Paradiset Steigen

Børge Ousland og Randi Skaug har lagt sin elsk på Steigen i Nordland. Det er ikkje utan grunn.

Sist oppdatert 24. april 2019 kl 10.31
I STRANDSONEN: Det finst mange moglegheiter for å boltre seg i det klare og turkise vatnet. Kajakkpadling, SUP og fridykking er nokre av dei. Det er god sjanse for å sjå havørn og er du riktig heldig får du auge på sel eller kval.
I STRANDSONEN: Det finst mange moglegheiter for å boltre seg i det klare og turkise vatnet. Kajakkpadling, SUP og fridykking er nokre av dei. Det er god sjanse for å sjå havørn og er du riktig heldig får du auge på sel eller kval.

Øyer, blått hav og myrull som svaiar i vinden. Lofotveggen i horisonten. Kveiter i havet og ørner i lufta. Mørke grotter og lyse netter. Bratte fjellknausar og slake svaberg. Har du lopper i blodet er Steigen ein einaste stor leikeplass, og vil du ta livet med ro har augene meir enn nok å kvile blikket på. Det er muleg du blir skuffa over badetemperaturen, men det er kanskje det einaste.

Like utanfor Nordskot i Steigen har to av våre mest kjende eventyrarar slått seg ned. På kvar si øy. Børge Ousland på Manshausen og Randi Skaug på Naustholmen. Det er berre ein liten symjetur mellom dei.

LES OGSÅ: Havpadling på Helgeland

Børge var først ute, og har for alvor satt Steigen på kartet med sine unikt plasserte hytter, som har hausta fleire arkitekturprisar. Den kjende polfararen var på jakt etter ein stad i Nord-Norge nærme sjøen og nær ein flyplass. Ein eigedom kom for sal for sju år sidan i Steigen, men det blei ikkje noko av. Så ein dag ringde eigedomsmeklaren og fortalde om Manshausen.   

Har du lopper i blodet er Steigen ein einaste stor leikeplass, og vil du ta livet med ro har augene meir enn nok å kvile blikket på.

– Det var faktisk første gong eg var i Steigen, og det var naturen som avgjorde. Skjerma skjergard, hav og fjell rett ved. Alt eg likar å drive med innan friluftsliv kan du finne i Steigen. Eg hadde imidlertid ikkje planar om å drive ein turistdestinasjon, det var noko som kom etter kvart.

TRAVERS: Frå Nordskot kan du sjå ein luftig egg som strekk seg mellom Sørskottind og Skotstindan. Ein tur over her startar med å gå opp til Sørskottind. Etter ein kort rappell startar sjølve traversen. Eggen er breiare enn den ser ut til, men nokre parti er meir luftige og guide krevjast med mindre du er erfaren med klatring.
TRAVERS: Frå Nordskot kan du sjå ein luftig egg som strekk seg mellom Sørskottind og Skotstindan. Ein tur over her startar med å gå opp til Sørskottind. Etter ein kort rappell startar sjølve traversen. Eggen er breiare enn den ser ut til, men nokre parti er meir luftige og guide krevjast med mindre du er erfaren med klatring.

Randi Skaug har opna øya si for gjestar. Draumen om ein stad i nord kom ein trist haustdag.

– Eg kom heim frå den lyse sommaren i nord etter padleprosjektet Sakteruta langs Nord-Norge-kysten. Det var regn og mørkt. Tidlegare på sommaren hadde eg vore på opningsfest hos Børge på Manshausen. Det var vondt å reise heim derfrå. Eg deppa seriøst og opna finn.no for å trøyste meg litt med perler i nord. Den første staden som kom opp var Naustholmen. Der og då kjente eg at det ville bli oss to. Eg hadde funne staden min – det var enkelt å kome til, i god stand og midt i smørauget for naturopplevingar. Og eg visste endeleg kva eg skulle med ein stad i Nord-Noreg: Eg ville dele dei gode opplevingane eg sjølv har hatt – padling, fjell og sterkt fellesskap. Eg såg det som ein stor fordel å få Børge og Manshausen som min gode nabo.

LES OGSÅ: 10 magiske sommerturer du bør oppleve

Saken fortsetter under bildet!

KOBLE AV: Det er mange ting å hvile blikket på i Steigen.
KOBLE AV: Det er mange ting å hvile blikket på i Steigen.

– Kva bør folk oppleve i Steigen?
Børge:
– Det er ikkje noko smørbrødliste, nokon er fornøgd med berre å sitje inne i hyttene våre og sjå ut på havet, få ro og inspirasjon. Andre vil utfordre seg sjølv, klatre, padle eller dykke. Det fine med Steigen er at du kan gjere alt der, innanfor ein relativt kort radius, og det er heller ikkje langt til det meir folkerike Lofoten om ein vil vidare. I tillegg har Nordskot eit av Nordlands største historiske handelssenter, med ein veldig rik kystkultur. Og berre ein kort bil- eller båttur unna har du Hamsundsenteret, handelsstaden på Kjærringøy, og det store kystfortet frå krigen, batteri Dietl på Engeløya.

Randi:
– Det blikk stille og roen i naturen er det aller mest magiske i Steigen. Det kan nytast med nordlys og midnattssol, på kvite strender og turkis hav, frå spektakulære fjelltopper og glidande med kajakk på havoverflata.
Saken fortsetter under bildet!

NYFRELST: Randi Skaug har lagt sin elsk på Steigen, og viser deg gjerne hva området har å by på.
NYFRELST: Randi Skaug har lagt sin elsk på Steigen, og viser deg gjerne hva området har å by på.

Finn dykk tid til å oppleve Steigen slik gjestene gjer, eller blir det mest jobb?
Børge:
– Det blir dessverre mest jobb, men tyskarane har eit ordtak som går noko sånt som at ein må slite og oppleve den sure svie før ein kan kose seg med det søte, og det blir stadig meir komplett på Manshausen, så ein dag... Når det er sagt set eg av tid til familien når dei er med, men når eg er aleine blir det jobb, jobb, jobb.​

Randi:
– Det blir mykje jobb, ja. Men heldigvis blir det litt kajakkpadling saman med gjestane. Då blir all jobbinga gløymd. Steigen er eit unikt padleområde. Eg har vore ein gong på Nordskottraversen – og det er ikkje siste gong. Ein vanvittig kul tur, som slår mykje anna eg har vore med på. Utruleg at denne staden har fått ligge urørt så lenge.

- Har du nokre opplevingar du hugsar ekstra godt frå tida du har vore her?

Børge:
– Mange gode augneblink. Ein gong tok eg ei kveite på 75 kilo på fridykking som eg sjølvsagt hugsar godt, eller når vi på godvêrsdagar har reist ut i skjergarden med telt og berre kosa oss med midnattsola. Men det er kanskje dei uendeleg mange skiftingane i lyset​ om vinteren og hausten som gjer sterkast inntrykk.

Randi:
– Utallege! Den natta i sommar då eg aldri fekk lagt meg fordi augusthimmelen «eksploderte» i fargar kjem høgt blant gylne augneblink. Eit anna då eg var ute med ein førstegongspadlar i midnattssol. Han blei frelst der og då.

Medan Lofoten opplev turisteksplosjon og utfordringane det fører med seg når det gjeld slitasje på naturen og belastning på infrastruktur, er Steigen ganske skjerma. Dei to eventyrarane er ikkje veldig redde for at øyparadiset skal bli ramma på same måte.

– Eg trur vi er så små foreløpig at det ikkje vil bli noko stort problem, men korleis det ser ut som 20 år er jo ikkje godt å seie. Lofoten har mykje meir busetnad, infrastruktur, restaurantar, overnatting og lang tradisjon for turisme, seier Børge.

Utruleg at denne staden har fått ligge urørt så lenge. – Randi Skaug 

STEINBRA: Nordskot byr på mange fine buldreproblem. Dei siste åra har det også blitt etablert fleire bolta ruter. Veggane er 10 til 40 meter høge med mange enkle, men også nokre tøffare sportsruter. Miniførar til Steigen kan lastast ned frå Norges Klatreforbund sine nettsider.
STEINBRA: Nordskot byr på mange fine buldreproblem. Dei siste åra har det også blitt etablert fleire bolta ruter. Veggane er 10 til 40 meter høge med mange enkle, men også nokre tøffare sportsruter. Miniførar til Steigen kan lastast ned frå Norges Klatreforbund sine nettsider.

NORDSKOT

Nordskot er ei bygd i Steigen kommune i Nordland. Den ligg yttarst på halvøya mellom Leinesfjorden og Skotsfjorden, og er endepunktet for fylkesvei 635 frå Saursfjord.

KOME SEG HIT: Ekspressbåt frå Bodø eller Svolvær til Nordskot. Å køyre bil frå Bodø til Steigen tar ca. 3,5 timer.

OVERNATTING: Manshausen, Naustholmen, Nordskot Brygge, Villa Haugen

Publisert 24. april 2019 kl 10.30
Sist oppdatert 24. april 2019 kl 10.31
annonse
Relaterte artikler
neveresting hafjell
Tar du sommerens utfordring?

Bestig Mount Everest i Hafjell

PÅ MED HETTA: Vått, grått og fine farger på vei opp til Hornelen i Bremanger.
Hornelen i Bremanger

Klippen ved havet

Continental Divide Trail på 124 dager

– Jeg følte meg ikke helt ferdig

kyststien
Kyststien – turtips

Kystvandring langs Oslofjorden

annonse
Vandring i Patagonia

Eventyrlige Patagonia

Elv ned fra hardangervidda
Et lite stykke Hardangervidda

Et lite stykke Hardangervidde

storesåta bergen
Bergen har mer enn sju fjell

Fjellturer i Norges nest største by

Heidalsmuen i Rondane
Fjellturer i Gudbrandsdalen

Turguide til Heidalsmuen

Fjelturer på Norefjell turforslag tips
Turtips til Norefjell

Fjellturer på Norefjell

Høvringen vandrere
Tips til høstturer

Turguide til Høvringen

HEMSEDALS VILLESTE: Ville du satt opp teltet ditt her? Foto: Magne Roaldset
Norges villeste teltplass?

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue