– Skal me ta ein trippel P i dag og?  Me nikka begge samtykkande, for trippel P er enkel, rask og god turmat. Trippel P står for pasta, pølse og pesto. Det er tre ingrediensar som er lette å ha med seg og middagen er ferdig på fem minutt. Det passa oss perfekt, etter ein lang dag på sykkelsetet. Noreg skulle syklast på langs og det vart nokre trippel P-middagar i grøftekantane. Pastaen kan du variera med alt i frå fullkornskruer til ferdigfylte puter, kalla ravioli. Kok pastaen som oppgitt på pakken, og så kan du anten steika pølsebitane først eller berre hiva pølsa oppi pastavatnet. Alt etter kor stor hungeren er. Sil av vatnet og rør inn masse pesto. Perfekt vert det om du strør litt raspa ost på toppen. Server med det same.  Trippel Pfor 2 svoltne personar250 g ukokt pasta1 glas med pesto (omlag 190 g)minst 3 pølser i vanleg storleikeller minst 120 g spekepølsalitt raspa ost etter eige ynskje  Makaronigryta til besta2 personar  150 g ukokt makaroni250 g kjøtdeig3 ss tomatpure1 ts sukker1/2 ts salt Kok opp makaronien til han nesten er ferdig, og set gryta til side. Steik kjøtdeigen og når den er ferdig har makaronien i gryta også vorte ferdig. Sil av vatnet og bland i tomatpure og litt sukker og salt. Ha i kjøtdeigen og bland alt saman.  Pasta carbonara2 pers 250 g ukokt pasta1 dl fløyte (du kan bruka mjølkepulver, bland berre med halvparten av vatnet)2 eggeplommer(kan sløyfast viss det er vanskeleg å ha med på tur)50 g raspa skarp ost, type parmesan eller norsk kvit geitost150 g bacon i små bitarPepar Kok opp pasta og set til sides før han er heilt ferdig. Steik bacon medan pastaen gjer seg ferdig. Bland saman fløyte, egg og raspa ost. Sil av vatnet på pasten og rør inn fløyteblandinga. Server straks med sprøsteikt bacon og eit drys pepar på.