FERDAMINNE 2018

Skal du på tur eller reise i sommar, skriv ei reiseskildring.  

Sjanger og målform er valfritt (maks 3000 tegn inkl. mellomrom).

Bidraget sendast til: konkurranse@utemagasinet.no, merk med «Ferdaminne frå sommaren 2018». 

Premie: To billettar til Vinjerock 2019, publisering i UTE, fjellstøvler frå Alfa og tursekk frå Bergans. 

Frist: 31. august 2018

I år feirar vi 200 år med Aasmund Olavsson Vinje. Vinjerock og UTE markerer jubileet med å invitere til skrivekonkurranse i Vinjes and.

«Ferdaminne frå sumaren 1860 blir rekna som Vinjes viktigaste verk, med perler som «Ved Rondane» og «Grauten på Grut». Meir enn sjølve reisa legg Vinje vekt på å skildre samfunnet og landskapet han ser og ferdast gjennom.

– UTE er er langt på veg basert på folks reiseopplevingar, og vi vil gjerne heidre Vinje med å løfte reiseskildringa som sjanger. Den er ganske fri, så vi håpar på mange bidrag, seier UTE-redaktør Gunhild Aaslie Soldal.

Det finst mange spor etter Aasmund Olavsson Vinje. Han var svært glad i fjellområdet som han kalla Jotunheimen, og som sidan er blitt det offisielle namnet. Han var også med på å skipe Den Norske Turistforening. 

Forfattar og sjølverklært Vinje-fan, Kjartan Fløgstad, er med i juryen som vil kåre ein vinnar. Vinnarbidraget vil kome på trykk i UTE, og i tilllegg få fribillett til neste års Vinjerock. Alfa og Bergans spanderer turutstyr i form av sko og tursekk.  

– Den som har noko å fara med, han fér, som min gode ven, no avdøde bilethoggar Ola Enstad formulerte det. Og eg er einig. Det som kjenneteiknar ei god reiseskildring er først og fremst at det er ein tydeleg farande fant som fér, altså eit markert subjekt som ikkje legg skjul på sine eigen forutsetningar i møtet med det nye.  

Kor mykje ein bør læra seg før ein drar, er eit ope spørsmål.

– Det kan vera produktivt å dra utan forkunnskapar: Førsteinntrykket har stor verdi, er ofte overveldande og til tider sjokkerande. Eg har reist i, og skrive om Kina, med ti ord kinesisk som utgangspunkt, og i Sør-Amerika med flytande spansk og lange studiar av latinamerikansk kultur og litteratur. Begge delar kan gå bra, seier Fløgstad.

Årets Vinjerock sparkast snart i gang på Eidsbugarden 19. – 22. juli. Festivalen er for lengst utseld.

– Vi feirer Vinje kvart år, men synest denne konkurransen er spennande fordi det er innhald i den. Folk er heilt heilt ville etter å få tak i billettar, så dette blir ein god sjanse, seier festivalsjef for Vinjerock, Julie Forchammer.

AASMUND OLAVSSON VINJE

A.O Vinje (1818-1870) var forfattar, diktar, journalist og jurist. Sommeren 1860 gikk han nesten uten pengar til fots gjennom Østerdalen over Dovre til Trondheim, og tilbake gjennom Romsdal og Gudbrandsdalen. Det er denne turen han har beskrevet i sine Ferdaminni.

 «Det var havregraut av det rette slaget, det. Sådene stod med piggar nett som busti på ein griserygg, og svart var han som oskegraut. Eg fekk god mjølk og åt og åt, og det skura ned gjenom halsen, liksom når grantoppen vert slipa og dregen ned igjenom omsnpipa.»

Fra Grauten på Grut