/ Bøker

Hyttebok frå helvete = Hyttetortur

Are Kalvø med nådeløst angrep på lattermusklane og sjølvinnsikta. Les bokmelding av Hyttebok frå Helvete.

Sist oppdatert 16. desember 2018 kl 23.42
HYTTEBOK FRÅ HELVETE: Are Kalvø sitt forsøk på å forstå kvifor han har tapt sine vener til naturen.
HYTTEBOK FRÅ HELVETE: Are Kalvø sitt forsøk på å forstå kvifor han har tapt sine vener til naturen.

Alt har ein ende. I det partyprins Are Kalvø med entourage inntek fjellheimen er eit heidundrande jubileumsår definitivt over for 150-åringen DNT. Med ei sosialantropologisk bokbombe evna til å blåse opp sjølv den mest fastkilte latterdøra, tek kronikør Kalvø friluftslivet fatt og hyttelivet ved horna.

Kollektiv midtlivskrise

Bakteppet er ei midtlivskrise opplevd frå «den andre sida»: På få år har Kalvø mista nær alle sine vener til naturen. Gode vener, som før støtt var med på pub for å prate tull, byrja brått å gå i fjellet. I det Kalvø innser at han som den einaste i venekretsen ikkje har lagt ut bilete av seg sjølv i steinrøysa, legg han motvillig ut på fjelltur for å finne ut kva kvalitetar, opplevingar og eksistensielle behov han ikkje får dekka i hotellbaren på Oslo Plaza. 

Deler rikt

«Ein kan seie mykje om gledene i naturen, men dei er faen ikkje mykje enkle», konstaterer Kalvø halvvegs i si episke ferd. Derifrå og ut byr boka på rike dosar sjølvopplevd og svært attkjenneleg hyttehelvete. Når Kalvø klarar å dra lesaren fnisande gjennom 300 sider turskildringar frå Nordmarka (regn), Besseggen (tåke), Galdhøpiggen (tåke), Preikestolen og Hardangervidda er det fordi rekkja av sosiologiske svingslag er avlevert med så klokkerein treffsikkerheit at sjølv fjellfrelste lesarar gler seg til å ta i mot neste knyttneve.

Kjærleik

Asfaltcowboyen Kalvø vil moglegvis ikkje fatte kor stort dette komplimentet er, men til alle dykk andre der ute og oppe: Denne hytteboka forheld seg til andre hyttebøker som champagne til bokkøl.

Les også UTE sitt portrettintervju av Are Kalvø, Fjellmannen frå Helvete.

Bokanmeldelse

Hyttebok frå Helvete

Forfatter: Are Kalvø

Kagge Forlag

Publisert 16. desember 2018 kl 23.42
Sist oppdatert 16. desember 2018 kl 23.42
annonse
Relaterte artikler
annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo | Tlf: 21 95 14 20

Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Nyhetssjef: David Andresen Vesteng  | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen | Daglig leder: Anne Julie Saue