UTE-PORTRETTET Namn: Are Kalvø Alder: 49 Bur: Oslo Aktuell: Kom i haust med Hyttebok frå helvete – ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen.   Her er han. Are Kalvø himself. I dongeriskjorte, litt pjusk, på veg til eit forestilling i Brattvåg. Han smiler, han er i djupet av Oslo sentrum, trikken dundrar forbi, neonlyset frå ein pizzeria blinkar, svevestøvet legg seg over elbilane, her trivst han best. 48-åringen frå Grandiosa-bygda Stranda er kjend for heile 16 år med ironi og satire i «Hallo i uken» på P2, ei lang rekkje standupshow, fleire milliardar aviskåseri, eitt og anna teaterstykke, ein opera om fotball, musikal, kneggande latter på statleg fjernsyn og bøker med merkelege titlar som «Kunsten å vere neger» og «Bibelen 2». No har han skrive «Hyttebok frå helvete» med undertittelen «ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen». Og for ein suksess! Boka sel i titusenvis. Friluftsfolk vil lese morosame observasjonar av seg sjølve. Anti-friluftsfolk vil lese morosame observasjonar av friluftsfolk. Med andre ord: Alle nordmenn på heile kloden vil lese Kalvø si bok.Og no skal vi prøve å bli litt betre kjend med forfattaren. Ein mann med nok sjølvtillit til å bere skjerf i 2018. Ein postmoderne Ivar Aasen – med satiriske kommentarar herifrå til Hurrungane.Lat oss gjere det gjennom 19 Facebook-venlege dialogar.Det kunne vore 19.000.Men vi har berre plass til 19. 1. Om oppveksten:– Du vaks opp på Stranda på Sunnmøre – omgitt av fjord og fjell. – Ja.– Du vaks opp i eit prospektkort?– Ja, det kan du seie.– De som veks opp i eit prospektkort vert kanskje blinde for det vakre?– Det trur eg er rett. Du får i mindre grad eit romantisk forhold til det du har nær deg. – Difor gjekk du aldri fjellturar på Sunnmøre på eiga hand?– Nei.– Står fjellet på eit vis i vegen for bygdefolket?– Nei, eg trur ikkje det. Det er meir det at vi ikkje på nokon måte legg merke til at fjellet er der. 2. Om Gore-Tex:– Til dette bokprosjektet kjøpte eg ei jakke som syner godt, seier Kalvø.Han smiler det kjende Are Kalvø-smilet.  – Det kan – ut frå bilete i boka – sjå ut som om du kjøpte ei grøn Norrønajakke i trelags Gore-Tex?– No stiller du vanskelige spørsmål. Eg kan ikkje svare på det.– Men snakka du ikkje med dei tilsette i sportsbutikken om jakka?– Vi snakka mykje om stil – ikkje så mykje om tekniske detaljar. Eg meiner at fargehistorikken innan friluftslivsklær er motsett av fargehistorikken innan datautstyr. I dataverda gjekk det veldig, veldig lang tid før ein fann ut at datamaskiner kunne ha noko anna enn beige farge. Fyrst i dei seinare år har det kome datautstyr med andre fargar enn beige. I friluftslivet, derimot, har det vore fritt fram og fullt kaos til alle tider.– Friluftslivet burde vore litt meir beige?– Ja. 3. Meir om sportsbutikkar:– Kva sa dei tilsette i sportsbutikken då du ville kjøpe klede til ein tur over Besseggen?– Det fyrste eg fekk vite, var at turen over Besseggen var det same som å vere i ein saueflokk – på charterferie. Det neste dei sa, var at det var viktig å ha klede som gjer at du blir sett om du skulle vere så uheldig å komme ut for ei ulykke. Med andre ord: Eg måtte ha sterke fargar. Men her er mitt poeng: Om det går nokon to meter framfor meg og to meter bakom meg over Besseggen, så  trur eg at eg vil bli funnen – uansett farge på jakka. Då eg sa dette i sportsbutikken, var det ingen av dei tilsette som lo. «Eg spør: Kvifor skal vi løfte fram dei som ikkje vil ha noko med nokon andre å gjere?»  Are Kalvø – Ingen?– Nei. Eg lærte etter kvart at folk som jobbar i sportsbutikk ikkje har humor. Men det er klart: Folk som går med solbriller inne har generelt eit humorproblem. 4. Om ideen til boka:– Eg har lenge hatt lyst til å skrive ein hyllest til det å vere saman med mange andre, fortel Kalvø.– Ein hyllest til dei store menneskesamlingane. Men samstundes har jo dyrkinga av det motsette blitt meir og meir utbreidd.– Kva meiner du?– No handlar alt om å vere aleine, det å gå sakte, det å vere stille, det å bruke lang tid på alt ein gjer. Eg spør: Kvifor skal vi løfte fram dei som ikkje vil ha noko med nokon andre å gjere? No er Kalvø ivrig.– Eg såg tv her ein dag, seier han.– Lineær tv. Det er ikkje ofte eg ser lineær tv for tida, men no gjorde eg det. Då innsåg eg at heile – absolutt heile – NRK-kvelden handla om folk som ikkje vil vere saman med andre folk. Først var det «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» — som av ein eller annan mystisk grunn held fram med å gå, sesong etter sesong. Så kom eit program som heitte «Heilt aleine», som handla om nokon som faktisk gjekk heilt aleine ute i naturen. Og deretter –eg tullar ikkje – kom ein dokumentar om ei kvinne som bur heilt aleine på Røst. Heilt aleine! På Røst! Og eg tenkjer: må vi på død og liv følgje etter dei som vil stengje verda ute, dei som vil stoppe tida?– Nei?– Nei. Eg likar ikkje det å stengje verda ute. Og eg likar ikkje det å stoppe tida. Tida skal gå. Og vi skal hengje med. – Var det slik du fekk ideen til boka?– Ja, det var ein som sa til meg at «du er så morosam når du er irritert.» Og så tenkte eg «ja, dette er boka eg skal skrive.» Heile «Hyttebok frå helvete» er eigentleg ein hyllest til det å vere i lag – kamuflert som ein friluftsharselas.5. Om å miste vener til friluftslivet:– Du skriv at du mista alle venane dine til friluftslivet. Korleis merka du det?– Via sosiale medium byrja eg å sjå kvar folk er når dei ikkje er saman med meg. Og då oppdaga eg, over fleire år, at dei alltid, nesten utan unntak, var på ein eller annan fjelltopp, med armane strekt mot himmelen. Eller så sat dei attmed eit tre. Eller så tok dei bilete av skispor.– Kvifor hende dette, trur du?– Den enkle forklaringa er at folk må halde seg i form. – Dødsangst?– Ja, dødsangst. Men det er jo ikkje noko moro å snakke om den enkle forklaringa. Difor gjekk eg ut på tur sjølv – for å forstå meir av kvifor alle forsvinn ut i naturen.6. Om hyttenamn i fjellet:«Fleskedalsbua», skriv Kalvø i boka. «Tjukka». «Bufsen». «Slaskedalsbu.» Og «Krykkja.» Og «Tåkeheimen.» Og «Kukeligrend.»– Hyttene heiter faktisk slike ting, seier han.– Det likar eg. 7. Om friluftsfolk:– Kva lærte du om friluftsfolk då du arbeidde med denne boka?– Eg lærte at dei lyg. – Lyg?– Ja. Dei lyg. Heile tida. Dei lyg oppsiktsvekkande og usympatisk. Ofte er det snakk om rein vondskap. Eg meiner personleg at ein ikkje kan seie til ei kvinne med øydelagt skisko at det finst ei hytte «rett nede i høgget her» – og så viser det seg at det er fire kilometer til den hytta, og ikkje nedoverbakke i det heile.– Du opplevde sjølv slike ting?– Ja.– Andre kjenneteikn?– Det er eit merkeleg overflatenivå på alle samtalane i fjellet. «Kor langt har vi gått? Kor lang tid brukte vi? Kvar skal vi gå i morgon? Kva har vi smurt med? Er det kaldt i dag? Kor mange gnagsår har du?» Folk går rundt i ullundertøy og snakkar heilt alvorleg om desse tinga. Og då vert ein ikkje godt kjent med kvarandre. Ein får aldri vite kva dei andre på hytta meiner om den politiske situasjonen i Aust-Europa.– Er det kanskje dette friluftsfolk er ute etter? Det ufarlege samveret?– Det kan vere. Friluftsfolk er alltid positive. Alt er – alltid – positivt. Sjølv om det regnar, sluddar, snør – alt er positivt. – Er ikkje det eigentleg ein fin ting?– Tja. Eg sa til ein friluftsmann: «Hardangervidda er keisam. Mykje ser likt ut her oppe.» Men det ville ikkje friluftsmannen høyre på. Dette er ikkje ein samtale som er vanleg å ha i fjellet.– Fjellfolk toler ikkje negative utsegn?– Nei. Og du kan ikkje berre vere litt positiv, heller. Det er ikkje nok.  Eg sa til dømes at «turen eg gjekk i dag var heilt grei» – og meinte det. Men slike utsegn er friluftsfolk lite mottakelege for. – Likte du å snakke med friluftsfolk?– Ja. Eg gjorde jo det. Men det er bra det ikkje finst fleire hytter i fjellheimen enn dei vi har no. Det er eit faktum at du møter dei same folka heile tida på slike hytte-til-hytteturar. Og etter kvart går ein tom for samtaletema. «Om eg skulle gått aleine i fjellet, ville eg berre tenkt på at eg kanskje ville gått meg vill. Og så ville eg tenkt på gamle melodi grand prix-låtar. Gamle melodi grand prix-låtar kan vere veldig krevjande å tenkje på.» Are Kalvø 8. Om å skryte: – Min kjære byrja plutseleg å skryte til andre folk – inne på Juvasshytta – av kor lite tid vi hadde brukt over Besseggen, seier Kalvø.Han ser forventningsfull ut no. Som ein varm vårdag, der snøen smeltar, i Øvre Dividal.– Ja?– Då vi skjønte kva ho hadde gjort, stakk vi derifrå så raskt som mogleg. I bil.– De køyrde frå Juvasshytta, i bil, med ein gong de innsåg kva som hadde skjedd?– Ja. Vi måtte bort. Så fort som råd. 9. Om humor i fjellet:– Ein møter ikkje mykje motstand blant fjellfolk, seier Kalvø. No kneggar han igjen, lik ein orrfugl ved Tufsingdalen.– Ein kan jo seie dei same tinga kvar dag og komme unna med det. Og då svinn humoren vekk – sakte, men sikkert.– Er det eit alvor over friluftslivet?– Nei, ikkje akkurat eit alvor. Det er meir ei påtatt lettheit  – ein friskusaktig og passeleg humørfylt måte å vere på. Friluftslivet er ikkje eit krevjande liv å vere i.LES OGSÅ: Et opprop til all verdens pulsklokkeprodusenter   10. Om DNT-medlemskapet:– Har du fornya det etter at du vart medlem under bokarbeidet?– Ja, eg trur det. Automatisk. Via e-faktura.– Har du tenkt å fortsette med det?– Nei. Eg tenkjer at eg kan spare verda for litt unødvendig papir ved å melde meg ut. 11. Om det inderlege:– Du har dyrka kåseriet heile livet?– Ja. Eg er kåserande av legning. Det er slik eg ser verda.– Er ei av utfordringane ved å vere kronisk kåserande at du sjeldan klarer å delta inderleg i noko som helst?– Ja.– Hadde du nokre inderlege augneblink på fjellturane i boka?– Ja, til dømes då eg sat i peisestova på Gjendesheim i lag med ein gjeng oljearbeidarar og rølte.– Ei oppleving som minna veldig om det å vere på pub?– Ja, nettopp.– Du mista ikkje deg sjølv til naturen undervegs i arbeidet med denne boka?– Nei.– Ikkje ein gong då du gjekk i vakker natur i vakkert vêr?– Nei, aldri medan eg gjekk. – Du kom aldri inn i ein zen-tilstand?– Nei, det har eg ikkje i meg. Eg vart meir glad – og inderleg – då eg møtte ei dame frå Australia som sat aleine ved middagsbordet på Finsehytta. At du har reist aleine frå Perth til Finse er noko eg kan like. Det er sjukt – og eg likar sjuke ting. «At du har reist aleine frå Perth til Finse er noko eg kan like. Det er sjukt – og eg likar sjuke ting». Are Kalvø 12. Om å gå aleine:– Du vurderte aldri å gå aleine på fjellturane dine?– Nei.– Ville du tørre å gå aleine?– Ja. Eg går aleine heile tida, eg.– I byen?– Ja, men ikkje berre i byen. Eg likar å gå rundt på mindre plassar, òg. Til dømes i downtown Surnadal. Der er det fint. Der forsvinn eg i mine eigne tankar. Fine tankar. Om eg skulle gått aleine i fjellet, ville eg berre tenkt på at eg kanskje ville gått meg vill. Og så ville eg tenkt på gamle melodi grand prix-låtar. Gamle melodi grand prix-låtar kan vere veldig krevjande å tenkje på.13. Om staheit blant friluftsfolket:– Veldig mange friluftsfolk er overtydde om at eg lyg når eg fortel kva eg tenkjer om turlivet. Dei færraste trur at eg snakkar sant når eg seier at friluftslivet er heilt greitt, men at eg aldri kjem til å prioritere det.– Dei tek feil?– Ja. Hehehe.Kalvø ler like tørt som reinlav i Rondane no.  14. Om heimkommunen Stranda:– Du kjem frå ein kommune som for berre nokre få år sidan hadde fleire hundre millionar kroner i underskot fordi han hadde bygd ut Stranda skisenter på alle moglege vis. Korleis såg du på denne bruken av pengar?– Eg tenkte at dette angår heldigvis ikkje meg.– Om du var ordførar på Stranda – kva ville du prioritert?– Eg ville generelt prioritert ned alt som har med fjell å gjere. 15. Om gondolar:– Men inst inne likar du gondolar?– Ja.– Kvifor det?– Ein stor heis som går opp til ein restaurant? Hallo? Kva kan ein ikkje like ved det?  16. Om klatring versus klyving:– Folk skil mellom klatring og klyving, seier Kalvø plutseleg.– Det er eit problem, fortsett han.– Ja vel?– Etter at vi hadde gått Besseggen i regn og to centimeter sikt, vart vi irritert over at ikkje nokon hadde fortalt oss at du må klatre for å gå denne turen. «Ein må jo klatre på turen over Besseggen», sa eg til folk. Men då svarte dei: «nei, det er ikkje noko klatring på Besseggen. Det er berre klyving.»– Dei lyg?– Ja, dei lyg. 17. Om det farlege i fjellet:– Om du fell i fjellet..., seier Kalvø.– Ja?– Om du fell i fjellet og døyr, då er du mest sannsynleg berre ein utrent utlending. Slik tenkjer norske friluftsfolk.18. Om turane han gjekk i boka: – Kvifor valde du å gå berre dei mest kjende og mest populære turane i Noreg: Besseggen, Galdhøpiggen, Preikestolen og på ski over Hardangervidda?– Fordi eg ville gå klassikarane – for å sjå om eg kunne bli frelst, slik alle andre blir frelste. Hardangervidda valde vi nettopp fordi vi ville gå der det er mest folk i påska. Eg vart skuffa. Alle snakka om at det skulle vere så mykje folk på hyttene – at vi måtte ligge på golvet, i stablar oppå kvarandre, inne i komfyren. Eg hadde gledd meg til det. Men så var det jo ikkje slik. Det vart nesten eit problem for meg – at det var altfor få menneske å snakke med. Så eg byrja å stoppe dei få som gjekk forbi meg for å prate med dei. For å være ærleg, så var det berre sånn passeleg populært at eg gjorde det. Eit «hei» ute i fjellet er greitt. Men ein lang samtale? Det er ikkje bra. «Ein stor heis som går opp til ein restaurant? Hallo? Kva kan ein ikkje like ved det?» Are Kalvø   19. Om fjellet Slogen på Sunnmøre:– Har du vore på Slogen?– Nei.– Har du tenkt å gå på Slogen?– Nei.– Du tenkjer generelt ikkje på Slogen?– Jo.– Du gjer det?– Ja, men eg tenkjer på diskoteket Slogen. Det låg på Stranda då eg gjekk på vidaregåande. Eg saknar dette diskoteket.LES OGSÅ: UTEs bokanmelder: Hyttetortur «Eg likar ikkje det å stengje verda ute. Og eg likar ikkje det å stoppe tida. Tida skal gå. Og vi skal hengje med».  Are Kalvø LES OGSÅ: Friluftsliv – rekreasjon eller prestasjon?LES OGSÅ: Test av varmt ullundertøy