MALENE HAUKØY

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og selvskreven på landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev

Eg tok meg friheita til å snylte nokre dialektgloser frå området Lom/Våga/Skjåk i overskrifta nettopp fordi det rimar betre enn slik eg ville sagt det sjølv: Gira på snø.

Ofte kan eg setje pris på desse styggværsdagane, eller perioder med mindre god snø nettopp fordi eg da får vandre kring i fjellet aleine. I år føler eg at eg ikkje har gjort anna. Kor blir det av «pudder til pungen» og «ski in, ski out», kor blir det av alle dei «stoka» skikøyrarane?

Dagens første treningsøkt er overstått, 1500 lettgåtte høgdemeter i duskregn i skiheisen Hodlekve. Ikkje favoritten, men er ein desperat nok duger alt! Det er lett å samanlikne snødjubda med fjoråret, og såleis verte skuffa. På denne tida i fjor møtte folk opp klare til ski både før og etter jobb, i dag fekk eg gå aleine. Grademålaren viser 10 varme.

Eg trur likevel ikkje det er grunn til å pakke ned skia, me er berre i byrjinga av januar, og sein vinter har me hatt tidlegare. Eg minnast ein snodig vinter i 2017 kor snøen brått forsvann i januar. Eg trilla rundt på sykkel i fjella kring Sogndal på det som var panserføre. Nokre veker seinare bada me i nysnø.

 

Eg trur det er mange som meg som lengtar stort etter snø. Store delar av landet er ramma av mildvær, skredfaren er stor og snøen dårleg. Ein og anna optimist dristar seg ut, men vert fort skuffa. Sambuaren har køyrt ihel 2 stykk ski grunna lite snø. Trikset er å smyge seg nedover, snirkle seg forbi steinar som så vidt er dekte, lette hopp over røter som ligg klare som ein krokfot etter å sette kjeppar i hjula for ein uviten skilaupar.  

Livbergande kunnskap 

Kva vil så skje den dagen det lavar ned og pudderalarmen uler for fullt? Det sit nok mange snøkåte sjeler der ute som er villige til å ofre jobb, familieselskap og søvn dersom snøen lavar ned. Kan det vere nokre som også er villige til å strekke strikken langt for å få førstespor? Dersom ein ikkje kjem først, må ein da utforske nytt, usikkert terreng? Lat oss berre håpe det ikkje er nokon som let iveren kommen framfor fornufta når vinteren først kjem! Med det meiner eg at ingen treningsøkter eller finne svingar er verdt livet i behald, enn kor fint det ser ut og kor ivrig ein er.

Som ein start på vinteren byrja randoneèlandslaget med skredkurs tidleg i Desember. Kvalitetsøkter og timar på ski i ein enormt viktig treningsperiode vart bytt ut med snøprofil, sender-mottakar test og teori om snødekke, omvandling og vurdering. Sjølv synda eg å fekk ikkje vert med på kurset, det betyr at eg må gjer heimeleksa og oppdatere meg på eigehand. Om det er ein ting eg har respekt for er det vær og forhold  fjellet. Mottoet må vere «nyskjerrig og aldri utlært»!

LES OGSÅ: De små drypps metode

«Me legg ikkje mykje fokus på dette livsviktige elementet utad, og ofte kan me nok framstå som vågal treningsnarkomane med eit fokus, trening.»

For meg er det viktig å svippe innom det viktigaste temaet for vinteren, sikkerheit, spesielt nå som eg sjølv og så mange trippar etter å komme oss på ski. Saman med mine landslagskollegaer i randoneè er me nok dei som tilbring mest tid i skredterreng. Ikkje fordi me køyrer så innmari bratt og tøft, men med daglege skiturar, og mellom 100.000- 150.000 høgdemeter på ski i løpet vinteren tilbring me svært mykje tid i fjellet omringa av snø. Altså potensielt skredterreng. Me legg ikkje mykje fokus på dette livsviktige elementet utad, og ofte kan me nok framstå som vågal treningsnarkomane med eit fokus, trening. Før ei kvar treningsøkt på ski, vurderer eg kor eg skal gå ut ifrå kven som er med og dei forholda som er. Det er ingen unntak.  

Med kakaoen ved mi side sit eg heime og leitar fram lekre bilete frå i fjor, slik at du som les kan misunne meg lite grand. Livet utad ser ofte rosenraudt ut, sanninga stemmer ikkje alltid. Men når snøen først kjem er eg nok blant dei første som brøytar meg oppover fjellsidene, og som postar provoserande, men og litt inspirerande pudderbilete i sosiale media. Om det er ein ting du som les kan vere sikker på så er det at eg kjem til å publisere bilete som kan sjå ekstreme og utfordrande ut, i realiteten krusar eg nedover eit 30graders heng langt frå terrengfeller og utløpssoner.

Tida me er inne i gir rom for å oppdatere og fornye kunnskapen om skred og snø, slik at ein når snøen kjem kan ta solide og godt grunna val før og undervegs på tur. Som praktikar vert eg fort søvning når den vetle skredboka kjem fram, det er rart kor beroligande effekt eit par linjer i innleiinga kan ha på kroppen. Etter ein 10-12 koppar kaffi, og eit brett red bull er eg likevel klar, og nokre viktige overskrifter får eg med meg. Som delvis motivasjon prøver eg å sjå tilbake på turar kor eg har vore usikker, og som har enda med å snu eller velje ei sikrare, kanskje mindre artig rute. Betre kunnskap skal gi meg tryggheit i valga ute på tur! Ei av mine evolusjonsmessige styrkar er ynskje om å overleve, er eg usikker kostar det meg lite å takke nei. Eg kan pushe grenser når det kjem til å slite med halvt ihel eller køyre fort, men eit så uforutsigbart moment som snø har ein ikkje kontroll over, og underkastar meg enkelt.

Det sit mange dyktige guidar og turentusiastar kring om, mange som er ekspertar på å flette teori og erfaring saman og såleis kan ta gode vurderingar. Eg trur likevel det finst mange som trur dei har betre kontroll enn dei eigentleg har. For meg er det lite som sjarmerer så mykje som folk som kan ta eigne val, og som innser at ein ikkje er uovervinneleg. Å vise svakheit er ein klar styrke, ikkje berre som mann som tyr til tårer heime på sofaen medan Titanic rullar og går, også ute i fjellet.

Eg håpar me alle er tålmodige og lure når snøen omsider kjem. Det er ikkje første, ei heller siste svingane på ski, i hvert fall ikkje om ein held seg på trygg grunn. Sjølv om me lengtar, draumer og planlegg alle dei «fete» turane som kjem, må me vere fleksible. Turplanen kan me gjere noko med, det kan me ikkje med forholda. 

Pudre på!! 

LES OGSÅ: Test av vintertelt