Gratulerer med dagen!

Moa Hundseid har valgt å bruke mest mulig tid på store turprosjekt. Her forklarer ho kvifor.

Sist oppdatert 8. mars 2017 kl 13.28
moa Hundseid
I ANLEDNING KVINNEDAGEN: Moa Hundseid har valgt sin veg. Foto: Privat

Om kvifor ein vel å tilbringe all tida og ikkje minst pengane på ekspedisjonsreiser og turar istaden for å spare pengane i ein bankkonto for å førsørge seg sjølv, og ein familie seinare i eit samfunnsgodkjent brukbart hus, bil og ei hytte på si med velfungerande perfekt tall på tre ungar og ein veldressert hund.

Kvifor? Jo, fordi ein kan hvis ein vil!

MOA HUNDSEID

moa_1 kopi

Monica «Moa» Hundseid (24) er allerede en erfaren ekspedisjonsfarer. Hun har krysset Grønland to ganger, gått Norge på langs, krysset Nordisbreen i Patagonia og guidet turer for Ousland. I fjor ble hun utnevnt til Rookie i kåringen Årets Eventyrer, og er fast blogger hos UTE. Les også UTEs portrettintervju med Moa.

Ingenting skremmer meg meir enn å via livet mitt til noko anna enn moder jord. Naturen er det som står mitt hjerta nærmast og noko som er det mest forutsigbare for meg.

Greitt at interessa drar meg vekk frå mange tilstelningar og forsamlingar i livet saman med familie og venner, men den gir meg det eg treng for å nyta livet. Livet mitt hadde absolutt ikkje vore komplett utan. Eg lev og, pustar for det livet eg lev. 

Det som oftast er det trygge og nære for andre, er det fjerne og skumle for oss som har tatt valget å leve vekk i frå ein normal kvardag. Tanken på å vakna opp til ein fastsett dag, veka eller månad, eller kanskje  månadar og år gjer meg stressa og kvalt. Igjen viss me snur på synet vil andre i ein anna situasjon blitt stressa av å ikkje veta kva som skulle skje neste dag, veka, dei neste månadene eller åra. 

Eg har lært av nære slektningar som har ofra livet av sjukdom at ein skal leve for dei som ikkje kan. I eit land her me har tryggleik, og der dei fleste har økonomisk frihet og sjans til å følgje det hjertet vil, gjer det nesten urettferdig for dei som vil, men ikkje har sjangs til akkurat det me har i verdens rikaste land. Me har sjans og moglegheit til å leve livet ut for dei som ikkje kan. 

Men igjen så er det ikkje for alle å reise jorda rundt og leve livet gjennom alle kontinenta. For andre er det å leve livet å etablere seg i livet.

Om vegen i draumen er å byggje hus, reiser eller utdanning er det sama avkjørslene som må veljast. Å følgje den vegen ein vil gå.

Eg har lært av nære slektningar som har ofra livet av sjukdom at ein skal leve for dei som ikkje kan. Erfaringar eg har frå den eldre generasjonen er at dei sjelden angrar på noko de har gjort. Men heller på dei ikkje har gjort! 

gronland
Frå innlandsisen på Grønland. Mitt viktigaste vegskilje i livet. Då eg forstod kva meiniga med livet mitt kom til å gå ut på. Å gå på tur, lange og korte. 

Så då er eigentleg spørsmålet mitt. Kvifor ikkje, når ein kan og har moglegheita til det! Why? Because you fucking can! 

Ride your wave.. Om det eit familiekjært liv med hus, mann og ungar eller eit fritt liv med alt anna enn eit fast kvardag og framtid! Eg verdsette og hedrar kvar ein livsstil!

Ingenting gjer meg meir imponert av kvinner og menn som klarar å sjonglera ein travel kvardag med fast jobb, ungar, hus, hytte, bil og det som høyrer med. 

friluftsliv
KVALITETSTID: Månen, stjernehimmelen, teltet og bålet. Foto: Ingun Gjerde/framtida.no 

Igjen, så er det ingenting som imponerer og inspirerer meg meir enn dei som følgjer akkurat det hjertet seier og lev drøymen, fordi dei vil. 

Ein blanding av mange forskjellige livsstilar gjer det interessant å møte på nye folk med forskjellige mål i livet. Utan denne forskjellen kunne ingen av oss levd den livsstilen som passar kvar og ein.

Forskjellen.

Det er ofte den som bring oss saman til ei fantastisk verd å leve i. 

Gratulera med dagen alle kvinner. Dokken har på like stor grad til å velje eit liv vekk eller imot normalen som alle andre kjønn.

Publisert 8. mars 2017 kl 13.28
Sist oppdatert 8. mars 2017 kl 13.28
annonse
Relaterte artikler
annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen