Full konsentrasjon, og smilet på plass. Tak for tak. Heilt til Mia ser over kanten, og grip om toppfestet for klatretauet med eit frydefullt rop.– Eg er oppe!

Det er altfor tidleg morgon då klokka ringjer. Lydane utanfor soveromsglaset tyder på auseregn, men yr.no har lova finver. Når vi 1½ time seinare står på parkeringa nedanfor Haugastølen i lett duskregn, ser vi tydlege teikn på at dagen skal bli både lysare og lettare. Det er ein småtrøytt, men høgt motivert gjeng som har møtt opp for å bli med på bretur. Dei fleste er på veg til noko heilt anna enn det dei tidlegare har opplevd.

Les også: Pilketur til Øyungen

10 barn, 9 foreldre, 2 instruktørar og kassevis med stegjern, selar, hjelmar, isøkser og tau. Bretur er ei tolmodsprøve. Alt skal vere trygt og sikkert, og det tek tid å tilpasse og finne rett utstyr. Men med verdens mest rolege og tolmodige instruktørar, Irene Befring og Siv Falkenstein, blir turfylgjet etter kvart rusta for tur. Då isøksene kjem fram og ungane får velje kvar si, veks forventninga. 

Berre få minutt etter at vi begynner å gå kjem vi til Haugastøylen. Stølen ligg på eit høgdedrag, den gamle endemorena frå midten av 1700-talet. Endringar i klima har ført til at breane har forandra seg gjennom tidene. For om lag 3000 år sidan tok breane til å vekse, og dei nådde ein topp på midten av 1700-talet. Ved juletider i 1742 kom det ein mann over breen og ned til bygda, og fortalde at isen hadde brote ned eit av sela på stølen. I dag tek det mellom 1-1½ time frå Haugastøylen og opp til brekanten.

Les også: Familiens sykkeltips

Turen opp til breen går i til dels tungt og bratt terreng, men dei turvande barna i alderen 8-12 år, tek etappen lett og fint.  

– Oaoo! Kult! Rått! 

Det gjer inntrykk å komme opp og få sjå isen tett på. Isøksene kjem i bruk med ein gong, og det blir gjort ein ivrig innsats for å gjere breen mindre. Breførar Irene har gitt klare instruksar om at ingen må gå opp på isen utan stegjern. Isen er svært glatt og overraskande hard. Vi tek på selar og jern, tauet vert klargjort og alle blir forsvarleg festa på. 

- Set føtene med alle piggane godt ned i isen, gå med god avstand mellom kvarandre og ikkje trakk på tauet, instruerer Irene. Det alle hugsar best er at når vi skal gå nedover må vi gå breibeint, som om vi går med bleie. Så er vi i gang. Som ein lang slange som slynger seg sakte oppover dei blå-kvite massane. Isen glitrar i gløtt av sol, og små kulpar lyser kalde og blå. Under oss knirkar og knakar det når piggane møter isen. Det kitlar i magen når vi går heilt ut på kanten og kik ned i djupe sprekker, og når vi skal gå over vår første sprekk er det ikkje fritt for at pulsen tikkar fortare.

Les også: Familiesurf på Jæren

To klatretau blir rigga i ein isvegg ved dagens base.  

– Hjelp, dette er vanskeleg, ropar Linnea, og strevar med å få kontroll over både stegjern og økser i klatreveggen. På første forsøk snur Linnea etter nokre få tak, men ho gjev seg ikkje med det. Jenta på 8 prøver igjen og igjen, og blir tøffare og tøffare for kvart forsøk. Ho er ikkje den einaste som utfordrar seg sjølv og tøyer eigne grenser. Ungane er ivrige, dei fleste har nesten ikkje tid til å ete. Medan dei ventar i klatrekø hakkar dei i isen som små nissar og dvergar. Hakkar laus iskrystallar, eller byggjer demning i sildra som renn ned i den isblå kulpen under oss.

Når vi vaksne begynner å sjå på klokka og nokså motvillig tek til å tenkje på returen, protesterer dei yngste heftig. 

– Å nei, vi vil vere her meir. Kan vi ikkje klatre litt til? Berre ein gong til? Please! 

Vi vaksne har mest lyst til å kaste klokka i ei bresprekk og svare at sjølvsagt kan vi det, men på ein søndag kveld er det visst noko som heiter skule og jobb dagen etter. I det sola verkeleg begynne å stråle koplar vi oss tilbake i tauet, og startar turen nedover isen med mange draumar om ein ny bretur. Då ynskjer vi oss enno lengre opp i breen, enno høgre isveggar å klatre i og djupe sprekker å klatre ned i.

Les også: 

BRE OG BARN

Vil du også prøve bretur? Det finnes fleire moglegheiter til å leike i isen med borna. Turistforeningen Barnas Turlag har avdelingar fleire stader, og det er fleire som har breturar. DNT Oslo og Omegn har bretur på Tungestølen ved Jostedalsbreen, på blåisen ved Finse, og Stavanger Turistforening har bretur til Breifonn, Rogalands einaste gjenværande isbre. Skal du på Galdhøpiggen kan born over åtte år vera med i taulag over den snødekte breen, og breer som Nigardsbreen i Jostedalen har daglege moglegheiter for å verte med på bretur om sumaren.

Som abonnent på et av Fri Flyts magasiner får digital tilgang på alle plussartikler. Se for eksempel: