LES OGSÅ Kalde kaloribomberSnicerskakeGodt i termosenKaffislabberasPizza på bålet SIGRID HENJUM Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding.  Meny:Røykelaks på pepparrotKalkunbryst med honning og appelsinVarm tur-OreokakeRøykelaks på pepparrotBruk flatbrød, tynt knekkebrød eller liknande. Små rugkjeks som vert brukt til ost er fint. Legg på rikeleg med pepparrot-pasta (grøn tube) som du får kjøpt i butikken og legg på ei tynn skive røykelaks. Enkelt og godt. Tre bitar per person er ein fin forrett.Kalkunbryst med honning og appelsinI denne oppskrifta har eg brukt kalkun, men du kan også bruka både kylling og andebryst, alt etter kva du likar best og har tilgang på.Oppskrift til 2 personar350-400 g kylling/and eller kalkunbryst2 gulrøtter1/4 sellerirot2 poteter2 kvitlauksfedd1 appelsin50 g smør2 ss honning2 ss soyasausSalt, pepar og evt litt kayennepeparBruk ei litt høg steikepanne som har lokk. Smelt smør og ha i honning. Del appelsina i to. Den eine halvparten skal du skvisa saften av i lag med smør og honning, medan den andre halvparten skal du skjera skallet av og dela opp i fine små bitar. Legg kjøttet i steikepanna i lag med smør, honning, kvitlauk og appelsinsaft. Steik på begge sider, slik at fileten får farge og legg han til side. Gjerne under lokk eller i aluminiumsfolie. Ha alle dei finkutta grønsakene opp i steikepanna i lag med «sausen» og rør godt rundt. La dei surra i 10 minutt før du legg fileten tilbake, ilag med appelsinbitane og soyasausen. Legg lokk på alt saman og la stå i omlag 10 minutt til. Viss du kjenner på kjøtet, skal det vera like hardt som ei sprettrumpe – då er det perfekt. Smak til med krydder.Varm tur-OreokakeÅ kalle dette ei Oreo-kake vil kanskje fornærme nokon, men ingen vil bli skuffa med denne desserten på tur. Til 2-3 personar1/2 pk Oreo-kjeks1/2 pk vaniljekesamSjokoladesaus (1/5 flaske) eller 1/2 plate kokesjokolade smeltaEin neve marshmallows til å dekka overflataLitt fløyte eller smørKnus Oreokjeksa i botnen av ei steikepanne, eller bolla som tåler varme. Spre vaniljekesam utover. Bruk sjokoladesaus, anten slik du har på isen, ferdigkjøpt i butikken, eller smelt kokesjokolade saman med ei spiseskei fløyte eller smør i ein kjele. Hell dette over kesamen. Dekk steikepanna med små marshmallows og bruk primusen opp-ned for å få ei brun hinne. Pass på så du ikkje set fyr! Bruk ullvottar når du snur primusen, ha god klaring til syntetisk materiale og ver varsam!Serveringsklar når marshmallowsane har fått ein fin brunfarge.Mmmm!