GEITHORNET RUNDT • Geithornet (1460 moh.) er eit fjell i Ørsta kommune. Fjellet ligg nord for Langesæterdalen og sør for Gullmorbreen. • Geithornet Rundt kan gjerast på mange måtar. Vår variant gjekk frå Urke, via Geitskardet og fylgde så ryggen frå aust til vest.  Deretter ned sørryggen. • Egga er luftig, men ikkje vanskeleg. • Seint på året kan ein ha bruk for stegjarn og isøks for å krysse Gullmorbreen. • Turen kan også gjerast motsett veg, opp sørryggen og vidare langs egga mot Geitskardet. Det er mange fine teltplassar ved Storevatnet, og ein kan då kombinere med tur på Slogen. • For den som vil rangle endå lenger kan egga fylgjast frå toppen av Geithornet heilt til Vesle Brekketind på motsett side av Geitskardet. Eg og søster mi er på sommarferie heime på Sæbø. Skodda heng tungt nedover fjellsidene og syg livskrafta ut av heile bygder, det er heilt umogeleg å planlegge noko som helst. Skodda er i ferd med å lette, men desperant-kjensla sit framleis i kroppen og gjer alle val vanskelege. Etter å ha vandra kvilelaust rundt på tunet ei stund, avgjer ein telefon til søskenbarn Målfrid saka. Vi pakkar telt, strikkajakkene frå mor og det vi finn av mat i kjøleskåpet heime, og etter eit stopp på bakeriet på Sæbø og ein liten ferjetur kan eventyret byrje. Urkedalen har alt. Frodig fjellbjørkeskog, elvar og vatn i alle storleikar og fasongar, ein løyndomsfull bre, og absolutt alle variantar av spisse fjell. Midt i dalen ligg Langsætra på ein grøn sætrevoll omgjeven av store fjell. Men vi skal lenger. Vi passerer månelandskapet i Sykkylvsdalen, og snart er vi oppe på den hemmelege teltplassen på elvesletta. Den ser framleis ut til å vere hemmeleg. Vi har ikkje nokon konkret plan anna enn å vere her oppe. Men vi forstår at vi ikkje kan sove bort sumarnatta, ho er for ljos til det, og rett over oss ligg Gullmorhornet. Det ser kanskje lite ut blant kjempane rundt. Men prøv å stå oppe på egga der idet sommarnatta snur og fullmånen står opp over Brekketindmassivet og Gullmorbreen. For noko vakrare finst ikkje. Neste dag må Målfrid reise, men eg og søster mi skal ikkje rekke noko, og ein ny plan byrjar ta form. Vi set kursen lenger innover dalen, mot Gullmorbreen. Den ser snill ut, og vi listar oss over til Geitskardet. Det er nesten så eg høyrer kjenningsmelodien til NRK-programmet Bergtatt i bakgrunnen idet Slogen brått reiser seg rett imot oss, og egga vidare mot Geithornet står som ei pyramide i motlyset. Det er nemleg dette som er planen. Geithornet rundt. Vi kliv oppover idet utsikta til Gullmorbreen under oss vert stadig meir luftig. Og i eit par flytt før toppen av egga har vi absolutt ingenting mellom oss og breen langt der nede. «Har du sett den Gjendin-eggen noen gang? Den er halve milen lang, hvass bortfter, som en ljå». Skildringa av Besseggen i Peer Gynt har gått inn i litteraturhistoria, sjølv om ljåen til Henrik Ibsen må seiast å vere heller dårleg brynt. Geithornet, derimot, står til skildringa. Rett før toppen er egga verkeleg kvass som ein ljå. Men før den tid er det tre store tårn som må passerast. Det har skya til i vest. Regnet er på veg. Vi klatrar over dei to første tårna, men ved det siste tårnet høyrer vi tydeleg den store Bøygen som seier «Gå utanom!» og vi kranglar ikkje med han i dag. Så er vi framme ved det siste smale partiet. Her er det ikkje «lukt i vannene på begge sider», for framleis å halde oss tett opptil grunnteksten, men det er like fullt lukt i eitt-eller-anna. Eit bratt sva, som rett nok er mogeleg å passere lenger nede, forsvinn utfor kanten av fjellet ned mot Isvatnet i dalbotnen. Og på nordsida er det ingenting før Gullmorbreen. Vi vil helst ikkje vere her når regnet kjem. Med hendene over kanten på egga og beina i svaet entrar vi oss over, og framleis med regnet på avstand når vi til slutt trygg grunn og kan gå vanleg det siste stykket bort til toppen.  Strikkajakkene frå mor, brød frå bakeriet på Sæbø, heimelaga jordbærsyltetøy og utsikt heim igjen. Livet er godt. Nedover sørryggen ventar lettare terreng, sjølv om det framleis står att eit bratt parti. Men vi er godt oppvarma no, og legg like godt inn «skorsteinen» på veg ned: ein liten kamin med eit hol på midten som er så smalt at ein må ta av sekkane for å kome gjennom. Med gode tak i fjellet på begge sider kjennest det minst like trygt ut som ute på egga. Berre artigare. Resten av ryggen er lett terreng, men utan tydeleg sti, og det er kveld idet vi når teltplassen under bergveggen vår. Regnet kjem aldri. Og idet vi sovnar denne kvelden er eg nesten sikker på at eg høyrer ei stor geit mækre i natta. Neste morgon skin sola igjen, men no må vi faktisk heim anten vi vil eller ikkje, vi har ete opp både reservematen og restane av nista til Målfrid. Under oss ligg skodda, og litt motvillege tek vi farvel med teltplassen og set kursen ned i skoddehavet. På Langsætra lettar det litt, toppane på Saksa stikk akkurat opp over skodda. Dei har det sikkert fint dei som er der oppe i dag. Ved Haukåssætra er det heilt blått i vegkanten, vi vurderer å berre stikke blåbærplukkaren ut av bilen i fart. Vi vel likevel den meir tradisjonelle måten, og fyller opp bøtter og kar på ei lita stund.  Det vert blåbærpannekker til middag med heile slekta. Og i kveldinga, ute på trappa heime, ser vi sola farge Geithornet glødande raudt i sommarkvelden. Nesten så det helsar oss. Eg trur den store geita likte å bli klødd litt i nakken.LES OGSÅ: Dette pakka vi med   «Strikkajakkene frå mor, brød frå bakeriet på Sæbø, heimelaga jordbærsyltetøy og utsikt heim igjen. Livet er godt.»