MAT PÅ TUR

Sigrid Henjum er UTEs faste turmatekspert.

Når kulda sett inn og kveldane vert lange, kan du svinga deg på kjøkkenet for å laga tursnop. Smakfulle kjeks og sjokolade med det beste du veit av frukt og nøtter er fint å ta med seg på tur. Ikkje berre smakar det godt, det er også supert å gi som gåve til turkompisen.

Rugkjeks med cashewnøtter og sjokolade

180 g smør

1,5 dl sukker

1,5 dl brunt sukker

3 egg

1,5 ts natron

1 ts ekte vaniljesukker

3,75 dl rugmjøl

2,5 dl cashewnøtter

200 g sjokolade

Skru omnen på 180 grader og finn fram ein stor bolle til å blanda i. Rør mjukt smør og sukker saman før du ha i egga. Visp godt saman før du har i dei tørre ingrediensane. Hakk nøter og sjokolade i små bitar og bland alt godt saman. Bruk ei lita spiseskei til å forma små kuler på eit bakepapir med litt mellomrom. 16 kjeks går på eit vanleg bakebrett. Steik dei midt i omnen i omlag 10 minutt. Vil du ha dei sprø, kan du ha dei lenge på ei avkjølingsrist og gjerne innatt i omnen berre på varmluft. Eg tykkjer desse kjeksa er best når dei er litt mjuke, og då har eg dei i ein tett boks rett etter at dei er avkjølte.

Eigenkomponert fruktnøtt

120 g nøtter og tørka frukt etter eige ynskje (til dømes macadamianøtter, valnøtter, mandlar og tørka tranebær) 

400 g mørk sjokolade (Til dømes Odense mørk chokolade 70 %)

1 ts kokosfeitt eller smør

Finn fram ei stor brødform og kle med bakepapir. Strø nesten alle nøttene og tørka frukt i botnen. Varm sjokolade og feittet i eit vannbad (kokande vatn i ei panna, ein metall/glasbolle oppi), til det er heilt flytande. Hell over nøtene og frukta og strø tilslutt dei siste nøttene på toppen som pynt.

Nytast i kald, skarp friluft saman med varm epletoddy eller kaffi.