MALENE HAUKØY

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og selvskreven på landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev

Sesongen er i gang. Det var knytt stor spenning til vær og føre denne helgi. Vinteren har som dei fleste har merka seg våre våt og uforutsigbar. (Før dei siste 4 dagane vel og merke) Ein dag jublar med over 5cm nysnø, neste dag vassar me i sørpe eller engstar oss grenselaust for lårhalsen på glattisen. Årets fyrste konkurranse i randoneè skulle i utgangspunktet vere i alpinbakken i Molde, Tussen. Sentralt og spektakulært heilt ved fjorden. Slik vart det ikkje. I Rosenes by var graset grønt. Starten vart difor flytta lenger inn fjorden, til Skorgedalen ved Isfjorden. Høgare opp, lengre inne kor vinteren vanlegvis er meir til å stole på.

Ved sprinten fredag kveld kunne me kosa oss med nysnø medan det enda var snø i lufta. Me kunne knapt vore heldigare. Det vart eit imponerande arrangement, gjennomført av ein klubb me både kunnskap og pågangsmot.

Dei unge lovande

Vel heime i Sogndal er det to ting som har løfta motivasjonen min framover mot dei neste konkurransane. Det eine er nysnøen som dalar ned, det andre er skimokidsa frå Romsdalen som imponerte meg stort i Skorgedalen. Håpefulle, spente og kanskje litt vitlause stod dei klare til start saman med oss gamle grå. Yngstemann var 12 år. Skiskoa ser alltid litt store ut for desse små, kanskje er dei kjøpt slik at borna kan vekse inn i dei. Skia er også litt lange, men tøffe og ivrige som dei er susar dei nedover som om dei skulle vore født med ski på beina. Fleire av desse råtassane klatra 450 høgdemeter fordelt på tre rundar. For å samanlikne er dette meir enn «Monsterbakken» i Tour de ski! Skimokidsa er ei gruppa som verken er redde for å slite seg ut, eller fart å spenning. Vil Kilian få konkurranse av norske ungdommar om nokre år?

I eit startfelt på 40 stk. var 11 stk. under 20 år. I skinoreg ser dette med første augekast kanskje ikkje så imponerande ut, men i randosporten er dette eit stort steg i riktig retning. Tradisjonen for å sprinte rundt i fjellet er framleis ny, og utstyret har lenge vore styggdyrt og vanskeleg å få tak i. No finn ein mykje brukt utstyr for sal, og kortare ski som er enklare å manøvrere for dei unge beina.   

Eg må heller ikkje gløyme arkitektane bak, foreldra. Dei som introdusera borna til randosporten. Slik det ser ut for meg er dette foreldre som sjølv er ivrige på ski og som trivs ute i det fri. Dei ser fordelen ved å fostre borna opp i ein idrett dei sjølv set pris på, slik at dei kan sanke toppar saman i familien, eller køyre fin snø som ein del av treninga.

Randoneè er ein vaksendominert idrett i Noreg. På startstreken i konkurranse her heime har det sjeldan vore deltakarar under 20 år. Nivået kan vere høgt, men framtida har om eg skal vere ærleg sett litt dyster ut. Kven skal ta over når Vossalars legg fellene på hylla, og byrjar å ta heisen i staden for å gå opp bakkane i Myrkdalen? Det som i mine auger er den vakraste idretten i verda har endeleg nokre unge lovande i Noreg som kan slå oss gamle ringrevar om få år.

 

Livslang skiglede

Skiforbundet har mellom anna som mål å legge opp til livslang skiglede. Det høyrast vakkert ut i mine øyrer. Glede ved ski og idrett gjennom heile livet! Altså treng det ikkje bety å konkurrere mot dei beste i verda, det skal vere glede gjennom å drive skiidrett. Det har vore motivasjonen min frå dag ein, og hovudgrunnen til at eg ikkje valde å drive med anna meir populær idrett. Eg ville gjere det eg likte, og det var å vere i fjellet. Slik har det alltid vore.

Kvifor veks topptursporten så enormt her til lands? Det er få som kjøper seg toppturutstyr for å konkurrere. Det er ikkje på grunn av mål ein set seg, eller at ein ynskjer å vere ein del av eit større treningsmiljø. Det må altså vere av eiga lyst og glede. Det er noko som går igjen i sporten, gleda ved å vere på ski, gleda ved å vere ute. Folk blir ikkje lei. Det er variasjon, uendeleg med moglegheiter og så mange aspekt som appellerer til oss. Folk som kjøper seg toppturutstyr kjem igjen sesong etter sesong. Avdanka utøvarar i andre skiidrettar konverterer, kanskje ikkje for å konkurrere, men for lykken ved god snø, fart og spenning og gleda ved fin utsikt. Det er lett å vedlikehalde skigleda i ein idrett som randoneè!

    

Sesongen er i gang, meir lys og lovande enn nokon gong. For min del blir det nokre flotte konkurransar her heime i Noreg samt den prestisjefulle langløpscupen La Grande Course! Men før alt det, nysnøalarm i Sogndalsdalen!!

Måtte skigleda til fjells blomstre! 

Kort oppsummert resultat Noregescup Skorgedalen

Topp 3 sprint damer:

1.Malene Blikken Haukøy

2.Johanna Åström

3.Ingrid Stengård

 

Topp 3 sprint menn:

1.Sondre Svensli

2.Killian Jornet

3. Håkon Klerud

 

Topp 3 individuell kvinner:

1.Johanna Åström

2.Malene Blikken Haukøy

3.Ida Nilsson

 

Topp 3 individuell menn:

1.Killian Jornet

2.Sondre Svensli

3.Håkon Klerud