Når minusgradene svir i ansiktet, du er sliten og kald, treng du noko som gjev deg styrke til å ta siste bakken før du slår opp teltet. Då vil du ikkje ta fram noko som er beinfrose, men heller noko som er saftig og fullt av herlege kaloriar, og som gir ny kraft. Her er oppskrift på to saftige kaker som du lagar heime og pakkar i sekken, rett ved sidan av termosen med den varme drikka. Ta med ein bit til turkameraten òg, han vil garantert spørja etter oppskrifta. Eg har testa kakene på Svalbard i 30 minusgrader, dette er gode greier!

Bjørnebrød (energibomba!)
500 g smør
500 g brunt sukker
500 g mørk sirup
Desse ingrediensane smeltast saman i ein stor kjele, og kjølast ned til romtemperatur.

Ha så i det turre:

500 g havregryn
450 g kveitemjøl
2 ts kanel
2 ts ingefær
1,5 ts natron
0,5 ts salt
1 dl solsikkekjerner
200 g rosiner
100 g aprikosar (delt i små bitar)
100 g valnøter (grovhakka)
2 egg som ein blandar inn til slutt

Kle ei djup langpanne med bakepapir, og hell i den tjukke røra.

Steik på 150 grader i 30 minutt. Kaka må ikkje steikast for lenge, for då vert ho for hard. Før kaka vert kald, deler du henne opp i ruter. Dette er mektige saker, så kaka kan godt delast opp i små bitar. Etter at dei er avkjølt kan du pakka kvar bit inn i plastfolie, så kan du ha ein bit lett tilgjengeleg i lomma!

Brownies som aldri frys (Svalbard-kaka)

400 g smør
350 g sjokolade (kokesjokolade eller mjølkesjokolade)
8 egg
8 dl sukker
6 dl kveitemjøl
3 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver

Smelt smør og sjokolade i ein kjele.
Pisk egg og sukker til eggedosis, og bland alle ingrediensane saman.
Denne oppskrifta passar i ei vanleg langpanne.
Steik kaka på 150 grader på nedste rilla i 25 minutt.
Når du stikk kniven i midten for å sjekka at kaka er ferdig skal det sitja att røra på kniven. Set kaka til avkjøling og del opp i bitar når ho er vorten kald.
Begge kakene held seg lenge i kjøleskap, eller du kan legga dei frysen og ta opp bitar etterkvart.