FERDAMINNE FRÅ SOMMAREN 2018

I sommar arrangerte Vinjerock og UTE skrivekonkurranse med temaet «Ferdaminne frå sommaren 2018».

Juryen skriv: «Ei reiseskildring som juryen ikkje klarte å la fare. Godt driv, levande språk og eit døme på at dei færraste turar blir heilt som venta. Det kan det bli godt lesestoff av».

1 plassen gjekk til Dronemishandler

Støtt og stadig høyrer ein nordmenn i alle slags sosiale lag og samlingar kåsera, med intensitet og tindrande innleving, om eit tilsynelatande evigvarande samtaleemne. Om ei historie om lag så urgamal som dei fjell og vidder det heile dreiar seg kring, nemleg Ferdaminna. Dei kan nærast seiast å ha blitt ein del av den kollektive underbevisstheita, noko ein alltid har med i ryggsekken. Det er nedfelte minner om nasjonalheltane Nansen, eller Vinje, sine fagre og farefulle ferder over polar og tindar. Og det er bestemor sine skildringar om vegen opp fjellsidene, fram til setrene over gardane heime. Nokon historier er valdsame og fulle av vågemot. Andre er lågmælte, melankolske, og harmlause, utan å mista verdet sitt av den grunn. Kvar på skalaen følgjande ferdaminne legg seg, får vere opp til kvar enkelt ferdande å bedøme. Det inneheld vel så mykje slaraffenliv og livsnyteri som standhaftigheit, men handlar likeframt om dei fantastiske opplevingane berre fjellet gjev. 

Det var ein av dei morgonane der skodda låg særleg tjukk i Jotunheimen. Ute ruska det i teltduken, og toreværet buldra som verst kring teltet, underteikna, og kjærasten. Eg låg framleis med auga knipne att. Våga knapt opne dei for å sjekke stoda. No skralla det skikkeleg. Kanskje best å sove det her ut. Eg fann att i godstillinga på liggeunderlaget og venta på at søvnen skulle omfamne meg på ny. Men torevêret buldra vidare, og eg vakna på nytt av at ruskinga i teltet tok seg opp. «Hallo? Er det liv der inne?! På tide å stååå ooopp!» Det vart visst ikkje vinden, men turfølgjet som heldt ruskinga i gang.

«Lat gå då », mumla eg. Det var berre å ta inn over seg dei harde realiteter som venta der ute. Festivalfolket i Jotunheimen hadde vakna, og der var ingen veg utanom. No måtte ein opp. Kjærasten banna nokon ukvemsord som openbart hadde fått godgjere seg for lenge over natta, medan famlande fingrar fann fram til glidelåsen for teltopninga. «Srrripp!». Teltduken for til sides. Eit blendande solskin slo mot oss, akkompagnert av eit friskt og kjærkome vindpust. Det var midtsomar i fjellet, og eit nydeleg vêr med det, medan styggevêret var eit resultat av eigen skallebank. Ein fekk berre freista riste av seg tåkesynet og torebyene som i dei tidlege morgontimar hadde danna eit særs lokalt, og aldri så brysamt lågtrykk inn under pannebrasken. Frå soveposen utfalda ei strålande utsikt seg. Sola spegla seg i Bygdinvatnet, og dei milde heiene kring fjellhytta Fondsbu var for anledninga pynta opp til fest. Dei var kledd i hundrevis av telt i alle slags fargar og fasongar, busett av feststemde fjellfolk kledd i alle slags fargar og fasongar. Eg tumla ut i berre boksaren, og reiste meg opp for å strekke skikkeleg ut. Den heidundrande festen frå natta før var stadig gjeldande. Torevêret tok seg smått opp att. 

Utanfor teltet sto ei oppglødd turvenninne og sutta på ein camelbackslange. Kjærasten kom krypande ut av teltopninga bak meg medan ho sendte venninna eit olmt blikk. Det såg ut som om ho kontemplerte valdsbruk, og kor langt over tregrensa menneskerettar og lovverk verkeleg strakk seg. Venninna hånflirte attende: «Her er det berre å komme seg ut av gårsdagen og inn i fjellstøvlane. Eg har fått tak i Sindre. Han kan hjelpe oss med bil, og tek følgje over Uranosbreen og opp på toppen. Bilen står klar nede ved Fondsbu no.»

«Er det sant?!» Kjærasten måtte ut med dagens første smil. Dette var godt nytt, sjølv dagsforma teke i betraktning. Vi hadde håpa på å gå turen i fleire år, men ikkje hatt moglegheit grunna manglande skyss og erfaring med brear. No hadde vi plutseleg tilgang på begge deler. Vi pakka sekken i ein fart, samla saman det vi kunne raske til oss av brødskalkar og sjokoladeplater, og sprang i veg for å rekke skyssen innover Koldedalen. Nede ved Fondsbu stod det ein rusta Subaru og brumma utålmodig på tunggang medan den venta på at eg, kjærasten, og venninna mi bana oss veg mellom alle dei andre festivaldeltakarane som hadde teke fatt på dagens små og store utflukter i og kring Fondsbu. Ein uforskamma munter jentegjeng kom joggande forbi oss i ei heidundrande fart. «Skal de langt?», spurde ein av oss i det dei passerte.

– Tenkte oss opp på Mjølkedalstind. Må nyte godvêret!

Ho rakk knapt å rope ferdig setninga før følgjet forsvann ut i periferien.

– Forbanna kor spreke dei der skulle vere, då..

Vi hadde gått turen under fjorårets festivalveke, og det var ikkje nokon liten topp dei hadde lagt ut på. 

«Utanfor teltet sto ei oppglødd turvenninne og sutta på ein camelbackslange.»

For andre brokete sjeler såg det i mellomtid ut til at ferda til og frå toalettbåsane, som var på plass i høve festivalen, var meir enn nok. Her og no følte eg meg nok mest på bølgjelengde med dette segmentet av fjellfolk. Omsider nådde vi fram til Subaruen. Pjuh! Første etappe vel overstått. Jentene vi nettopp snakka med stod nok på toppen av Mjølkedalstind allereie. I framsetet satt ein rakrygga og fjellsolbrun sjåfør og gliste medan han tromma fingrane utålmodig på rattet. Det var Sindre, ein lokalkjent og klatrevillig type som meir enn gjerne tok med seg vanskelegstilt ungdom oss med på tur. Vi pakka oss inn i bilen og spann i veg innover mot Koldedalen, som berre ligg nokon få liter Subaru-diesel unna Fondsbu.

Vel framme der vegen stogga, steig fire meir eller mindre turklare menneskjer ut av bilen. Vi var framme i Koldedalen, og la ein skrangleferdig Subaru, og eit smaragdgrønt fjellvatn bak oss, for å ta fatt på første bakke opp og inn mot Uranostinden. Til vest for oss skar Falketinden seg ut av himmelen. Rett forut tårna sjølve målet for turen opp i det fjerne. Dei som har hatt gleda av å komme innover fjellheimen frå Tyin på finvêrsdagar som denne, gløymer neppe første gongen dei ser dette praktverket av ein topp. Den fengslande eggen legg seg på netthinna, og bein og arma kleia etter å ta fatt på turen. No var dagen omsider komen. «Hadde berre siste timars oppladingsfase vore betre.. Hadde det berre vorte mindre karsk og meir fjellvatn», sa eg for meg sjølv. Nansen sin evig aktuelle leveregel frå eit møte med pelsjegerar på den legendariske skituren frå Bergen til Kristiania i 1884, gav stadig meir resonans: «Drikk ikke sterkt og røk ikke, når du har langt å gå

Nansen hadde gjort begge deler. Eg berre ein, men kjende det likevel som blylodd i beina. 

Etter ei tid langs den godt merka stien kom eit ektepar gåande mot oss ned frå fjellet. Og som folk som møter andre fjellfolk i fjellet gjer, vart vi stoggande ei knapp stund for ein prat:

 «Vêret er no upåklageleg.» 

«Ja. Litt av ei utsikt det her.»

«Å, de har vore der de, ja!»

«Blir ikkje stort finare no, nei.»

«Eit stykke igjen å gå, ja.»

«Ja, det er no rart med det..» 

..Og så vidare over på eit eller anna om vêret igjen.

Samtala gjekk etter ein kjent trall. Som om begge partar hadde signert ei felles samfunnskontrakt angåande kva det er verdt å prate om, og ikkje prate om, når ein dultar borti kvarandre i si eiga marsjfart langs krunglete stiar. Været, målet, føret, utsikta, og tidsramma er som regel dei fem hovudkomponentane som høyrer inn under dette manuset. Noko vidare sondering av mellommenneskelige relasjonar og kjensleliv, er det korkje tid eller rom for å utforske når ein støyter på framande i fjellet. Begge partar veit som regel akkurat når samtala nærmar seg slutten, og hastar nøgd vidare etter at dei har vist at dei er taleføre og tilstrekkeleg imøtekomande individ i fjellheimen. 

Vi la det ferdig snakka ekteparet bak oss, og fokuserte på turen framover. Praten gjekk fritt, og sjokoladen satt laust på veg oppover mot breen som venta på oss. Vi synsa og kokketerte om alt mellom himmel og jord. Analyser av alt frå meininga med livet, til meininga av namnet «Uranostind» var på bordet. «Ordet kjem openbart av at det er ei stor, krokete og kvass nasesom stikk opp av ura. U-R-A N-O-S-I: NOSI som i ei NASE, ikkje sant?» Kjærasten min resonnerte høglydt og oppglødd. «Joda.»  Det var vel mogleg å vere samd i logikken bak denne strengt tatt passeleg interessante analysen. Å halde liv i diskusjonen hadde elles ikkje noko vidare for seg, så vi tralta på, like lite røynde, om noko nærare målet.

Før vi visste ord av det var vi ved foten av breen. «Har alle teke med seg alt av naudsynt utstyr?» Sindre såg granskande på oss. Pakklista var det einaste mellom fjordarm og fjelltopp vi ikkje hadde snakka om så langt i dag, men jau, vi kunne banne på at alt var med. «Ok. Fram med sele, isøks og stegjern». Meldinga vart etterfølgt av romstering i alle fire sekkar. To sett med isøkser, stegjern, og selar vart henta opp i lyset. Intens romstering i to av sekkane heldt fram. ”Isøksa?!”. Med eitt steig pulsen. Eg såg på kjærasten min, og ho såg på meg. Dei to andre i turfølgjet såg oppgjevne på kvarandre. Plutseleg kunne ingen av oss hugse å ha teke med breutstyret. Ei famlande hand prøvde å grave fram ein fjerde dimensjon i botnen av sekken, i håp om at det var klatreselar å finne der. Akk nei. Den låg nok igjen i ytterteltet på campen, saman med organiseringsevnene.  

Turen hadde fått ei brå vending. Her var det berre å ta inn over seg realitetane. Verken eg eller kjærasten hadde utstyret som skulle til. Vi fekk sende oppover den delen av turfølgjet som faktisk hadde førebudd seg til tur. Medan dei to festa seg i tauet og stramma selane bladde eg opp i første fjellvettregelbok, kapittel 8, og resiterte så høgt eg kunne i mitt stille sinn dei velkjende salmeorda: «Det er ingen skam å snu, det er ingen skam å snu, det er ingen skam å snu…» Kjærasten min slutta seg til klagekoret. Denne stillferdige messa for to heldt fram heilt til våre følgjesveinar forsvann som to silhuettar langt oppe på breen. Attende stod eg og kjærasten. 

Uranostinden lot seg ikkje pille på nasa av nokon jyplingar som ikkje var budd for fjellet, men vi fekk taka det vonde med det gode. No rakk vi i det minste den nye stjerneartisten alle gledde seg til på Vinjerocken. Det var likevel noko lutrygga at vi vende nasa frå breen. Eg med ei avhandling om at eg kunne sverja på å ha lagt det forbanna utstyret i sekken, medan kjærasten prøvde å muntre meg opp med siferske avhandling om kvifor det måtte vere nettopp ei nase som stakk opp av ura. Historia vart sjølvsagt ei mager trøst for ein som hadde venta på denne tinden i fleire år. Heilt håplaus var den nyvunne situasjonen likevel ikkje. Plutseleg stod det to yre kjærastar uforstyrra i midtsommarfjellet. Kan hende fann vi ei avsides ur som tente til fleire formål enn berre fjellvandring, utan at lesaren treng legge nasa si opp i akkurat det!