MALENE HAUKØY

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste fjelløpere og tilhører randonnee-landslaget. Hun bor og trener i Sogndal, og blogger fast for UTE.

Ein ny vinter står for tur. Det betyr nye moglegheiter for å svinge seg, hevde seg og sjølvsagt kose seg på ski.  Me er truleg dei fem som gler seg aller aller mest.

Eit splitter nytt landslag med stort sett gamle utøvarar er teke ut før den kommande vinteren. Laget består av Stine Haustreis, Glenn Tore Løland, Lars Erik Skjervheim, Malene Blikken Haukøy og eit nytt stjerneskot, Hans-Inge Klette. Fire ringrevar og ein «rookie».

Det er ikkje dei overveldande fordelane å vere ein del av landslaget i randonneè. Det er ingen feite økonomiske godar, ingen kokkar som følgjer oss ute på reise, ei heller nokon massøse som knipar og knar på oss når me slit som verst. Me må blande sportsdrikken vår sjølv, sikle skia og stort sett løyse det meste sjølve. Men me er ein ganske sær gjeng, med dei same prioriteringane og som sett pris på den same gleda. Nemleg å surre rundt i fjellet med tettsittande dress, lette ski, ei klokke som stort sett har dårleg tid og beina stinne av sur PH. 

Med ei skranten lommebok og jobb på si, møtast me til ei treningssamling på hausten og ei når snøen kjem. Elles blir det sosialsamlingar på skype med jamne og stort sett ujamne mellomrom. Sosialsamling på lågbudsjett er ei god løysing for oss utan smøretrailer og sosialkomité. Til tross for at me er spreidd frå Tromsø til Sauda føler me oss som eit lag, og kjenner kvarandre etter kvart godt. Eg har med andre ord mykje drit å fortelje om dei fire andre!

 

Lars Erik 

På ein god andreplass i landslagsansiennitet og utslitte lycradresser, kjem Lars Erik. Mykje felles reisedøgn har det vorte, frå nyttårsfeiring i Tignes med raclette og festhatt, til fersk kokosnøtt og fyldige rumper på Copa Cabana. Brasil var ein anna skål, og hadde lite med ski og gjere. Det er mykje ein kan fortelje om vossingen, og truleg kunne eg ha skrive ei bok om han dersom tida og interessa hadde strukke til. Lars Erik VIL bli best! Det gjeld det meste han prøvar seg på. Alt skal gjerast 100 prosent. Han sug til seg ny input som ein vetlevaksen 10-åring, og har dei siste åtte åra gått frå å vere ein ihuga fallskjerm-entusiast på Voss, til å verte ein toppidrettsutøvar til fingerspissane, med eit solid innslag av rekkeviddeangst i kvardagen. Om det er noko som fortenar å lukkast så er det Lars Erik. Steike for ein jobb han legg ned, og steike kor store/lange steg den mannen har teke/tar i randosporet. Ved sidan av å gå «all in»  som idrettsutøvar er Lars Erik eit fascinerande vesen som berre må opplevast. Konstant smilande, men distré til 1000. Oppteken av kvalitet, men kanskje mest av alt funksjonalitet. På sykkeltur møter du han gjerne med skihjelm, joggesko og gul tights. I skibakken målar og vurderar han treningsarbeidet, gjerne iført lycradress med ein jervenduk tredd over hovudet. Jan Thomas ville fillerista han om han dersom han hadde fått tak i han.

Glenn Tore

Glenn Tore Løland har nokre år på landslaget, og har etablert seg i noregstoppen. Forutan om å stortrivast på ski er Glenn Tore genuint oppteken av demningar og tilhøyrande tunellar.  Når han ikkje er til fjells, jobbar han nemleg med frakte store mengder potensiell energi i form av vatn ned frå fjellet i rør, slik at me etter kvart får lys i lampene og varme i dusjen. Ein viktig og spennande jobb gjer at han er i seng til same tid som ein 3. klassing, for å få dei timane på auget som trengs. Dei siste åra har Glenn Tore gått frå å vere ein roleg og forsiktig saudavering, til i mine auge til å verte ein bestemt mann med klare mål og eit glimt i auge. Han er langt lurare enn eg nokon gong vil bli, og er den av oss i gjengen med kontroll på både høgre og venstre sokk. Eg vert inspirert til å prøve å halde same orden i sakene mine når eg er på tur med Glenn Tore, men det held diverre berre for nokre få dagar. Skulle tru nokon titt og ofte sprenger en solid ladning krutt i bagen min. På lik linje med Lars Erik har Glenn Tore løfta randosporten i Noreg. For meg som etter kvart har en solid garderobe med lycradresser ser eg klart at nivået både på herre- og damesida har løfta seg betrakteleg. Glenn Tore har vore med på denne utviklinga, og spesielt på dei lengre konkurransane har eg stor tru på han for årets sesong.

 

Stine

Dette vert andre året med Stine Haustreis med på laget. Det er ein glede å vere to stykk med langt hår, nylakka negler og med fokus på «beauty» og «fashion», meir enn underjordiske tunellar, tesla-ladere og plankedimensjonar. Eg tør å påstå at Stine er den på laget som har teke det største steget i motbakkane det siste året. Det er fint å kunne stresse kvarandre litt på trening, noko som stiller høgare krav til oss begge i den daglege treninga. Som apotekar har Stine god tilgang på hjelpemiddel som kunne ført oss mot toppen. Heldigvis er det mykje av dette som ikkje er lov, og me må derfor ta til takke med kjerringråd som rødbeter, kayennepepar og kompresjonssokkar. Denne vinteren har Stine ofra litt av tid ho vanlegvis tilbring saman med medikamenter og reiknestykke på jobb til fordel for skisporten. Progresjonen førrige vinter har tydelegvis gitt blod på tann, og Stine satsar no meir enn nokon gong. Stine er sjeldan pliktoppfyllande, samt ørlite lik Lars Erik når det kjem til å surre og vere sist ut døra når me skal på ski. Det er klart at det ikkje er enkelt å halde tritt med min effektivitet og Glenn Tore sin evne til å planlegge.
 

Hans-Inge 

Hans-Inge Klette er både ny på laget og yngstemann i gruppa. Som vossingar flest ligg skikøyring naturleg for Hans Inge, og det ser leikande lett ut når Lars Erik og Hans-Inge svingar seg nedover bakkane i Myrkdalen. Hans-Inge kan verke tilsynelatande sindig, men idet han får ski på beina, og peikar tuppane i fartsretning kjem villdyret fram. Såleis minnar han ved fyste augneblink om Lars Erik, som også kan framstå som ein roleg og avbalansert kar. Sjølv om Hans-Inge er ny på laget er verken fart eller konkurransar nytt for han. Som tidlegare langrennsløpar, fekk han omsider oppleve ein skisport der naturopplevingar, fart og spenning står i fokus. Hans-Inge fekk ein smakebit av randosporten internasjonalt førige sesong, men det vert utruleg spennande å sjå kva han utrette denne vinteren. Med Lars Erik som fast treningspartnar og ein brennande iver trur eg Hans-Inge heilt klart kommer til å gjere seg godt bemerka i årets sesong. Glenn Tore og Lars Erik skal ikkje føle seg altfor trygge… 

Malene  

Det er ikkje lett å skulle beskrive seg sjølv, men er kan gi det et forsøk. Snill, pliktoppfyllande, ryddig, avbalansert, ærleg, ambisiøs, engasjert, positiv, reflektert, utadvendt, fleksibel, ansvarsfull og tåler stress. Legg meg tidleg kvar dag, et grovbrød med brunost til frukost, gulrøter til lunsj og en håndfull spinat til kvelds. Treninga går etter punkt og prikke, og eg får minimum 9 timars skjønnheitssøvn kvar natt. Alt ligg altså til rette for at eg blir verdens beste randoløpar denne vinteren. Eg ser på meg sjølv som bortimot feilfri, sjølvsagt. Det er nå i hvert fall dette som står i CV-en, rart eg ikkje får jobbtilbod kvar einaste dag……. Eg er nok langt ifrå perfekt, og kvardagen har gode og mindre gode tider. Men eg gler meg til det som kjem denne vinteren. Eg føler eg har lært mykje dei siste åra, både frå erfaringar og dei andre utøvarane på laget. Denne vinteren skal eg derimot verte lurare, enn før. Dersom det vert færre «arbeidstimar» på ski, skal dei timane eg får verte betre. Eg veit konkret kva eg skal jobbe med, og korleis. Eg skal verte ein betre skikøyrar, og eg skal nytte andre øvingsbilete for å nå dette målet. Eg skal også verte råare på kortare vertikale løp. Eg meistrar lengre distansar betre enn korte, noko eg ynskjer å gjere noko med i år. Fleire kvalitetsøkter saman med andre skal presse meg til å gi det vetle ekstra på trening. 

Me er blant dei fremste i landet på å bevege oss effektivt i fjellet med ski på beina. Denne vinteren skal me verte endå betre i det me meiner er verdens artigaste sport, omringa av dei vakraste kulissane.

Les også: Alt om topptur på utemagasinet.no

Les også: Turekspertene i UTE sine produkttester