MALENE HAUKØY

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og selvskreven på landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev

Eg sit om dagane på eit typisk Italiensk 2-stjernes hotell med vegg til vegg teppe, seng utan dyne men med eit tynt laken og eit skittent teppe som ein dårleg erstatning. Til frukost får me lyse brødskiver, men servert med upåklageleg italiensk kaffi! Målet med opphaldet her i Italienske Cervinia, på grensa til Sveits med sjølvaste Toblerone fjellet Matterhorn rett over meg, er å puste så mykje tynn luft som mogleg før Søndagens store eventyr, Mezzalama. Mutters aleine ladar eg opp til det som vert kalla den «heilage gral» innan randosporten, «verdas høgste skikonkurranse» eller «dronninga av alle randorenn». Dette er verkeleg eit av dei store måla mine denne vinteren, og omringa av nedbør og tett skydekke kryssar eg alt eg har for at me skal få gått løpet om berre få dagar. Eg takkar teknologien for underhaldning i desse dagar, og streamar seriar som aldri før!

Ein skral vinter

Vinteren er alvorleg på hell. Påska har smelta grovt ifrå seg over store delar av Noreg, og på troppa på Turtagrø i foten av Hurrungane kor eg var så heldig å få feire den gule høgtida, bar praten preg av at folk var nøgde, og såg fram til å skru saman stisykkelen eller finne fram kajakken for sommaren. Eg er så einig så einig. Det har vore ein nokså dårleg skivinter på Vestlandet. Det er klart at det har vore periodar med fin snø, men sett i heilskap har me fått lite av den kvite gleda denne vinteren.

For min del har det som alltid vorte litt farting i og utanfor landegrensene, men også konkurransesesongen i randoneè har vorte brutalt prega av den snodige vinteren. To av dei store måla mine, Stryn Rando 3000 og Adamello Skiraid vart begge avlyste grunna været. Romsdal Rando som denne vinteren skulle verte råare enn nokon gong vart også forandra på slik at me kunne ferdast trygt i fjella kring Isfjorden. Med slike litt deprimerande opplevingar er det lett å oppsummere sesongen noko labert. Eit stort lysglimt er det likevel å sjå tilbake på, 4.plassen under den franske lagkonkurransen Pierra Menta!!! Der smilte eg og østerriske Veronika om kapp med sola etter 4 dagar og 10 000 høgdemeter med blodslit!

Eit internasjonalt sprang

Eg påpeikar irriterande ofte at me er miniputtar i denne idretten som omhandlar å komme seg raskt og trygt gjennom fjellheimen frå start til mål. Litt sant er det framleis, men me har våre heltar som pregar resultatlistene og pallen internasjonalt. Nykommaren Hans- Inge Klette klatra opp på pallen under verdscupen i sprint denne vinteren med ein solid 3.plass i u-23. Nokre veker etter,  under verdsmeisterskapet i Sveits, sikra han Noreg ein historisk sølvmedalje i u-23 sprint! Vidare kriga Lars Erik og Vegard Øye seg inn til 6.plass under team konkurransen i VM. Den nybakte rando-pappaen Lars Erik Skjervheim har rekt meir enn å bytte bleier og trille barnevogn, under NM i Romsdalen tok han rotta på ei av sportens store stjerner, sjølvaste Kilian Jornet, også han som nybakt rando-pappa.

Ser me likevel på nasjonscupen er me langt nede på listene. Me studerer og stel så mykje kunnskap og informasjon av våre konkurrentar som mogleg. Takka vere sosiale media kan me no følgje dei tett. Me lærer stadig nye knep, og har med åra lært å kjenne dei andre nasjonane nokså godt. Det som frå eit norsk, fordomsfullt syn kunne opplevast som overlegne franskmenn, eller sjølvsentrerte spanjolar har vist seg å vere joviale og hyggelege utøvarar, men ofte med eit svær avgrensa engelsk vokabular.

 

Claudia Galicia Cotrina

Etter å ha skua beskjeden på den spanske superstjerna i fleire år har eg det siste året fått nokre interessante samtalar med Claudia. Som meg er ho ein del av det internasjonale Dynafit teamet, «The Dynafit Squad» som me liksom skal kalle oss. Claudia tok denne vinteren VM gull i Sprint distansen, samanlagt vinnar i vedscupen,  til saman sanka ho 3 medaljar i VM og 8 medaljar i verdscupen. Eit råskinn av dei sjeldne!

Med slike prestasjonar å sjå tilbake på nytta eg sjansen til å stele litt kunnskap om Claudias veg mot toppen. Kva er det ho gjer som eg tydeleg kan lære ein del av? Medan eg gjekk mitt første renn i 2009 byrja ikkje Claudia før i 2014, lenge etter dei alle fleste i dette «gamet», likevel ruvar ho øvst på pallen.

«Sporten har nok eit breiare publikum i nokre regionar enn den har her heime i Noreg, men den er framleis liten samanlikna med Italia, Frankrike og Sveits».

LES OGSÅ: Test av alpin løpesko: Dynafit Feline Pro

Ved sidan av å vere arkitekt, toppidrettsutøvar i randoneè er Claudia også ei av dei aller beste terrengsyklistane i verda. Ho er med andre ord travel stort sett året rundt. Sjølv ser ho ikkje på det å jobbe ved sidan av idrettskarrierane som noko hindring. 

- Eg jobbar sant nok ikkje 100 prosent. Kontrastar er viktige, samt det å gjere noko meiningsfullt utanfor idrettane eg driv. Alle som har vore idretttsutøvarar på eit høgare nivå kan nok kjenne seg igjen i det einsformige livet og søken etter noko heilt anna.

Av ein eller anna grunn har eg i fleire år sett for meg at Claudia i første rekke har prioritert sykling. Likevel har eg dei siste åra fått med meg at sykkelen stort sett står innelåst på vinteren.

– På vinteren går eg på ski! Både sykling og rando er to idrettar som eg brenn for, derfor går eg «all in» i begge sesongar. Vinteren er sett av til ski og motbakkar, medan sommaren tilbring eg på sykkelsetet omringa av tekniske stiar. 

Noko av det som overraska meg meste var mengda ho trenar. Som nordmenn er me opplært til at det tek om lag 10.000 treningstimar for å verte den beste versjonen av seg sjølv. Difor bankar mange av oss timar året gjennom for optimalisere arbeidsøkonomien og kroppens potensial. Claudia trenar ein god del mindre enn meg på vinterstid.  I rolege konkurranseperiodar trenar ho kring 15- 20 timar, aldri meir enn 20 timar i veka. Dersom ho er inne i ein konkurranseperiode vert det sjeldan meir enn 10 timar. Sjølv startar eg gjerne sesongen på rulleski når haustregnet herjar som mest, bankar timar og høgdemeter medan den knapt er snø tidleg i november. I tøffe treningsperioder er eg nøgd dersom eg får 25-30 timar i veka. Er eg for opptekne av kvantitet framfor kvalitet tru? 

Ein skulle tru at ein nasjon som kan skimte med utøvarar som Kilian Jornet, Claudia Galicia og Oriol Cardona Coll hadde eit hav av utøvarar og ta av, men slik er det ikkje heilt. Sporten har nok eit breiare publikum i nokre regionar enn den har her heime i Noreg, men den er framleis liten samanlikna med Italia, Frankrike og Sveits.

- Randoneè som konurranseidrett er framleis liten også i Spania, men vi har eit godt team som føl oss gjennom vinteren, og framtida ser lys ut. Eit større ungdomslag er på veg opp og fram. Det er spesielt dei siste 2-3 åra at sporten verkeleg har fått merksemd heime i Spania.

Altså satsar det spanske laget mot OL i Lausanne i 2020, kor også vi har fått tildelt 2 spennande plassar.

Som toppidrettsutøvar er Claudia ekstremt oppteken av resultat og forbetring. Detaljane er viktige, truleg i større grad enn for meg. Likevel har me felles motivasjon for det me driv med:

- Naturen og fjella er motivasjonen. Det å trene ute, konkurrere med naturen som arena og meistre fjellet gjer denne sporten heilt unik og verdt den tida eg brukar på det! Eg finner sporten romantisk og harmonisk!

Eg kjenner meg godt igjen i det ho fortel. Randoneè er ikkje en korleis som hels sport, den er spesiell. Kvar konkurranse med sitt preg bestemt ut frå vær og omgivnadane. Denne kjærleiken for idretten trur eg er unik i randoneèsporten nettopp fordi utøvarane har ein felles motivasjon utanom det å vinne, nemleg naturopplevingane undervegs.

Etter tidenes vintersesong har Claudia starta sykkelsesongen, og vert ikkje å sjå til start på Mezzalama om berre få dagar. Ein konkurrent mindre, men framleis mange svært gode lag til start. Med start på 2000moh, 45km og 3200 høgdemeter å forsere gru- gledar eg meg til eventyret over Monterosa Massivet. 300 lag får stille til start, mange fleire søkjer og ynskjer å delta. Tryggleiken tilseier dessverre at 300 tremannslag er nok når me skal forsere bre, over tre 4000-meters toppar og tilbringe timar i eksponert, krevjande terreng. Det er ikkje reint få gongar slike konkurransar vert flytta eller avlyste av sikkerheitsmessige grunnar.

Forhåpentlegvis er eg klar som eit egg 05.30 saman med mine østerrikske lagveninner Johanna Erhart og veronika Mayerhofer søndag 28.April! Eit slit skal gjennomførast, minner skal skapast og ein draum skal gå i oppfyllelse, bank i bordet!

LES OGSÅ: Unngå disse vårsnøfeilene