/ Løping

Sommar til fjells

Den kritiske overgangsfasen.

Sist oppdatert 10. mai 2017 kl 14.08

MALENE HAUKØY

Skjermbilde 2016-09-14 kl. 09.13.02

Malene (25) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har vunnet norgescupen tre år på rad, og er for tiden Norges beste, kvinnelige fjelløpere. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag

Fjelløp, løpekurs, og førebuing. Korleis gå fram for å møte løpesesongen med opne, friske armar? Sommaren bankar på døra og såleis også nye sommarslege aktivitetar. Me har vel alle lyst til å stille til start klarare og betre enn nokon gong?

Eg går ei viktig tid i møte. Grunnlaget for sommaren skal sankast, timane skal gjennomførast og kilometers forserast. Det er ei tid for timar, høgdemeter, kilometer, tunge bein, gnagsår mellom låra, solbrend nasetipp og sliten kropp. Målet er å ruste opp skrotten for å tole dei harde påkjenningane dei lange fjelløpa er. Eg står ikkje berre ovanfor ei tid med slit og hard jobbing, dei mange timane byr også på nye fjell og ukjende stiar, med andre ord ei rekkje kjekke, eventyrlege løpeturar. Det er såleis med skrekkblanda fryd eg for alvor set i gong med løpetreninga. Det er nok i manges auge seint, alt langt ut i Mai, men slik er det å elske to idrettar og derfor nektar å ta sommarferie frå skisporten. Eit luksusproblem slik eg ser det!

IMG_0103
IMG_0103
IMG_0084
IMG_0084

Det er så og sei umulig å sei nei til vårskitur i Hurrungane! Bilde1: på veg opp på Fanaråken, Bilde2: på veg opp Steindalsnosi.

Til tross for at eg no gler meg til å føle røtene under beina og gjørme langt opp på leggane er eg spent på den kommande månaden. Det er slik eg ser det den mest kritiske delen av året, ein periode med overgang frå ski til springing, frå ein tøff bevegelsesform til ein enda tøffare ein. Sjølv om eg har mine timar med joggesko på bein å sjå tilbake på og ein kropp som har sprunge langt tidlegare, er det inga sjølvfølgje at denne sommaren skal gå smertefritt. Springing er tøft for kroppen, spesielt dersom ein ikkje har gjort det på ei stund slik som meg. Det er ikkje nødvendigvis berre å slenge skia i skåpet å snøre joggeskoa og tru at alt skal gå på skinner. Sjølvsagt kan det denne overgangen gå smurt, men den kan også verte årsaka til diverse trøbbel som kan setje djupe spor for resten av sommaren.

Nettopp på grunn av faren for å verte skada når eg no bytar bevegelsesform tek eg denne overgangen smått og forsiktig. Løpeturane byrjar kort og sjeldan, og går i løpet av nokre veker over til å verte lengre og raskare. Det betyr ikkje at eg minskar timane, tvert imot. Dette er ei tid for variasjon og alternativ trening. Eg kombinerer springing med sykling, ski og styrke og får såleis den mengda kroppen treng. Sakte men sikkert parkerar eg sykkel og ski i boda og håpar at eg i byrjinga av Juni kan konsentrere meg fullt og heilt om å springe. For dersom eg skal ha ambisjonar om å springe raskt denne sommaren er eg avhengig av å få nokre lange, relevante økter.

G4341647
G4341647

Eg er langt frå noko sykkelfantom, men som alternativ og skånsom trening er det heilt genialt!

Dette med overbelastning tenkjer eg at er like relevant for meg som skal springe 10-25 timar i veka som for dei som springe 3-7 timar. Ein kropp som ikkje er beredt kan seie stopp berre etter få timar. Sjølv kjenner eg på skavankar allereie etter nokre få løpeturar. Dette er ikkje uvanleg for min del. Akillesen og knea rynkar på nasa ved tøffe slag i unnabakkane, men erfaringa mi er at ein glidande og forsiktig tilvenning gjer at skavankane vert viska ut etter kvart som kroppen venner seg til den nye belastninga. Stikkordet for mai vert derfor variasjon og mengde.

G6076003
G6076003

Eg tek overgangen frå ski til løping pent og pynteleg. Difor beheld eg skia på i ny og ne nokre veker til. Her på Skredfjellet i Fjærland. 

Sommarplanen

Eg har diverse planar denne sommaren, nokre viktigare enn andre sjølvsagt. Dei største måla er:

Hornindal Rundt (75km, 5600hm)

Trollheimen Fjellmaraton (43km, 2000hm)

Stranda Fjord Trail Race (33km, 3000hm)

Tromsø Skyrace (53km, 4600hm)

Glen Coe Skyline (55km, 4750hm)

Sistnemnte vert toppen av kransekaka! I forkant og mellom desse fjelløpa har eg mindre treningskonkurransar. Eg kunne prata i dagevis kring dei ulike løpa, og kvifor nettopp DU bør melda deg på, men kort oppsummert er alle løpa unike på sin måte, og må opplevast for å skjønnast. Alt har sin sjarm frå spektakulært fjordlandskap på Stranda til stupbratt og tøft terreng i Tromsø. Sjølv om eg anbefaler folk å slenge seg med på fjelløp er det også viktig å vere realistisk ovanfor seg sjølv. Nokre av desse løpa eg her ramsar opp er lange og meget tøffe og krev at ein har førebudd seg.  

DSC_0167
DSC_0167

NM 2016, Hornindal Rundt. Noko av det desidert tøffaste eg har vore med på! Det tek nokre veker å komma seg etter eit slik løp. Foto: Veronica Hjelset 

Løpekurs

I tillegg til at eg skal kjempe min eigen kamp til fjells har eg og fått moglegheit til å dele det eg har lært og kan med folk som ynskjer å bli betre til å springe i fjellet. Heile 2 løpekurs kan du slenga deg med på! 30-2 Juli tek eg med meg randokongen, Lars Erik Skjervheim til Turtagrø for å halde kurst i fjelløping der. Lars Erik er ikkje berre Noregs raskaste med ski på beina, så langt er det ingen som heng med han på sommaren heller, så det er klart at noko erfaring og kunnskap har han å lære frå seg. Det skal også seiast at Skjervheimen er ein likandes og festleg kar, så dette vert ei sosial og lærerik helg i eit fjellområdet som eg er meget godt kjend i. Naturen og fjella i Hurrungane snakkar for seg sjølv!

DSC_0113
DSC_0113

NM vinnar terrengultra 2016! Foto: Veronica Hjelset

IMG_0100
IMG_0100

14-16. juli tek eg turen til Stranda saman med det me kan kalle rando/fjellegenden Ola Hovdenak. Eit fåtal her til lands har så mykje timar til fjells som den mannen! Opplegget på begge desse samlingane byggjer på mykje tid til fjells der me fokuserar på trening, teknikk, mat, sikkerheit og glede. Med oss på laget i Stranda har me svensken Oscar Almgren aka Uteguiden som er lommekjend i området. Det betyr at me ikkje berre skal fokusere på å bli betre løparar, men også få oppleve det flottaste av det flotte, perlene av perlene på Sunnmøre. Me får med andre ord både i pose, sekk og litt til! PS: Det er ikkje utan grunn at me held kurs på Turtagrø og Stranda. Skal ein fyrst invitere folket med til fjells gjer me det midt i kremen av kremen!

16583229_1279216752180261_4500319079810203648_n
16583229_1279216752180261_4500319079810203648_n

Stranda Fjord Trail Race. Foto: Håvard Myklebust

G0090604
G0090604

Hurrungane byr ikkje berre på stupbratt klatring, det er også eit eldorado for løping, slik eg ser det!

Så lurer ein kanskje på kven dette kurset er for? Kvifor stiløpekurs, er ikkje løping bare løping? Kurset er for dei som ynskjer å lære meir om å springe i fjellet, ein treng ikkje vere på noko høgt nivå, me tilpassar oss! Det er også eit kurs som byr på meir enn løpstrening. Utvikling, opplevingar, naturen, fjella og det sosiale er vel så viktig og grunnen til at eg held meg nettopp til fjells. Dette prøver eg desperat å formidle.  

Årsaka til at eg tenkjer at kurs innanfor stiløping eller fjelløping er relevant er den auka interessa for slike konkurransar. I tillegg gir det mykje glede å meistre denne treningsforma. MEN løping er ikkje berre løping. Det å springe på asfalt, bane, grusveg og traktorveg ei ein heilt anna idrett enn stil/fjelløping. Teknikken, Krava, treninga og utstyret er ulikt, og skal ein verte god i ein idrett må ein vite kva krav som stilles i idretten. Eg kunne skrive side opp og side ned om korleis eg jobbar for å bli betre til å løpe i teknisk terreng og lange løp, men i mine auge er erfaring og opplevelse det avgjerande. Det praktiske me gjer ute i det fri er den viktigaste kunnskapen ein kan skaffe seg, og difor hovudpoenget med kursa. Difor tenkjer eg at om eg skal kunne lære vekk det eg kan rundt tema må dei som vil lære vere med ut å praktisere.   

Sjølv opplever eg ein enorm glede ved å meistre løping i fjellet. Det gir mykje tilbake, og dess betre eg vert dess kjekkare er det. 

Malene dukker også opp i inspirasjonsfilmen Fjellmaratonfolket, presentert av 7 Blåner og Dynafit:  

 

LES OGSÅ: Oversikt over sommerens fjelløp

LES OGSÅ: Friluftslivet – for rekreasjon eller prestasjon?

Publisert 10. mai 2017 kl 14.08
Sist oppdatert 10. mai 2017 kl 14.08
annonse
Relaterte artikler
annonse
Lokket til seg eliteløperne

Høstløping i Hemsedal

løping i fjellet
Stiløpeturer – turtips

Forslag til fjelløpeturer i Norge

NNormal Kjerag
Testet: NNormal Kjerag

NNormal Kjerag

jotunheimen trail run
Jotunheimen Trail Run

Nytt fjelløp i Jotunheimen

Inov-8 Trailfly Ultra G 280 test
Test av Inov8 Trailfly Ultra G 280

Inov-8 Trailfly Ultra G 280

Xreid 2013-2023

Når leken er god

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue