Kulturkollisjon på isen

Er det isen eller iskulturen som er utrygg?

Sist oppdatert 1. januar 2019 kl 21.49
TURSKØYTER: Naturleg islagte vatn kan vere like risikabelt som vatn utan is. Men er dei som går dumdristige, spør kronikkforfatteren. Her frå Kørelen på Sotra, utanfor Bergen. Foto: Eldar Heide
TURSKØYTER: Naturleg islagte vatn kan vere like risikabelt som vatn utan is. Men er dei som går dumdristige, spør kronikkforfatteren. Her frå Kørelen på Sotra, utanfor Bergen. Foto: Eldar Heide

Episoden der brannvesenet på Askøy nyleg prøvde å jage turskøytarar på land var eit krasj mellom to motsette måtar å tenke om is på. Den eine går ut på at is er farleg på ein måte som folk ikkje kan handtere, slik at dei må halde seg unna islagde vatn til offentlege etatar har erklært isen som trygg, med veldig god klaring.

Den andre går ut på at is er eit element det går an å meistre, og at offentleg engasjement burde ta sikte på å lære folk å ta vare på seg sjølve. Eit islagt vatn kan vere farleg. Det kan òg det same vatnet utan is på, eller sjøen. Og fjellet kan vere farleg, ikkje minst om vinteren. Likevel prøver ikkje offentlege etatar å jage folk på land når det ikkje er is, eller å jage dei ned frå fjellet. I staden prøver ein å få folk til å ta båtførarprøve og til å bruke redningsvest, og til å lære og etterleve fjellvettreglane, med rett utstyr og rett framferd. Døyr nokon i uvêr eller skred på fjellet, eller dett i sjøen og druknar, så fører det ikkje til krav om å stenge fjellet eller sjøen. Det fører til større innsats for å setje folk i stand til å ta vare på seg sjølve. 

16. desember 2018 kl. 15:12

Nekter å gå av isen 

To voksne og to barn er observert på isen på Askøy utenfor Bergen. Brannvesenet er på stedet og bekrefter at de står på skøyter og ønsker ikke å etterkomme pålegg om å forlate isen. – Brannvesenet fraråder dette på det sterkeste, sier de på Twitter.

Kjelde: nrk.no

Men når det gjeld islagde vatn, er altså tankegangen motsett. Det er rart, for kven som helst kan skaffe seg kunnskapen og utstyret som trengst til å ferdast trygt på is, eller halde seg på land, når han eller ho konstaterer at det ikkje er trygt.

Fyrst og fremst gjeld det å gå med ispiggar rundt halsen og isstav i handa. Begge delar får ein til ein rimeleg penge, på nettet.

• Med isstaven og litt øving kan ein raskt og enkelt sjekke isen etter kvart som ein går, og snu i tide.

• Med ispiggane kan dei fleste kome seg greitt opp om dei skulle dette nedi. Men ikkje alle, så ein bør i tillegg ha kasteline og gå fleire i følgje.

• Og ein bør ha komplett klesskift pakka vasstett i ryggsekk med skrittstropp, slik at sekken gjev flytehjelp. Og så bør ein vete at det er tynn is eller råk i sund, ved bekkeosar og under bruer, slik at det i regelen er meiningslaust å spørje om isen på eit visst vatn er trygg. Det kan vere 30 cm over mesteparten, og likevel blå bølgjer i kvar ende.

• Ein bør vete at snø oppå kan svekke isen over tid, at våris kan vere tjukk, men svak, at sjøis på nokre timar kan tærast frå undersida – og nokre fleire slike ting.

• Ikkje minst må ein vurdere sjølv, og ikkje gå ut frå at eit heilt vatn er trygt for det om ein ser folk utpå.

• Kanskje har dei sett at isen er tjukk berre i den enden dei held seg, ikkje i din ende av vatnet. Eller kanskje har dei ikkje sjekka eller vurdert noko som helst.   

LES OGSÅ: Sikkerhet på isen

LES OGSÅ: Skøytetur på Smalgjemeningen

LES OGSÅ: Theodor skøytet 700 kilometer alene over Bajkalsjøen

I Sverige er det mange som tykkjer vårt rutenett i fjellet er uforsvarleg, med vintermerking berre i påska, og berre på dei mest brukte rutene. Vi har vår ordning fordi vi meiner folk må kunne ta vare på seg sjølve. Når det gjeld is, er det svenskane som har den haldninga, og i Sverige er turskøyting ein folkesport på linje med ski hos oss. På Austlandet begynner dei no å få inn denne kulturen frå Sverige, og også i Bergens-området er interessa for turskøyting stigande. Det er naturleg, for Bergens-området har eit vell av fine skøytevatn, og isdagane er fleire enn mange trur. Eg er med på å starte ei turskøytegruppe i Bergen og Hordaland turlag. Ein viktig del av arbeidet blir å utbreie kunnskap om is og nødvendig utstyr. Vi håpar offentlege etatar kan hjelpe oss med dette. 

LES OGSÅ: Test av termokopper

«I Sverige er det mange som tykkjer vårt rutenett i fjellet er uforsvarleg, med vintermerking berre i påska, og berre på dei mest brukte rutene. Vi har vår ordning fordi vi meiner folk må kunne ta vare på seg sjølve.» 

Kronikk

eldar heide

Eldar Heide, for DNT turskøyting Bergen

Kronikken har også blitt publisert hos bt.no.

Publisert 1. januar 2019 kl 21.49
Sist oppdatert 1. januar 2019 kl 21.49
annonse
Relaterte artikler
slik sliper du turskøytene dine
Sliping av skøyter

Sliping av turskøyter

bindingsvannet med turskøyter
Tips til fine skøytevann

Bindingsvannet med turskøyter

per sollerman
Ny guidebok for turskøyting i Norge

Turskøyternes nye veiviser

is på femunden
Turtips – skøytevann

Femunden med turskøyter

Skøytetur på islagte vann foto rolf utgård
Oslos beste skøytevann

Oslos beste skøytevann

Skøytetur på indre Oslofjord

Når fjorden fryser til is

annonse

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen