Vind kjølar meg ned og eg sveittar mindre. Sola skin, ho steikjer, og det er ikkje eit vindpust. Kanskje det blir meir vind når eg kjem høgare opp. Det brukar då blese meir høgare opp. Eg håpar eg møter vind høgare opp. 

Eg er genetisk feilkonstruert. Det er meininga at augebryn ska leia sveitte bort frå augo. Åt meg vert sveitte leia inn på augo. Og det svir. Blanda med solkrem svir det som helvete. Og det er ikkje råd å ikkje bruka solkrem, sånn som sola steikjer.