje la deg lure av den mindre atletiske kroppen til sauene. Dei kan springe fort og dei kan springe lenge. Men det kan jammen bondespreke sauesankarar også.SORTERING: Det brekast i kor når alle sauene til slutt er samla. Nokre skal vidare til Jølster, resten skal vere igjen på Haukedalen. Arne Åsmund Gjerland sørger for at riktig sau hamnar på riktig stad.HEIM ATT: Dyretransportbilen kjem for å ta med seg sauene som skal til Jølster, og med det er ei helg i fjellet er over. Eit uvisst tal brusboksar er tømt og fårikål fortært. Kroppen er sliten. Stemninga god. No er det berre eitt år til neste gong.BRUS PÅ BOKS: Etter fleire timar opp og ned og bort og vekk, og godsnakk med sauene, er nesten alle nede frå fjellet. Dermed er det tid for ein pust i bakken og påfyll av energi. Det er ikkje ofte Åge Støfring drikk brus, men under sauesankinga må det til. Eit sikkert teikn på at sauesankinga nærmar seg, er at kjølen i huset til familien Støfring fyllast opp med brus på boks.
UTE utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Gunhild Aaslie Soldal
Salg og marked: Olav Tarjei Valebjørg | Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt
Nettsiden er utviklet av Fri Flyt byrå