KRONIKK

Britt-Mari Aldal er PPU-student ved Høgskulen i Telemark, og er utdanna Leave No Trace Master Educator.

I Noreg har vi lange tradisjonar for sporlaus ferdsel. Det er ein av dei grunnleggjande verdiane i friluftslivstradisjonen vår. Vi har pliktar i høve til allemannsretten og bruk av naturen, og dei aller fleste er nok einige om at sporlaus ferdsel alltid bør gjelda når ein ferdast ute i naturen på ulike måtar. Vi er stolte over friluftstradisjonen vår, og alle nikkar sjølvsagt når det er snakk om sporlaus ferdsel. Men er vi eigentleg så gode på sporlaus ferdsel som vi vil ha det til? Ta til dømes den klassiske påsketuren. Heile storfamilien på tur. Far smørjer skiene, og mor lagar nistepakker. Klister, Kvikk Lunsj og kakao. Appelsinane i sekken skin om kapp med sola. Ut på tur, opp på fjellet. Å hei kor det går! Det går faktisk så bra at vi gløymde å ta med oss Kvikk Lunsj-papiret heim att. Det la vi att oppe ved varden med den flotte utsikta. Og appelsinskalet la vi att rett ved sida av løypa. Omtrent der som Tassen la frå seg sitt naturlege avfall. Hadde gløymt hundeposar, men dekka alt med litt snø slik at det blei borte. Vi såg det i alle fall ikkje att, men det forsvinn vel etter kvart? Den store plastflaska med Solo, som smaka så utruleg godt etter den lange skituren, gløymde vi visst att i solveggen. Men, det var ikkje så nøye eigentleg, for ved det gamle stølshuset der vi tok oss til rette og åt nistepakka vår, var det ingen likevel. 

Korleis utøvar ein eigentleg sporlaus ferdsel? Er det behov for noko meir konkret og handfast? Kanskje er det akkurat her at utdanningsprogrammet Leave No Trace kan kome til nytte. Det er utarbeidd for å fremje og inspirere til ansvarleg utøving av friluftsaktivitetar. Dette vert gjort gjennom utdanning, forsking og partnarskap. Alt på 1960-talet blei forløparen til Leave No Trace Center for Outdoor Ethics etablert av United States Forest Service. Etter kvart fekk dei med seg National Outdoor Leadership School (NOLS) i utviklingsarbeidet. I dag er organisasjonen Leave No Trace Center for Outdoor Ethics eit samarbeid mellom myndigheiter, organisasjonar, brukargrupper, produsentar, forhandlarar av friluftsutstyr og enkeltpersonar. Alle deler dei ei forplikting til å ivareta og beskytte naturen. Leave No Trace er internasjonalt anerkjend som eit av dei viktigaste symbola for ansvarleg ferdsel i og bruk av naturen. Det blir halde ulike typar kurs rundt om i verda, og ein kan sertifisera seg på fleire nivå. I Noreg blei det våren 2014 arrangert eit femdagars Leave No Trace Master Educator-kurs. Njord AS, eit havkajakkføretak i Flåm i Sogn, var ansvarleg for kurset, i samarbeid med NOLS. Eit nytt kurs er planlagd i april 2015. 

«Å hei kor det går! Det går faktisk så bra at vi gløymde å ta med oss Kvikk Lunsj-papiret heim att. Det la vi att oppe ved varden med den flotte utsikta. Og appelsinskalet la vi att rett ved sida av løypa. Omtrent der som Tassen la frå seg sitt naturlege avfall. Hadde gløymt hundeposar, men dekka alt med litt snø slik at det blei borte.»

Leave No Trace representerar ein filosofi som ikkje berre handlar å ta vare på naturen vi ferdast i, men òg å ta omsyn til dei menneska ein møter der ute. Vidare presenterer det heilt konkrete verktøy for å utøve sporlaus ferdsel. Og det er kanskje der behovet er størst når det kjem til sporlaus ferdsel i Noreg. Sporlaus ferdsel ligg der, men gjerne som eit litt diffust og noko uavklart omgrep. Sjølve hjartet av Leave No Trace er dei sju ulike prinsippa som handlar om korleis ein som brukar av naturen kan ivareta den på ein best mogleg måte. Prinsippa utfyller kvarandre, og om ein gjer det fyrste prinsippet, har ein på ein måte lagt eit grunnlag, og sjansen er stor for at ein òg lettare klarar å følgje dei seks neste. 

#1. Plan Ahead and Prepare: Det fyrste prinsippet handlar om at ein planlegg og er førebudd. Mellom anna handlar det om å velje tur etter evne, ha med seg rett utstyr, vere førebudd på ulike situasjonar, og kjenne til kva for tilhøve ein kan møte på i det område ein besøkjer. Eit konkret tips er å pakke mat på ein slik måte at ein tek med seg minst mogleg emballasje ut i naturen. For har du med mykje emballasje ut, er det òg ein stor sjanse for at det vil liggje noko att. 

#2. Travel and Camp on Durable Surfaces: Dette handlar om å ferdast og å slå leir på mest mogleg slitesterke underlag. Ver kritisk til val av leirplass. Gode leirplassar er usynlege. Vel slitesterkt underlag som grus, tørt gras, stein og snø. Når ein ferdast i populære område, som til dømes Aurlandsdalen, Trolltunga og på dei mest populære rutene i Nordmarka, bør ein halde seg til dei alt etablerte stiane. Sjølv om det er vått og gjørmete, bør ein tenkje på å halde seg på stien og unngå å trakke i kantane utanfor stien. Slik unngår ein å slite endå meir på eit alt sårbart område. Det handlar om gjere gode val av ruter og å velje fottøy og klede som ikkje hindrar ein i å trakke i litt gjørme og søledammar. 

«Eit konkret tips er å pakke mat på ein slik måte at ein tek med seg minst mogleg emballasje ut i naturen. For har du med mykje emballasje ut, er det òg ein stor sjanse for at det vil liggje noko att.» 

#3. Dispose of Waste Properly: Det tredje prinsippet handlar om handtering av avfall. Ein god regel er at alt du tek med deg ut, skal òg takast med heim att. Det handlar ikkje berre om avfall i form av plastikk, papir og mat, men òg om menneskeleg avfall. Tenk deg ein vårskitur i Hurrungane. Ringsdalen på sitt beste. Kvite toppar som blenkjer om kapp med sola. Faren for google-tan er overhengande. Ingenting i heile verda ser ut til å kunne øydeleggje idyllen. Eller nesten i alle fall… Dopapir bak kvar minste stein. Bæsj, bind og tampongar. Sikkert dekka til i beste meining med snø før på vinteren. Vi ønska oss vinter og pudderføre til evig tid, og ville ikkje innsjå at snøen pleier å smelte ut på vårparten. Og då er det mykje «godsaker» som endeleg kjem til overflata… Tenk gjennom korleis du handterer ulike typar avfall. Ha gjerne med ein liten spade i sekken, slik at ein kan grave seg eit lite hol der ein gjer det ein treng å gjere. Då kan ein dekkje til holet når ein ferdig, og det blir med ein gong mykje hyggelegare for neste mann å kome forbi. Papiret tek ein sjølvsagt med seg, eventuell brenn det, slik at ingen spor ligg att. 

#4. Leave What You Find: Små blomar ein finn, anten på den mest forblåste fjelltopp eller langt inne i dei djupaste skogane, er vakre å sjå på, og kan for mange tilføre turen noko ekstra. La òg friluftsfolket som kjem etter deg få lov til å nyte synet av desse fine blomane. La difor blomane få stå rakrygga att. Forevig naturen sine skattar med eit kamera, eller nyt augneblinken akkurat der og då. Prinsipp nummer fire går på at du skal la det naturlege bli i naturen, samt la kulturelle og historiske minne berre vere objekt for observasjon.

# 5. Minimize Campfire Impacts: For mange friluftsentusiastar er leirbålet like sjølvklart som Kvikk Lunsj-en er for andre. Og ofte er det ikkje snakk om eit lite pinglebål. Leirbålet skal vere stort! Det skal kunne sjåast på mils avstand, og ein kan neste kjenne at testosteronet osar om kapp med den tjukke røyken. Store stokkar og raudglødane steinar i ein diger bålring. Smaken av kruttsterk kokekaffi. Prinsipp nummer fem handlar om å avgrense bruken av leirbål. Eg skal ikkje lyga og seie at eg ikkje likar bål når eg er på tur. Kjensla av å sitje i stillheit og sjå rett inn i eit sprakande bål etter ein lang dag ute på tur er ei av dei beste kjenslene som finst. Eit bål er eit naturleg samlingspunkt. Det skapar stemning og det bidreg til gode samtalar. Det kan setje i gong tankeprosessar, samstundes som det kan føre til total utkopling. Det er ikkje tvil om at bålet har ein sentral plass i friluftslivet. Men det bør takast omsyn, og ein må prøva å avgrensa dei fysiske spora som eit bål kan lage. I dette ligg det mellom anna at ein fyrar etter behov. Ikkje legg på store stokkar om ein veit at ein ikkje kjem til å brenne dei opp. Bruk berre ved som er sanka frå daude tre. Bruk alt etablerte bålplassar, og rydd opp og fjern bålrestar så godt som mogleg før ein dreg frå leirplassen. Ikkje lat brent papir og restar etter aluminium liggje att. I spesielt sårbare område, unngå bål og bruk heller ein brennar til matlaging. 

«Det er ikkje tvil om at bålet har ein sentral plass i friluftslivet. Men det bør takast omsyn, og ein må prøva å avgrensa dei fysiske spora som eit bål kan lage.»

#6. Respect Wildlife: Når det gjeld dette prinsippet, skal eg la vere å gå inn på tema som kiting på Hardangervidda midt i reinstrekket og hundar som spring etter sau… Men eg vil oppmode til å bruke sunn fornuft. Unngå å forstyrre ville dyr og husdyr på beite. Hald avstand, og ta heller med kikkert og telelinse. Ikkje mat dyra, og la ikkje matrestar liggje att. Lat att grinda, og hald din trufaste turkamerat i band. Rett og slett vern om vilt og husdyr. 

#7. Be considerate of other visitors: Dette prinsippet er kanskje eitt av dei aller viktigaste, og klarar du å følgje dei føregåande prinsippa, oppnår du dette prinsippet nesten automatisk. Det handlar om å respektere andre brukarar av naturen. Ikkje øydelegg den gode og ganske unike opplevinga av ro og stillheit som svært mange søkjer ute i naturen. Legg til rette for at andre skal få gode opplevingar. Ikkje strø rundt deg med avfall, lydar og omsynslaus åtferd. Respekter kvarandre og vis omsyn. 

Sporlaus ferdsel handlar mykje om sunn fornuft. Det handlar om å bruke hovudet og om å tenkje sjølv. Det er ikkje eit sett av lover og reglar som ein er pålagd å fylgje, men rettleiingar og tips til korleis ein kan utgjere ein skilnad. Svært mange friluftsfolk er alt gode på sporlaus ferdsel. Men framleis kan vi nok alle alltid bli betre.